Amir Khan Muttaqi og andre representantar frå Taliban-leiinga var i Oslo i januar 2022, for å ha møter og forhandlingar med mellom anna Noreg sine myndigheiter. I juni 2023 var den islamistiske, afghanske leiinga på nytt i Oslo for å delta på ein konferanse om fred i regi av UD.

Kommentar:

Den vanskelege fredsdialogen

Det er ei spenning mellom det å legge til rette for dialog og det å fremme menneskerettar. Ofte står dei partane ein ønsker skal snakke saman bak grove menneskerettsbrot. Skal dei stengast ute frå fredsprosessar fram til dei har endra åtferd? Og kven skal få avgjere kva slags partar som kjem til orde?

Dette er ein kommentar. Meningar i teksten er skribenten sine eigne.

Noko av det mest utfordrande i dialogprosessar er at alle involverte partar ofte har utført grove menneskerettsbrot. Dei er lite villige til å snakke om sine eigne, men gode til å påpeike motpartane sine. Dette er ein mykje brukt strategi for å hente internasjonal støtte og sympati for eiga sak.

Mange vil hevde at ein berre kan sikre varig fred dersom ein tek eit oppgjer med tidlegare rettsbrot, og at forhandlingar og ein fredsavtale må inkludere og sikre grunnleggjande rettar. Stiller ein krav om det for å starte dialog kjem ein ikkje så langt.

Samtalar og forhandlingar inneber vilje til å gå i dialog med dei som har påført deg og dine menneskeleg tap, liding og sorg. Det er vanskeleg. Ofte må det ein ekstern part til for å legge til rette for forsoning. Det kan vere nokon frå sivilsamfunnet, respekterte leiarar eller ein ekstern aktør.

Noreg har tatt denne rolla i mange konfliktar. Nokre gonger har det lukkast, andre gonger ikkje. Det som er felles for fredsprosessane er at dei ofte har tatt lang tid.

Det krev mot å fremme dialog. Angrep på dialog som middel for å løyse konflikt må ikkje aksepterast, ingen er tente med det. Aller minst dei mange millionane uskuldige fanga i verdas mange konfliktar.

Feil fred

I slike prosessar ser ein kor djupt konflikten stikk, og kor vanskeleg det er for partane å gje opp måla og ideala dei har slåst og mobilisert støtte for. Det er utfordrande å erkjenne tap, og det fører ofte til motreaksjonar. Det kan vere å mistenkeleggjere motparten sitt motiv, framheve deira overgrepshistorie og bagatellisere eigen, eller også prøve å hindre dei i å målbere sine meiningar eller forståing av konflikten.

Diasporaen har ofte sterke meiningar her, mange har flykta frå konfliktar der identiteten deira er forankra hjå ein av dei stridande partane. Den er vanskeleg å gje opp, spesielt om du er på den tapande sida. Det ser me også her i Noreg. Det vart kampar mellom eritrearar i Bergen i haust, andre grupper er like delte, men tyr i det daglege til mindre valdelege midlar.

Fredsprosessar og oppgjer med menneskerettsbrot er vanskelege. Dette ser me svært godt i Afghanistan der Taliban tok makta i 2021. Mange i den vestleg støtta regjeringa, hæren og sivilsamfunnet vart evakuert eller flykta. Dei vart ein eksilbasert politisk og militær opposisjon.

Taliban tok kontroll over heile landet, men vart sanksjonert med krav om endring av kjønnsdiskriminerande praksis og monopolisering av makt. Ingen statar har anerkjend dei, vestlege land har stengd sine ambassadar og all bistand går no gjennom FN og organisasjonar. Denne tilnærminga har fått full støtte i deler av diasporaen. Enkelte oppmodar til og med om å kutte all støtte til Afghanistan på tross av den store fattigdomen og dei humanitære utfordringane afghanarane står overfor.

Etter to år og ei erkjenning av at sanksjonar ikkje har den effekten ein såg føre seg tek stadig fleire til orde for ein dialog med Taliban. Berre gjennom dialog, hevdar dei, kan ein få Taliban til å endre åtferd. Dette standpunktet vert dårleg motteke av den afghanske opposisjonen. Dei har gått til systematiske angrep på og uthenging av afghanarar, internasjonale organisasjonar, forskarar og land – som Noreg – som har synt vilje til dialog eller lagt til rette for det.

