Leiarar og delegatar på folkehelsekonferansen CPHIA, som vart halde i Zambia frå 27. november–30. november. Med over 5000 deltakarar og 20 000 på nett, vart det den største folkehelsekonferansen i verda i år.

Meninger:

Afrikanske land vil endre dei globale helseinitiativa

Den internasjonale konferansen om folkehelse i Afrika har vore ein manifestasjon av eit sterkt Afrika som tar sin plass ved bordet, set eigne prioriteringar og søkjer afrikanske løysingar på Afrika sine utfordringar. Land i nord bør lytte. Dei bør redusere investeringar i vertikale helseprogram og fond styrt frå nord, og gå over til styrking av lokale og nasjonale helsesystem styrt frå sør.

Dette er ein kronikk. Meiningar i teksten er skribenten sine eigne.

Under den internasjonale folkehelsekonferansen i Zambia sin hovudstad Lusaka vart utkastet til «Lusaka Agenda» om framtidige globale helseinitiativ presentert.

Agendaen har til formål å få til ei meir effektiv og rettferdig finansiering av store globale initiativ, som Global Financing Facility, GAVI, Det globale fondet, FIND, CEPI og Unitaid.

Om Norge vel å følgje desse tilrådingane, gjev det signal om ei stor endring i norsk helsebistand, der berre om lag 15 prosent av pengane har gått til styrking av helsesystem, og dei store midlane nettopp har gått gjennom multilaterale organisasjonar, fond og finansieringsordningar.

Konklusjonane vert møtt med velvilje blant afrikanske land og i Afrika CDC, men med meir skepsis i dei store fonda. Det handlar jo om å gje frå seg styring, makt og prioriteringar frå givarane i nord, til mottakarland i det globale sør.

Konkret vert det foreslått fem strategiske endringar i den globale helsefinansieringa: større vekt på primærhelse og helsesystem, auka innanlandsk finansiering av helse, fokus på rettferd i helseutfall, globale helseinitiativ innretta etter nasjonale prioriteringar og støtte til forsking og utvikling, inkludert lokal produksjon av vaksiner og legemiddel.

Landa i sør ønskjer seg særleg ei meir rettferdig fordeling av vaksiner og mottiltak mot epidemiar og pandemiar. Prioritering av innsatsområda for bistand må skje på Afrikas premissar og ikkje ved styremøte i Oslo, London, New York eller Genève, meiner dei.

Eg trur dette er vegen å gå, og arbeidet må følgjast med ein forskingsstrategi som kan dokumentere effekt og nytte av ei slik omlegging på kort og lang sikt.

Det er gode grunnar til at nasjonale folkehelseinstitutt bør engasjere seg i det som skjer globalt, både ut frå eit nasjonalt perspektiv, men òg eit meir etisk perspektiv. Alle folkehelsekriser startar i eit lokalsamfunn, og ender der.

Bakteppet

Koronapandemien viste for alvor verda at alle land er avhengige av kvarandre for å kunne førebygge og handtere ei stor folkehelsekrise. I etterdønningane av pandemien skjer det mykje i internasjonale organisasjonar som burde engasjere mange. I Norges arbeid med global helse er det viktig å også forstå eit afrikansk perspektiv.

I november 2021 hadde om lag 90 prosent av dei som var tilrådd koronavaksine i Norge fått denne. I Afrika var det på same tid 7 prosent som var vaksinerte mot Covid. Dosar og produksjonskapasitet var kjøpt opp av verdas rike land, trass i forsøk på å etablere eit globalt system for rettferdig tilgang på vaksiner, kalla Covax.

Eit nytt pandemifond, med namnet «Pandemic Fund», er oppretta gjennom Verdsbanken og WHO for å førebygge framtidige epidemiar og pandemiar. Då pengane i første runde skulle fordelast våren 2023 vart Afrika CDC vurdert, men ikkje funne verdig å vere ein koordinerande partnar og gjennomførar for Afrika. 

Berre 5 av 37 land som fekk tildelt midlar var frå Afrika, sjølv om den største trusselen om framtidige pandemiar nettopp ligg i land med tett kontakt mellom dyr og menneske, som er tilfelle for mange land i Afrika.

I forhandlingane, som WHO sine medlemsland no gjennomfører i Genève, om justering av Det internasjonale helseregelverket (IHR) og eit nytt globalt regelverk for pandemiar, er det igjen motsetnader mellom det globale nord og det globale sør.

Låg- og mellominntektsland ønskjer å få inn meir forpliktande avtaler om rettferdig fordeling av vaksiner og mottiltak i bytte mot deling av genetiske kodar for smittestoff som bakteriar og virus.

I den siste rapporten til «Global Preparedness Monitoring Board», som vart lansert 30. oktober i år, skriv dei at verda framleis er dårleg budd i høve til global helseberedskap, og mest står att i fattige land, både med tanke på overvaking, rapportering og finansiering.

