Meninger:
Eit generasjonsval i Uganda?
Uganda er autoritært, men fredeleg. Er det dei unge sine ambisjonar som vil avgjere dette presidentvalet?
Dette er eit debattinnlegg. Meiningane i teksten er skribentens eigne.
I dag går ugandarane til valurnene for ellevte gang sidan deira første val i 1962. I tillegg til val, har også militærkupp gjentatte gangar vore årsaka til maktbytte i Uganda. Sidan Yoweri K. Museveni tok makta i 1986, har samtlege val resultert i attval. Det er ytterst få ugandarar som trur 2026-valet vil ende annleis. I ei stadig meir kaotisk verd, kva vil resultatet bety for dei unge i Uganda?
Dei fleste har aldri hatt ein annan president
Dersom Museveni vinn i 2026, går han inn i sitt førtiande år som president. Det vil seie at over 75 prosent av innbyggjarane aldri har hatt nokon annan president. I løpet av tida hans som president har Uganda gjort framsteg på fleire område. Nasjonal fattigdom har falle frå 56 prosent i 1992 til 26 prosent i 2023. Barnedødelegheita er drastisk redusert – frå 194 til 39 per 1000 barn siden 1986 – mykje takka vere suksessfulle vaksinasjonskampanjar og utdeling av myggnett mot malaria. Den nasjonale økonomien har vakse, og veksten har lege på rundt 5-7 prosent dei siste åra. Forventa levealder har auka frå 45 til 68 år i perioden 1986 til 2023.
Noko av det viktigaste for mange er at Museveni har sørga for fred.
Noko av det viktigaste for mange er at Museveni har sørga for fred. Etter fleire tiår med krig, der også hans eigen veg til makta var ved militærkupp, brukte han tid på å slå ned på militære grupperingar, og sørga deretter for å ta med ulike grupper inn i regjeringa. Dei forhandla med rebellar, og eks-rebellar fekk amnesti. Denne innsatsen for fred, står att som ei av dei største bragdene. Uganda er i tillegg ei trygg hamn for nesten to millionar flyktningar frå ulike land i regionen - DR Kongo, Sør-Sudan, Sudan og Eritrea. Uganda sin innsats som vertskap for flyktningar fortener ros og internasjonal støtte.
Ikkje rosenraudt
Ikkje all utvikling er positiv. Sjølv om BNP har auka, har også innbyggjartalet auka kraftig, og per capita er talet 1,077 USD. Samanlikna med Noreg, med våre 86,785 USD, har Uganda ein lang veg att å gå. Museveni sitt regime har gått hardt utover enkelte grupper. Seksuelle minoritetar lever farlege liv og lovgivinga er brutal. Menneskerettsforkjemparar og politiske opponentar blir utsett for brutal behandling og fengslingar, demokratiske prinsipp er under press, og sivilt samfunn har mindre og mindre handlingsrom.
Museveni har i valkampen slagordet «protecting the gains», og mål om at landet skal rykke opp til å få status som høgare mellominntektsland. Vil dette være godt nok for ugandarar flest? Den yngre delen av innbyggjarane, av Museveni ofte titulert «barnebarna», har sett unge sette hardt mot hardt i både naboland og andre stadar i verda. Dei kan kjenne på eit utolmod etter endring og betre utsikter, medan den eldre garde ofte set fredsargumentet høgt. Fred eller demokrati-avveininga er noko dei fleste politisk engasjerte ugandarar har sterke meiningar om, og i ei undersøking utført av Afrobarometer i 2025, meiner 75 prosent av de spurte ugandarane at konflikt mellom politiske parti «ofte» eller «alltid» leier til valdeleg konflikt.
Valet har konsekvensar for heile regionen
Valet vil medverke til å sette stemninga i ein region der nesten samtlege naboland står, eller har stått i, valdelige samanstøt, urolege val eller politiske konfliktar. Uansett kva veg det går, vil resultatet også ha innverknad også på denne stabiliteten.
Vil Uganda fortsette å vere eit stabilt, men restriktivt, land? Eller vil innbyggjarane krevje demokrati, koste kva det koste vil? Sidan det førre valet har unge menneske verda over i større grad brukt sosiale medium til å organisere seg. Ugandiske myndigheiter slo fast at dei ikkje skulle stenge internett under valet, men gav likevel ordre 13. januar om at internett skulle stengast ned. Dei har også samstundes sagt at å kringkaste opprør eller valdelege samanstøyt er ulovleg.
Uganda sitt val set tonen vidare for landets posisjon i ein uroleg region, og ei verd som stadig blir mindre demokratisk. Går ein av verdens yngste befolkningar inn i rekka av Gen Z-rørsler som krev ny politisk leiing, eller trumfar ønsket om stabilitet tørsta på endring?
Les meir her:
-
Opposisjonen utestengt – Juntavennlig parti vant første valgrunde i Myanmar
-
Konservativ seier i presidentvalget i Chile
-
– Regimet drepte over 2000
-
Derfor har ikke Ukraina holdt valg siden Russlands invasjon
-
Kuppbølgen i Vest-Afrika er ikke et farvel til demokratiet
-
– Presidenten undertrykker folket, men bader selv i luksus