Syria er både landet flest flyktningar kjem frå og landet med flest internt fordrivne, ifølgje FN. Bildet viser syriske barn i ein leir nær Kafr Lusin på grensa mellom Syria og Tyrkia i 2019.
Syria er både landet flest flyktningar kjem frå og landet med flest internt fordrivne, ifølgje FN. Bildet viser syriske barn i ein leir nær Kafr Lusin på grensa mellom Syria og Tyrkia i 2019.

Meningar:

Vern av eller mot flyktningar?

At det globale flyktningforumet sikra 2,2 milliardar dollar til flyktningar, er berre ein dråpe i det store havet. Det kan nemleg sjå ut som at me har gjort flyktningar til brikker i eit politisk spel, der dei verken er velkomne i nabolanda eller i Europa.

Dette er ein kronikk. Meiningar i teksten er skribenten sine eigne. 

Konflikt, fattigdom, forfølging og rettsovergrep sender stadig fleire på flukt. Talet var rekordhøgt i september 2023, med 114 millionar fordrivne og 36 millionar av dei som registrerte flyktningar, ifølge tala på det globale flyktningforumet, som nett vart avslutta.

En del av dei som flyktar søkjer seg til Europa. Det kom truleg over ein million flyktningar i 2023, i tillegg til dei som flykta frå Ukraina, og opphaldskostnadane aukar. Men fleirtalet kjem ikkje så langt, dei vert værande i nabolanda eller stogga på vegen mot Europa.

Auke i flyktningtal medfører krav om strengare grensekontroll, raskare returar, at flyktningane vert støtta i naboland eller at mottak vert etablert der. Det presset skapar nye utfordringar for vern av flyktningane sine grunnleggjande rettar og kan gjere varig retur vanskeleg.

Fleirtalet flyktar til naboland 

Majoriteten av verdas registrerte flyktningar i 2022 kom frå tre land: Syria, Ukraina og Afghanistan, ifølje FN sin høgkommissær for flyktningar (UNHCR). Det gjaldt også for Europa, bortsett frå at tyrkarar var femte største gruppe utan om ukrainarar og fleire ser ut til å kome i 2023.

Det viktige er likevel at det store fleirtalet av flyktningar ikkje kjem til Europa eller Noreg. 70 prosent av flyktningane er i naboland, og 76 prosent er i låg- eller middelinntektsland.

Men mange flyktar ikkje utafor eige land, heile 71 millionar er rapportert som intern-flyktningar, som palestinarane fastlåst i Gaza. Syria er landet med flest intern-flyktningar ifølge Flyktninghjelpen, heile 6,68 millionar av ei befolkning på 21, 3 millionar, Afghanistan kjem på 6. plass med 4,4 millionar.

Ifølge UNHCR sin 2022-rapport husar Tyrkia flest registrerte flyktningar, heile 3,6 millionar, der fleirtalet er frå Syria. Dei er følgt av Iran med 3,4 millionar, fleirtalet er frå Afghanistan. Så kom Colombia med 2,5 millionar, Tyskland med 2,1 og Pakistan med 1,7 millionar, i tillegg kjem dei mange som ikkje har søkt om flyktningestatus eller heller oppheld seg illegalt.

Det er viktig å hindre at sårbare flyktningar vert nytta som brikker i politiske spel eller deira tryggleik nedprioritert, enten det er for innan- eller utanrikspolitisk vinning.

Asylmottak i tredjeland

Mange flyktningar døyr på farefulle reiser i stadig endra fluktruter. Det har medført strengare grenseregulering, men også forslag om å sende flyktningar til mottak i tredjeland der søknaden deira vert vurdert.

Den britiske regjeringa sin avtale med Rwanda om å opprette asylmottak der vart nyleg avvist av britisk høgsterett. Dei fann det lovstridig å sende asylsøkjarar til Rwanda ettersom landet ikkje kan reknast som trygt for flyktningar. Statsminister Sunak går likevel vidare med planlegginga, og land som Danmark og fleire politiske parti har fatta interesse for oppretting av slike asylmottak.

Flyktningane sitt rettslege og fysiske vern er viktig, men ikkje alle land har slutta seg til Flyktningkonvensjonen og ei rekke andre faktorar påverkar også fluktruter og framtida til verdas flyktningar.

