Ein mann speidar utover Atacora-fjella i det fattige vestafrikanske landet Benin, som har høg statsgjeld. Verdsbanken vurderer no at heile 21 land i Afrika sør for Sahara enten ikkje klarar å betene gjelda si eller har høg risiko for dette.

Meninger:

Gjeld truar kampen mot fattigdom – kva er Tvinnereim sitt svar?

Me har sett det skje før. No er det i ferd med å skje igjen. Store gjeldsbyrder i fattige land truar kampen mot ekstrem fattigdom.

Dette er eit debattinnlegg. Meiningar i teksten er skribenten sine egne.

14. oktober vart årsmøta til dei kanskje viktigaste utlånarane i verda, Det internasjonale pengefondet og Verdsbanken, avslutta. 

Utviklingsminister Tvinnereim var til stades, men utan å ta initiativ til større grep for gjeldsslette eller ansvarleg långiving. Det harmonerer dårleg med Noregs historiske rolle og den nye gjeldskrisa som er under oppsegling.

For eit kvart århundre sidan var sletting av «u-landsgjelda» eit globalt folkekrav. Den internasjonale underskriftskampanjen fekk 24 millionar underskrifter og notering i Guinness rekordbok. Kampen vart også krona med reelle gjennomslag. Store gjeldssletteinitiativ vart sett i verk, og mange av dei minst utvikla landa fekk ein ny start.

Men no har gjeldsbyrdene igjen bygd seg opp på eit faretruande nivå. Dei auka rentene internasjonalt har kraftig forverra ei allerede høg gjeldsbyrde. Hjelpeorganisasjonen Oxfam åtvara nyleg om at gjeldskrisa kan føra til at fattige land må kutta budsjetta sine med 2400 milliardar kroner dei neste fem åra.

Nokre dagar seinare, i samband med FN-dagen for avskaffing av fattigdom, publiserte Norad ein ny rapport som fortel at 700 millionar menneske lever i ekstrem fattigdom. Talet har vore uendra eller svakt stigande sidan 2019. FNs første berekraftsmål er å utrydda all ekstrem fattigdom innan 2030. Men no peikar trendane mot at det vil vera rundt 600 millionar menneske som lever i ekstrem fattigdom i 2030, ifølgje Norad-rapporten.

Begge desse rapportane minner oss i Noreg om at auka renter, dyrtid, energikrise og veksande matprisar ikkje berre er ei innanrikssak, men i langt større omfang ei utviklingspolitisk krise.

Me er vitne til at den globale gjeldskrisa et seg inn på fattige land sine budsjett og tar frå menneske tilgang til skule, helsetenester og framtidsmoglegheiter. Ny gjeld bygger seg opp, mellom anna som følgje av lånefinansierte klimatiltak. 

Både Noreg og det internasjonale samfunnet må koma sterkare på banen. I botn må det ligga ei erkjenning av at ansvaret for gjeldskriser også er utlånar sitt ansvar. Ikkje berre låntakar.

I mars i år fremma SV forslag i Stortinget om å ta initiativ i FN til å etablera ein ny internasjonal gjeldshanteringsmekanisme. Me føreslo også å ta initiativ til bindande reglar for ansvarleg utlån. Forslaget vart stemt ned av regjeringspartia, Høgre og Frp.

Sidan den gongen har den aukande renta forsterka gjeldskrisa. No ligg ballen hos regjeringa. Det hastar at Tvinnereim kjem til Stortinget med regjeringa sin plan for å bremsa krisa.

Det er ikkje noko nytt at Noreg tar leiarskap i arbeidet med internasjonal gjeldspolitikk. Historisk har dette vore høgt på dagsorden for utviklingsministrar både fra blå og raudgrøn side. Utviklingsministrar frå KrF, SV og andre parti har markert seg både i Noreg og internasjonalt.

Den internasjonale merksemda fungerte. Store gjeldsbyrder vart sletta. I 2005 sletta Noreg på SV sitt initiativ, som første land i verda, gjeld med grunngivinga at me har eit medansvar som kreditor. Det var ein milepæl i arbeidet med ansvarleg långiving.

No er tida inne til å gjenreisa Noreg som ei leiestjerne i kampen mot ei global gjeldskrise. Me har strekt ut ei hand til regjeringspartia i Stortinget. Noreg har spelt, kan spela og bør spela ei sentral rolle i dette arbeidet også i tida som kjem.

Sunniva Kvamsdal Sveen

Jeg er debattjournalist i Panorama. Send meg gjerne en e-post med innlegg, svarinnlegg eller spørsmål.

Powered by Labrador CMS