Global helse er lokal helse

Det er gode grunnar til at nasjonale folkehelseinstitutt bør engasjere seg i det som skjer globalt, både ut frå eit nasjonalt perspektiv, men òg eit meir etisk perspektiv. Alle folkehelsekriser startar i eit lokalsamfunn, og ender der.

I Norge var det kommunane som tok ansvaret under pandemien, og som skal ha mykje av æra for at vi kom oss relativt velberga gjennom krisa.

Om ein manglar lokal kapasitet til å handtere dei daglege oppgåvene og utfordringane, korleis kan ein då klare å handtere ei krise? Det beste bolverket mot folkehelsekriser nasjonalt og globalt er sterke velfungerande helseinstitusjonar- og system på alle nivå i alle land.

Tilgang på gode data om folkehelse er ein del av dette.

Etter dagens internasjonale helseregelverk, IHR, er alle land forplikta til å helpe og støtte kvarandre med å få på plass nødvendig infrastruktur og kapasitet for folkehelse, som laboratorie- og overvåkingssystem, personell og planar for å kunne handtere ei krise.

Dette har i stor grad vore ein sovande artikkel i regelverket, som mange låg- og mellominntektsland no vil legge konkret innhald i.

FHI, Norad og ei rekkje norske utdanningsinstitusjonar har i lang tid støtta partnarland i sør. Det er mange helseleiarar i Afrika som har fått sin master- eller doktorgrad i Norge. Langsiktige og likeverdige partnarskap er vegen å gå.

Ny Afrika-strategi

Utanriksdepartementet arbeider med ein ny, norsk Afrika-strategi. Den skal etter planen vere ferdig våren 2024. FHI og andre interessentar i Norge har fått høve til å gje innspel. Det er bra. Endå viktigare er det at relevante land, partnarar og organisasjonar i Afrika får høve til å spele inn. Det er mitt inntrykk at så er tilfelle.

Strategien må på ein god måte spegle eit nytt bilete av Afrika. Vi må bort frå ei tradisjonell bistandstenking og over mot støtte til breie, langsiktige likeverdige partnarskap. Norges over 50 år lange støtte til Armauer Hansen Research Institute i Etiopia er eit døme på slik støtte. Dette er no statens leiande mikrobiologiske forskingsmiljø i Etiopia med over 500 tilsette.

I Afrika CDC jobbar eg saman med afrikanske kollegar med spisskompetanse og breiddekompetanse og god forståing for Afrika sine utfordringar. Mange er utdanna ved dei beste universiteta i verda. Dei har kunnskap og sjølvtillit og tru på sitt eige folk og kontinent. Her er fagfolk frå nesten alle land i Afrika og nokre få eksterne rådgjevarar, frå Kina, USA, Storbritannia, Japan og Norge. Her jobbar USA og Kina godt side om side om faglege folkehelseutfordringar. Å støtte regionale og nasjonale folkehelseinstitusjonar er viktig.

Vi må bort frå at dei store investeringane i global helse skal gå gjennom vertikale program og fond, som vert styrt frå givarar i det globale nord. Og over til styrking av helsesystem, helsepersonell og institusjonar, lokalt og nasjonalt styrt frå det globale sør, som kan handtere alle sjukdommar, både smittsame og ikkje smittsame, og beredskapssituasjonar.

Klima og helse vil vere svært viktig for Afrika framover. Tiltaka for å avgrense klimautslepp må først og fremst skje i vår del av verda. Konsekvensane av klimaendringane ser vi allereie tydeleg i mange land i Afrika. Avskoging, tørke, flaum og temperaturauke gjer det vanskeleg å leve av enkelt jordbruk. Sikker tilgang på næringsrik mat er ein føresetnad for god helse, og var kanskje den viktigaste faktoren for å få kontroll på smittsame sjukdommar i Norge. Framleis er tuberkulose ein av dei viktigaste dødsårsakene i Afrika.

Les også: Afrika-strategien må sette afrikanere i fokus, ikke kappløpet om innflytelse på kontinentet

På tide å avkolonialisere global helse

Arbeidet med folkehelse er tverrsektorielt, både globalt og lokalt. Ein må sjå miljø, dyrehelse og folkehelse saman i eit «ei helse» perspektiv.

Det er god grunn til optimisme når det gjeld utviklinga i Afrika. Mange land som har satsa på primærhelse og gode folkehelsetiltak har gjort store framsteg i levekår og leveår. Mykje står att.

Norge bidrar allereie i langsiktige partnarskap der prioriteringane i større grad vert lagt av dei landa ein samarbeider med. Dette bør prioriterast vidare. Då er det er positivt å lese dette frå Utanriksdepartementet sin proposisjonstekst for 2024:

«Regjeringen vil bidra til tettere internasjonalt helsesamarbeid og styrket global helseberedskap slik at verden kan forebygge, tidlig oppdage og raskt respondere på nye eller vedvarende infeksjonstrusler og resistensutvikling.»

Sunniva Kvamsdal Sveen

Jeg er debattjournalist i Panorama. Send meg gjerne en e-post med innlegg, svarinnlegg eller spørsmål.



Powered by Labrador CMS