Panorama nyheter er et uavhengig nettsted om bistand, globale forhold og internasjonal utvikling. Sjefsredaktøren er ansvarlig for innholdet.
Kristne Adara-bønder deltok på ei gudsteneste i Kajuru i Kaduna-delstaten. Gudstenesta fann stad ikkje lenge etter at kristne frå Adara-folket og muslimar frå Fulani-folket vart drepne i angrep i Kaduna før 2019-valet. Foto: Luis Tato / AFP / NTBLUIS TATO
Meningar:
Livsfarlege religiøse skiljeliner i Nigeria
Terroren blir meir og meir religiøst grunngjeve i Nigera. Det er det farleg å oversjå.
Publisert
Dette er eit debattinnlegg. Meiningar i teksten er skribenten sine eigne.
Johannes MorkenJohannesMorken
Redaktør i Stefanusalliansen, ein kristen organisasjon med fokus på menneskerettane
Denne uka går folket i Nigeria til valurnene. Dette
er det sjuande valet sidan landet gjekk tilbake frå militærstyre til eit demokratisk styresett i 1999.
Årets val kan
bli det viktigaste til no, og det er avgjerande å få til et fredeleg val som verkar samlande og ikkje polariserer endå meir, både for Nigeria og heile regionen.
Polariseringa og fattigdommen aukar i
det mest folkerike landet i Afrika. Det er farleg. Så kjem dei store tryggingsutfordringane, med terrorgrupper, kriminelle bandar, drap og
bortføringar. Årsakene er samansette. Aukande fattigdom og arbeidsløyse gjer
rekrutteringa lettare. Våpen over grensene er krevjande å stogga. Det er heller ingen tvil om at regjeringa og tryggingsstyrkane har svikta.
Angrep på moskear og kyrkjer
Det får ofte ikkje nok merksemd at religion diverre er ein motor i terror og vald. I det muslimske nord har islamistiske Boko Haram terrorisert både kristne og moderate muslimar, drepe titusenvis og drive millionar på flukt. Den islamske staten Vest-Afrika-provinsen (ISWAP) har òg i aukande grad trappa opp angrepa sine.
Blodige
angrep på moskear nord i Nigeria vekkjer uhygge. Søndag 15. januar blei ein
katolsk prest i delstaten Niger brent
til døde då terroristar sette fyr på prestegarden. Isaach Achi overlevde jula
2011 eit terrorangrep på kyrkja der han den gongen var prest. No er han død.
Prestekollegaen hans klarte å flykta med skotskadar.
Kven som stod bak angrepa, er ukjent. Men
ingen treng vera i tvil om at mykje terror er målretta. I fleire område er det
reell frykt for at målet er å fordriva kristne.
I statane sentralt, der det bur både
kristne og muslimar, har konflikten om kontroll over land og vatn vart lenge,
mellom ulike folkegrupper. Fulani-gjetarane er hovudsakleg muslimar, dei
fastbuande bøndene er ofte kristne.
Den tragisk konflikten har dei siste åra
blussa meir opp med tyngre våpen. Fulani-milits har i aukande grad retta målretta
angrep på kyrkjer og prestar. Like
før jul og i julehelga vart minst 46 drepne og mange titals kristne
bortførte i angrep på fleire kristne landsbyar i den sørlege delen av Kaduna,
eit episenter for terror.
Terroren har dessutan spreidd seg også til
det hovudsakleg kristne sør. Det
massive terrorangrepet mot ei kyrkje på pinsedag i fjor i byen Owo i
delstaten Ondo vekte rettkomen oppsikt. Samtidige målretta terrorangrep mot
kristne landsbysamfunn i Kaduna sentralt i landet gjekk nesten under den
vestlege radaren. Skrekknyhenda derifrå er blitt så mange.
Diverre blir religion meir og meir politisert i Nigeria. Somme stader kjenner
kristne samfunn seg pressa til å ty til våpen for å forsvara gudshusa sine. Når
regjeringa og tryggingsstyrkane ikkje maktar å verna folk, må folket sjølve
forsvara seg. Dette er ein livsfarleg spiral.
Nigeria har nær ei jamvekt mellom muslimar
og kristne. På grunn av sterke spenningar mellom det muslimske nord og det
kristne sør handlar meir og meir om religion. Folk
identifiserer seg i svært stor grad med kva religion dei høyrer til.
I Nigeria er systemet at dersom
presidenten er muslim, skal visepresidenten vera kristen. Denne gongen stiller det
regjerande partiet, All Party Congress, overraskande nok med ein
muslim både som presidentkandidat og visepresidentkandidat. Det er
sjølvsagt råd å stemma på parti som har delt listetopp. Men grepet til All
Party Congress har skapt spørsmål og uro for islamisering.
Ei av mine kjelder i Nigeria er uroleg: «Dersom
vi ikkje adresserer etnisitet, religion og arbeidsløyse, risikerer vi at desse
spørsmåla vil ‘eta opp’ landet. Grupper vil bryta ut og laga eigne statar», fryktar
Kolade
Fadahunsi.
Han er ein kristen som samlar muslimske og kristne leiarar til
dialog. Dei har møttest før valet for å sjå kva dei kan bidra med overfor andre
religiøse leiarar, for å dempa polariseringa. Dei etterlyser moralsk autoritet
for å fremja nasjonal leiarskap, godt styresett, sosial rettferd og likskap, og fredeleg
sameksistens.
Den muslimsk-kristne gruppa dyrkar håpet.
Deira mål er at når folk går til val, må dei stemma som borgarar av Nigeria,
ikkje etter religiøs eller etnisk bakgrunn. Diverre er det langt fram. Men det
er viktig å kjempa for å snu Nigerias farlege ferd.