Meiningar:
Bistand 2.0 – for andre gang
Tankane mine om eit tydelegare skile mellom solidariske bidrag til verda og bidrag for å løyse felles utfordringar, har skapt debatt. Eg kan avsløre at det var poenget. Det finst knapt 50 milliardar kroner på det norske statsbudsjettet som er mindre debattert. Dessutan krev verda nytenking av oss.
Dette er eit debattinnlegg. Meiningar i teksten er skribenten sine eigne.
Mitt essay «Bistand fordi vi tener på det» i Morgenbladet 5. januar har skapt debatt i fleire flater, i Panorama, på Dagsnytt 18 og i Morgenbladet.
Eg har grunnleggande sett to poeng. For det første står bistanden i fare for å bli ein boks for all internasjonal finansiering. Bistandens offisielle hovudmål står fast, men realiteten er endra. Nye mål (berekraftsmåla) og nye globale kriser utvidar den reelle bruken av bistand. Eg trur ei opprydding kan gje auka effektivitet.
For det andre har eg åtvara mot at bistanden er i ferd med å bli eit tak, ikkje eit golv, for dei enorme investeringane som må gjerast for å nå berekraftsmåla. Behova aukar, men ressursane aukar ikkje tilsvarande. Klimafinansiering og andre globale gode vert putta inn under dette taket. Eg trur vi må endre kartet for å handtere dette terrenget.
Innretninga vil bidra til globale fellesgode, i tillegg til solidaritet. I vår samanvovne verd har vi ei breiare eigeninteresse av å løyse felles problem.
Dette er Bistand 2.0
Eg skisserte difor Bistand 2.0 som er langt større. Problema vi er satt til å løyse har løpt frå dei finansieringsnivåa som tradisjonelt var sett på som ambisiøse. Berre klima treng 1000 milliardar kroner i året, fire–fem gongar all global bistand.
Men med Bistand 2.0 vil vi ha større evne til å mobilisere private investeringar, og utfordre privat sektor til å vere ei viktigare del av løysinga – særleg på klima- og miljøfeltet.
Innretninga vil bidra til globale fellesgode, i tillegg til solidaritet. I vår samanvovne verd har vi ei breiare eigeninteresse av å løyse felles problem. Som Reid-Henry og Jumbert argumenterer for i sitt innlegg i Panorama, kan vi ofte få til både solidaritet og eigeninteresse.
Dette vil vere meir effektivt. Som ekspertgruppa nedsett av regjeringa peika på i fjor, har bruken av bistand blitt utvida til veldig ulike tiltak – til dels med uklar effekt på hovudmålet. Rapporten deira foreslo difor ei klårare arbeidsdeling mellom målet om å utrydde fattigdom, og andre mål.
Bistand 2.0 vil også vere både sosial og grøn. Å bidra til utvikling utan omsyn til den omstilling verda er i gang med, vil være dumt. Å bidra til å løyse globale problem utan omsyn til utvikling er ikkje bistand.
Ulike meiningar
Dei fem svara eg har fått til no representerer eit bredt spekter av synspunkt. Simon Reid-Henry og Maria Gabrielsen Jumbert frå PRIO synast å støtte tenkinga, men meiner eg er alt for lite ambisiøs. Hans Jacob Huus Thomsen og Maria Bakken frå Civita er også positive, men meiner først og fremst norsk bistand treng færre og tydelege mål. Eg forstår Ottar Mæstad frå CMI sitt innlegg som positiv til eit skarpare skilje mellom fattigdomsreduserande bistand og fellesgode, men han vil gå lenger: Globale fellesgode må handterast av andre departement.
I Norad sitt tidlegare arbeid har vi vore inne på det same, at departementa må ta meir ansvar for internasjonal finansiering av globale fellesgode som klima og pandemiberedskap på sine felt. Det gjer meining.
La meg bruke mest plass i svaret på dei to siste innlegga: CARE-leiar Kaj-Martin Georgsen har ei meir konservativ tilnærming, og vil behalde dagens måte å tenke på. Han peikar på at det ikkje er eit opplagt skilje mellom globale gode og landbasert bistand. Det har han delvis rett i. Dagfinn Høybråten, leiar av Kirkens Nødhjelp, åtvarar mot dei skarpe eigeninteressene, og held fram den solidariske arven.