Når dialogen vert ein trussel

Motstandarane hevdar at dialog utgjer ei anerkjenning av Taliban sitt styre, eller at Taliban i det minste vil sjå det slik. Dei hevdar at dialog kan skape ei falsk tru på at Taliban vil endre politikk. Dei påstår at økonomiske interesser eller internasjonal merksemd er drivkraft for dei som ønsker å forhandle med Taliban, organisasjonar inkludert. 

Dei som held fram med å jobbe der eller reiser tilbake til Afghanistan for å utfordre Taliban på deira politikk bør kome seg ut, ikkje skape inntrykk av at dei faktisk kan få gjort noko. Gjere dei det er det heilt legitimt å henge dei ut i sosiale medier. Afghanske kvinneaktivistar, i mange tilfelle dei som tek sterkast til motmæle mot Taliban, er spesielt utsette for slik uthenging og kritikk.

Men kritikken går breiare. Ein eksilbasert afghansk tankesmie inviterte til møte der dei anklaga vestlege støttespelarar, omtala som kvite talibanar, for å ha promotere ein fredsavtale med Taliban, og at dei no pressar på for vidare kontakt.

Spørsmålet dei stiller er korleis slike individ og akademikarar kan haldast ansvarlege for fremming av ei slik undertrykkjande fredsløysing. Noreg vert gjort medskuldig, og får stadig kritikk for at Taliban vart invitert til Oslo for samtalar med afghanske sivilsamfunns-organisasjonar og givarar. Spesielt sidan møte ikkje medførte umiddelbar endring av politikken deira. Andre land må ikkje gjere same feila, dei må høyre på opposisjonen.

Her er det viktig å ha respekt for dei som er uro over utviklinga i Afghanistan sidan Taliban si maktovertaking, ikkje minst i forhold til jenter og kvinners sine rettar. Dei har fullt legitime grunnar til å målbere motstand og kritikk.

Samtidig må ein ha i mente at andre som fremmar den same kritikken over tiår har stått for like omfattande brot på menneskelege rettar som Taliban har. Mange av dei deler også deira syn på kvinners rolle i det afghanske samfunnet. For desse er ei mindre negativ framstilling av Taliban ein trussel mot at dei sjølve kan kome tilbake til makt, svart/kvitt bilete må for ein kvar pris oppretthaldast. Heldigvis prøver stadig fleire av dei genuine menneskerettsforkjemparane å distansere seg frå mobilisering til ny væpna konflikt.

To fundamentale dilemma

I det store bilete reiser slike former for organisert motstand mot dialog to fundamentale dilemma, utover at det for Afghanistan er ei hindring for intra-afghansk dialog og forsøk på tiltrengt politikk endring frå Taliban si side.

Det eine er at dei som påropar seg retten til å representere og verne om grupper sine menneskerettar, har ein strategi der dei nektar andre den same retten. Dei forlangar monopol på det rette narrative, det dei har. Dei som målber andre, og kanskje betre informerte synspunkt, vert ein trussel som må fornektast eller hindrast i å kome til ordet.

Det andre er at dei som nyanserer bileta av ein konflikt og prøver å finne løysingar som kan redusere vald og rettsbrot vert singla ut som fiendar av den «rette freden». Det gjere det legitimt i enkelte grupper å drive med uthenging, fordømming og målretta karakter-drap. Fakta må ikkje få makta, for å snu på Norad sitt slagord.

Mange vil derfor kvi seg for å initiere eller delta i dialog og fredsinitiativ, dei veit at det kan medføre store personlege og til tider organisatoriske kostnader og kostnader knytta til omdømme. Dei veit deira ytring vert angripe, det enklaste er å vere tause. Det krev mot å fremme dialog.

Angrep på dialog som middel for å løyse konflikt må ikkje aksepterast, ingen er tente med det. Aller minst dei mange millionane uskuldige fanga i verdas mange konfliktar.

Sunniva Kvamsdal Sveen

Jeg er debattjournalist i Panorama. Send meg gjerne en e-post med innlegg, svarinnlegg eller spørsmål.

Powered by Labrador CMS