Varsla mogeleg virus ved norskfinansiert fiskeopdrett i Mosambik. Så blei fisken selt ut av anlegget
Norge gav 111 millionar kroner til organisasjonen Norges Vel i perioden 2018 til 2024 for å drifte ferskvassoppdrett på landsbygda i Mosambik: – Ei mogeleg biologisk katastrofe, seier akvakulturkonsulent, Morten Frost Høyum til NRK.
– Eg må berre konstatere at norsk bistand, med opne auge, sette eit afrikansk land i fare for å bli ramma av ei mogeleg biologisk katastrofe.
Det seier akvakulturkonsulent, Morten Frost Høyum til NRK.
Han planla og leia oppbygginga av oppdrettsanlegget Cepaq i Mosambik i 2014. I januar 2018 slo han alarm om et frykta fiskevirus i anlegget. Både Norges Vel og mosambikiske myndigheiter blei varsla.
Konsekvensen av viruset, tilapia-virus eller TiLV, kunne bli opne sår og infeksjonar på fisken. Dessutan er dødelegheita høg og smittefaren stor.
Etter funn av viruset frå fleire positive testar anbefalte Høyum at fisken skulle bli destruert.
Det skjedde ikkje. Norges Vel seier at myndigheitene, som eig og driv Cepaq, var tydelege på at dei kravde dokumentasjon og nye uavhengige testar før destruksjon.
Settefisken blei selt ut av anlegget.
Norges Vel seier at det var mosambikiske myndigheiter som gjennomførte sal av settefisk. Det skjedde i strid med ein beredskapsplan som var på plass.
Dei forsvarar si handtering av saka.
– Vi vel å stole på eksterne evalueringar som slår fast at vår handtering var i tråd med internasjonal god praksis, seier kommunikasjonssjef Leif-Are Kristiansen i Norges Vel til NRK.