Det ville gi ein betre demokratisk debatt om ein tydeleg skil mellom finansiering av vårt solidariske bidrag til verda og våre bidrag til felles truslar innanfor område som klima og helse.
Svar på kritikken frå Georgsen og Høybråten
For å starte der: I mi deling ligg inga normativ vekting, slik det kanskje kan synes som Georgsen og Høybråten les meg. Tvert om, begge delar er like viktig og moderne. Eg vil beskytte bistandens kjernemandat, og sikre effektiviteten i det.
I dag blir bistandsbudsjettet brukt til ganske mange ting som heilt sikkert ikkje er det mest effektive for kjernemandatet. Dette mandatet, å avskaffe fattigdom, er for viktig til å kaste vekk knappe midlar.
Samstundes ser eg enorme behov for investeringar i globale fellesgode som må kome i tillegg. Eg meiner det er sakleg riktig og legitimt – ja, viktig – å seie tydeleg at utan ein parallell forplikting på dei globale fellesgoda vil dette over tid redusere den tradisjonelle bistanden kraftig, ein prosess som alt har starta.
Georgsen sitt beste argument synest eg er at vi veit kva vi har. Bistand er dokumentert effektivt, og har bidratt til økonomisk vekst, utdanning, drastisk nedgang i mødre- og barnedødelegheit, for å nemne noko. Men eg trur vi kan enno betre, og at vi må finansiere enno meir.
Det er også sant at skiljet eg foreslo ikkje er absolutt. Det finns uklåre overgangar. Alt heng saman med alt anna, men vi har likevel ikkje eit departement eller eit budsjett for alt. Vi deler opp i ulike område med sine mål, for å sikre effektiv ressursbruk.
Ei viktig tema for både Georgsen og Høybråten er å beskytte bistand til verdas fattigaste mot at andre omsyn kjem inn. Men det Kaj-Martin Georgsen og Dagfinn Høybråten utrykker frykt for, skjer i dag. Delen av bistanden til dei fattigaste landa går ned. Veksten kjem på klima, Ukraina og flyktningutgifter.
Med dei utviklingstrekka vi ser rundt oss trur eg snarare mi tilnærming kan gi meir i sum, ikkje mindre. Men det veit ingen av oss. Det eg derimot er sikker på er at det ville gi ein betre demokratisk debatt om ein tydeleg skil mellom finansiering av vårt solidariske bidrag til verda og våre bidrag til felles truslar innanfor område som klima og helse.
Byggjer på ekspertrapport
Vi vil alle vere originale, eg også. Men i dette tilfellet må eg innrømme at mykje av mi tenking kjem frå den uavhengige offentlege ekspertgruppa som regjeringa sette ned.
Den formulerte seg samrøystes slik: «Effektive investeringer og koordinerte internasjonale innsatser fordrer klare og entydige mål. Gitt problemenes og utfordringenes økende kompleksitet […] er det nødvendig å rydde i og justere mål og tilhørende investeringer i norsk utviklingspolitikk.» Og konkluderte mellom anna med at «Norsk utviklingspolitikk bør ha en tydelig fattigdomsprofil, men også et sterkere fokus på å løse globale fellesutfordringer.»
Dette er no ein levande internasjonal debatt for dei som arbeider med utvikling, og vi merkar stor interesse for ekspertgruppa sitt arbeid. Grunnen er enkel – denne utfordringa merkast også i andre givarland. Eg er glad for at dette fører til viktig debatt i Noreg, og vonar også det politiske Noreg vil plukke opp hansken frå ekspertgruppa.
Les meir frå debatten om Bistand 2.0:
-
Dele på regningen – et alternativ til Bistand 2.0
-
Bistand as usual?
-
Tvinnereim bestilte rapport til 2,7 millioner kroner – hovedanbefaling ble aldri grundig vurdert, mener bistandsekspert
-
– Bistanden dreies både tematisk og geografisk bort fra fattige land
-
Verdensbank-topp: – Vi ønsker ikke en avveining mellom klima og fattigdomsreduksjon
Sunniva Kvamsdal Sveen
Eg er debattjournalist i Panorama. Send meg gjerne ein e-post med innlegg, svarinnlegg eller spørsmål.