Revidert nasjonalbudsjett:
Hermstad om bistand i budsjettavtale: – Ikkje godt nok
MDG, SV og Raudt får reversert fleire bistandskutt. Men sjølv etter forhandlingane med regjeringa meiner Arild Hermstad at hovudproblemet står fast: At rekninga for flyktningutgifter i Norge blir dekt med bistandsbudsjettet.
No er budsjettavtalen mellom Ap-regjeringa og støttepartia i Stortinget klar. Resultatet er at nokre av bistandskutta som regjeringa føreslo, blir reversert – men langt frå alle.
– Vi er fornøgde med å ha fått reversert ein god del av kutta. Vi skulle gjerne ha fått reversert alt, seier Hermstad til Panorama søndag kveld.
Marin forsøpling og klimabistand
I avtalen blir 50 millionar kroner sett av til å reversere kuttet i arbeidet mot marin forsøpling. I tillegg blir 50 millionar kroner tilbakeført til klima- og miljøbistand.
SVs Marthe Hammer seier til Panorama at partiet er fornøgde med avtalen.
– Vi er så glade for å redde informasjonsstøtta. I ei tid med store globale bistandskutt er vi heilt avhengige av organisasjonar som informerer om utviklingspolitikk og engasjerer folk, seier ho.
Det blir også sett av 16 millionar kroner i eittårig støtte til fleire namngitte frivillige organisasjonar. Pengane vert fordelt slik:
• Attac: 1,5 mill. kroner
• Spire: 1,5 mill. kroner
• Miljøagentene: 1,0 mill. kroner
• Changemaker: 1,5 mill. kroner
• Afghanistankomiteen: 1,5 mill. kroner
• Naturvernforbundet: 1,0 mill. kroner
• Fellesrådet for Afrika: 1,5 mill. kroner
• Støttekomiteen for Vest-Sahara: 1,5 mill. kroner
• Norges Kristne Råd: 1,0 mill. kroner
• Norway Cup: 1,0 mill. kroner
• FOKUS: 1,5 mill. kroner
• Utviklingsfondet: 1,5 mill. kroner
Men hovudgrepet Hermstad kritiserte då regjeringa la fram sitt forslag tidlegare i mai, blir ståande: Regjeringa brukar framleis bistandsbudsjettet til å dekke auka flyktningutgifter i Norge. Då regjeringa la fram revidert nasjonalbudsjett, foreslo ho å omprioritere om lag 655 millionar kroner innanfor bistandsbudsjettet for å dekke auka utgifter til ukrainske flyktningar i Norge.
– Den logikken som Finansdepartementet har lagt på dette, er heilt feil. Når Norge brukar meir pengar på flyktningar her, så går det ut over dei aller fattigaste. Det er ei veldig dårleg ordning, seier Hermstad.
Då forslaget frå regjeringa kom, kalla Hermstad det «hjarterått».
På spørsmål om resultatet framleis er «hjarterått», svarar han:
– Vi har klart å gjere det betre. Så er det ikkje godt nok.
Hammer i SV seier det slik:
– Vi er veldig fornøgde med å reversere delar av regjeringas usolidariske bistandskutt. SV kjempar alltid for bistand. No sørger vi for at det viktige arbeidet mot global plastforureining, fortset, seier SVs finanspolitiske talsperson.
Krevjande forhandlingar
Hermstad seier forhandlingane med regjeringa har vore svært krevjande.
– Det var ekstremt oppoverbakke. Alle løyvingar som har vore gitt i dette budsjettet, har sete langt inne. Det har vore knalltøffe forhandlingar heile vegen, seier han.
Samtidig som fleire bistandskutt blir delvis reverserte, blir det i følge avtaledokumentet gjort eit nytt kutt på 25 millionar kroner på UDs budsjett til internasjonale organisasjonar. Panorama får opplyst frå kjelder tett på forhandlingane at dette kuttet handlar om justert kronekurs og redusert etterspurnad til FNs styrkar – og at det derfor i realiteten ikkje skal handle om eit kutt.
Hermstad seier MDG vil halde fram kampen mot at flyktningutgifter i Norge blir førte på bistandsbudsjettet, både i arbeidet med regjeringas varsla utviklingsmelding og i dei neste budsjettforhandlingane.
– Vi kjem til å stå veldig tydeleg i den kampen. Den logikken er rett og slett ikkje riktig, seier han.