Forvaltninga under lupa
2003 blir eit spennande år for alle som jobbar med utviklingssamarbeid. Heile bistandsforvaltninga skal evaluerast. Det kan få innverknad på både strategi og organisering. Bakgrunnen for evalueringa er «Regjeringas handlingsplan mot fattigdom» og «Prosjektet for modernisering, effektivisering og forenkling i offentleg sektor» som også er eit initiativ frå regjeringa.
Det blir sjølvsagt mest spennande for oss som jobbar i ulike ledd i forvaltninga og i departementet, men også for dei frivillige organisasjonane og ulike fagmiljø som me finansierer. Spennande for oss og forhåpentlegvis nyttig for samarbeidslanda.
Å bli sett under lupa på denne måten kan skape frykt. Frykt for å miste jobben. Frykt for store endringar i arbeidssituasjonen. Frykt for at nokon har skjulte agendaer. Me vel å tru at det meste av frykta er ugrunna og at dei ansvarlege klarar å halde alle involverte godt informerte i prosessen.
For to år sidan var NORAD gjennom ei stor omorganisering. Den var vellykka, ikkje minst på grunn av løpande informasjon og fordi den var godt grunngjeve i at nye arbeidsformer kravde ny organisering.
God informasjon og openheit vil også i dette tilfelle gjera det lettare å fokusere på mogelegheitene. For det er dei som fortener energien til alle involverte. Høvet til å få til ei meir heilskapleg tilnærming til utviklingssamarbeidet. Det er viktig at me innrettar oss på ein måte som gjer det mogeleg å sjå alle bidraga våre i samanheng. Kortsiktig og langsiktig - bilaterale og multilaterale - sivilt samfunn og næringsutvikling, ja, alle dei ulike bistandsformene er viktige for resultata av den samla innsatsen.
Og kanskje endå viktigare er det at bistanden blir sett i samanheng med andre faktorar som påverkar eit lands utvikling. Bistand er viktig, men handel, gjeld, investeringar, politikken til internasjonale finansinstitusjonar og økonomisk politikk i samarbeidslanda er endå viktigare.
I mandatet for evalueringa blir mogelegheitene for å gjera ein betre jobb trekte fram. Det er ei målsetting me alle delar.