I enkelte land avhenge opphald og støtte av internasjonale avtalar og finansiering, andre stader står det på nasjonalstatar sin vilje og økonomiske evne til å støtte flyktningar. Ein ofte undervurdert faktor er kva haldningar flyktningar vert møtt med i dei landa dei har flykta til eller vert returnert til. Og, om dei kan vernast frå å verte brikker i større politiske prosessar og spel.

Tyrkia sin sentrale rolle

Mange flyktningar som har Europa som mål endar opp i Tyrkia, nokon kjem direkte frå Syria og nokon via Iran.

Tyrkia inngjekk i mars 2016 ein avtale med EU-parlamentet om å hindre ulovleg migrasjon til Europa, og også ta tilbake avviste asylsøkjarar frå Hellas. EU-parlamentet løyvde 6 milliardar euro, seinare auka med 3 milliardar, for støtte til flyktningar i Tyrkia. Avtalen er vidareført på tross av enkelte brot og EU sin ambassadør til Tyrkia har nyleg signalisert at dei ønskje å forlenge avtalen og støtta.

Det er kanskje ikkje så enkelt. Den tyrkiske økonomien er sterkt forverra. Det har medført meir skepsis til flyktningar i den tyrkiske befolkninga, og dermed også hjå politikarane. President-valkampen våren 2023 vart ein kappestrid om å love den strengaste flyktningpolitikken. Kandidaten Kilicidaroglu lova å returnere alle flyktningar i Tyrkia, medan President Erdogan, som vant valet, lova retur av ein million syrarar innan eit år.

Desse skulle sendast til eit område i nord-vest Syria det Tyrkisk militære har innteke, men med pågåande væpna konflikt med kurdiske grupper. Mange syriske flyktningar motsette seg retur av frykt for tryggleiken, at det ikkje var heimeområde deira og uro over kva støtte dei ville få der.

Så langt er det uklart om eller når returplanen vert iverksett. Observatørar trur at president Erdogan ser ann haldningane til flyktningane i Tyrkia og om retur kan styrke  partiet hans, AKP, i lokalvala i mars 2024, og om han vil balansere tiltaka for å sikre vidareføring av EU-støtte.

Der britisk høgsterett vektla Rwanda sitt svekka rettsvern for å avvise samarbeid synest ikkje EU eller europiske land i like stor grad å anføre dette overfor Tyrkia, der det til samanlikning er tre urovekkjande forhold.

Det første er at Tyrkia berre delvis har slutta seg til FN sin Flyktningkonvensjon, det avgrensar flyktningane sine legale rettar. Det andre er spørsmålet om kor uavhengig det tyrkiske rettsvesenet er etter president Erdogan sin reform som sikra han større makt, og om flyktningar sitt rettsvern er godt nok ivaretatt. Det tredje er spørsmål om kven, om nokon, har rettsmyndigheit eller er anerkjend styresmakter i dei områda Tyrkia planlegg flyktningretur til i Syria. Og om Tyrkia vil utnytte ei målretta plassering av flyktningar der til annektering av området.

Medan framtida for syriske flyktningar er uavklara har Tyrkia alt innført ein langt strengare praksis overfor afghanske flyktningar, likeins som Iran og Pakistan.

Afghanske flyktningar

Afghanarar har flykta sidan Sovjet sin invasjon i 1979. Til tider har opptil ein femtedel av befolkninga vore flyktningar i Pakistan og Iran, og mange har vore arbeidsmigrantar der og i Midtausten. Kvart av dei mange maktskifta i Kabul har medført rundar med frivillig og tvungen retur frå nabolanda, og ny utmigrasjon. Mange flykta frå Afghanistan hausten 2021 etter Taliban si maktovertaking.

Ingen land har anerkjent Taliban-administrasjonen, og der er stilt krav om ei meir inkluderande regjering, endring av kjønnsdiskriminerande politikk og hindring av at terrorgrupper kan operere derfrå. Sanksjonar innført av USA og FN, saman med kutt i bistand, har ført til omfattande fattigdom og at 29,2 millionar (av om lag 40 millionar) ifølge FN treng humanitær støtte over vinteren. Det har likevel ikkje hindra nabolanda frå å returnere over ein million afghanske flyktningar i 2023, som tala nedafor syner.

Tyrkia har stengd grensa for nye flyktningar og returnert avviste med fly til Kabul. Alt i oktober 2023 hadde dei hindra 238 488 afghanarar frå å kome inn til Tyrkia, og 44 786 var deportert til Kabul i samarbeid med FN sin organisasjon for migrasjon (IOM). Returane har halde fram ut året, fleirtalet av dei deporterte er menn.

Iran har likeins som Tyrkia innført strengare kontroll med tilgangen av afghanske flyktningar og migrantar. Dei har i tillegg annonsert stogg i det pågåande helse og utdanningstilbod for afghanarar, aktivt oppmoda til retur og auka utvisinga av afghanarar utan opphaldsløyve. Første halvår av 2023 hadde 400 000 returnert frivillig, 310 000 var deportert. I motsetning til Tyrkia har Iran slutta seg til Flyktningkonvensjonen, utan at det har påverka den tvungne returen. Ei årsak kan vere auka folkeleg motstand mot å huse afghanarar, og dermed støtte for ein strengare returpolitikk.

Pakistan har gått lengst med å annonsere utvising av alle utlendingar utan opphaldsløyve, inkludert 1,7 millionar afghanarar, om dei ikkje har returnert frivillig innan 1 november 2023. Tidleg i desember hadde 450 000 reist tilbake, men det er uklart kor mange som reiste sjølve eller vart deportert.

Pakistan har heller ikkje fullt slutta seg til Flyktningkonvensjonen, og ein pressa statsøkonomi og dyrtid gjer auka folkeleg motstand mot flyktningar. Men styremaktene og hæren nyttar andre argument for tilbakesending enn Tyrkia og Iran.

Hovudargumentet er at flyktningar utan opphaldsløyve kan utgjere ein tryggingsrisiko, gitt ein auke i terrorangrep i Pakistan der hæren hevdar afghansk involvering og deltaking. Målet er at retur skal presse Taliban administrasjonen til å hindre nye angrep og utvise medlemmer av Pakistanske Taliban. Så langt har verken internasjonale oppmodingar om å bremse utvisingane eller å få pakistansk høgsterett til å stogge det ført fram. Unntak er at afghanarar med pågåande asylsøknader i andre land, som USA, ikkje vert utvist.

Same om landa i regionen nyttar forskjellige argumenta er resultatet det same for dei returnerte afghanarane. Dei endar opp i eit land avhengige av internasjonal humanitær støtte for å kunne hjelpe dei returnerte over vinteren og til å sikre ein varig retur. Ein så omfattande retur aukar konfliktnivået over land og jentene over 6. klasse vert, grunna Taliban sin restriktive politikk, hindre utdanning. Frykta er at manglande støtte kan igjen drive dei returnerte på ein ny farefull migrasjon. Menn for å sikre familien inntekter og jenter for å sikre seg utdanning.

Ei uløyseleg utfordring?

Det er vanskeleg å sjå enkle, gode og varige løysingar for verdas flyktningproblem, spesielt når flyktningane ikkje lenger er velkomne i naboland eller der pågåande konfliktar eller sanksjonar avgrensar høve til ein trygg og meir varig retur. At det globale flyktningforumet sikra lovander om støtte på 2,2 milliardar amerikanske dollar for flyktningar er ein dråpe i det store havet.

Samstundes er det viktig å hindre at sårbare flyktningar vert nytta som brikker i politiske spel eller deira tryggleik nedprioritert, enten det er for innan- eller utanrikspolitisk vinning.

Auke i flyktningtalet i Europa har medført auke i kostnader og negative haldningar til flyktningar i mange vertsland. Når det fell samen med auke motstand mot flyktningar i og reduksjon av bistand til land som husar eller det vert returnert flyktningar til, vert flyktningane sine utfordingar nesten uløyselege.

Det kan då høve med ei realpolitisk påminning om at avslutning av valdelege konfliktane eller hindring av nye er det som kan redusere flukt og legge til rette for meir varig retur. Det fordrar meir diplomati og løysingsvilje i ei djupt fragmenter verden, same om det er mangelvare kan det vere eit passande ønskje for 2024.

Sunniva Kvamsdal Sveen

Jeg er debattjournalist i Panorama. Send meg gjerne en e-post med innlegg, svarinnlegg eller spørsmål.



Powered by Labrador CMS