Generalsekretær Natalia Golis trur ikkje mange i vestlege land forstår kor åleine ukrainarane kjenner seg. Derfor reiser ho og frivillige tilbake til fronten, igjen og igjen.

Natalia Golis i Fritt Ukraina:

– Ukrainarane veit at dei er åleine

Natalia Golis har reist til Ukraina rundt 40 gonger sidan fullskalainvasjonen. Ho meiner den viktigaste støtta ikkje berre er pengar og dronar, men å vise ukrainarane at dei ikkje er gløymde.

Publisert Sist oppdatert

– Viss du skal ta oss med til fronten, når du kjem fram dit, kva er det som møter deg der?

– Det første som slår deg når du kjem fram til frontområda aust for Kharkiv, eller køyrer frå Dnipro ned mot Zaporizjzja, er dronetunnelane.

I podkasten Verdensproblemer fortel ho om ein krig som har endra seg dramatisk det siste året.

Høyr podkasten her

Langs vegar inn mot frontnære område er fiskegarn spent opp for å verne bilar og sivile mot russiske dronar.

– På grunn av den totalt metta himmelen av dronar, har det blitt ein normaltilstand å køyre langs vegar, hundrevis av kilometer, i fiskegarn som er spent over vegen, seier Golis.

Ho meiner netta viser korleis det unormale er blitt normalt.

– Det er ikkje normalt at ein heil by i Izium er dekt av fiskenett for å kunne gå på butikken.

– Ukrainarane veit at dei er åleine

Fritt Ukraina har vakse til å bli ein av Europas største sivile organisasjonar som støttar ukrainske forsvarsstyrkar med materiell. Organisasjonen leverer mellom anna luftvernsdronar, bakkedronar, køyretøy, energikjelder og kommunikasjonsutstyr.

Men for Golis handlar arbeidet også om å vere til stades.

– Sist eg var i Kramatorsk, og vi reiste ned langs linja til Pavlograd og Zaporizjzja, var det ingen utlendingar å sjå. Ingen FN-bilar, ingen organisasjonar med logo, seier ho.

Installering av fiskegarn langs ein veg utanfor Kharkiv.

Ho meiner fråværet gjer noko med ukrainarane.

– Ukrainarane veit at det berre er dei som kan redde Ukraina. Dei er ekstremt takknemlege, men dei veit at dei er åleine. Dette må dei fikse sjøl.

Difor meiner ho det betyr mykje å kome tilbake, gong etter gong.

– Det er viktig at vi dukkar opp fysisk som medmenneske, tar dei i handa og drikk kaffi med dei på ein fortauskafé.

Fritt Ukraina

  • Fritt Ukraina er ein norsk, ideell organisasjon.
  • Organisasjonen vart grunnlagt i 2022, med Høgre-politikar Peter Christian Frølich som ein av initiativtakarane.
  • Fritt Ukraina samlar inn pengar og utstyr til ukrainske forsvarsstyrkar og sivile beredskapsmiljø.
  • Natalia Golis er generalsekretær i organisasjonen.
  • Fritt Ukraina fekk Sønstebyprisen i 2026. 

Kaffe, ostekake og krig

Golis skildrar frontnære byar som fulle av kontrastar. Vegane er øydelagde, bygningar bomba og landsbyar slitne av krigen. Samtidig finst det kaffibarar, små restaurantar og kvardagsliv.

– Det første som slår deg, er at krigen i Ukraina ikkje hadde overlevd utan kaffi, seier ho.

For Golis er dette viktig å forstå: Ukraina er ikkje berre liding og øydelegging. Det er eit moderne europeisk samfunn som prøver å halde fast på kvardagen midt i krigen.

– Krig er ikkje ein unntakstilstand. Det er ein vedvarande tilstand av logistikk, slag, konflikt, posisjon, trafikk, tilbake til byen for å møte familien og kysse barna sine – og så tilbake igjen.

– Heltemotet er å halde ut over tid

Ho meiner Vesten ofte misforstår kva heltemot i Ukraina eigentleg er.

– Vi er vane med frå actionfilmar at heroiske augeblikk er veldig korte. Men dei heroiske augeblikka i Ukraina er uthald over tid. Det er kjempeseigt. Det er ikkje spektakulært.

Golis fortel om soldatar som bur i fråflytta hus nær fronten. Klede ligg framleis i skapa. Matvarer ligg att i skuffene. På veggane heng tapet frå eit liv som brått vart avbrote.

– Det er eit ganske sårt augeblikk å kome inn i eit slikt hus der militæret har tatt over, seier ho.

– Det er ingen fred viss dei gir frå seg territorium

Golis meiner Vesten framleis slit med å forstå kor langvarig krigen kan bli.

– Dette er ein uthaldskrig. Vesten, Noreg inkludert, har alltid hatt eit ønske om ein quick fix.

Men for Ukraina finst det ikkje noko enkelt alternativ, seier ho.

– Det er ingen fred viss dei gir frå seg territorium. Då er det okkupasjon.

Ho skildrar russisk okkupasjon som ein eksistensiell trussel.

– Dette handlar ikkje berre om ein aggressiv fiende som invaderer og vil ta livet av deg. Dette er ein aggressiv nabo som vil viske ut ein heil nasjon.

Leverer dronar og luftvern

Fritt Ukraina leverer utstyr som skal gjere ukrainske styrkar betre i stand til å halde fronten.

– Vi leverer luftvernsdronar og avskjeringsdronar som tar ut både overvakings- og angrepsdronar. Vi leverer materiell dei treng for å drifte køyretøy, energikjelder og kommunikasjon.

Fiskegarn og eit sovjetisk monument langs vegen, aust for Kherson.

Organisasjonen leverer også bakkedronar.

– Bakkedronar er eit veldig vakkert eksempel på verdsetting av liv. Ein sender alltid ein bakkedrone der ein kan, for å ikkje utsette nokon for fare.

Ho avviser at militær støtte bidrar til å halde krigen i gang.

– Det er berre tull.

– Europa må vise at det meiner alvor

På spørsmål om korleis Ukraina kan vinne, utfordrar Golis sjølve ordet.

– Kanskje vi må utfordre ordet vinne. Det betyr ikkje nødvendigvis at ein vinn på slagmarka.

For henne handlar ukrainsk siger også om at Vesten viser at fridom, demokrati og nasjonal suverenitet faktisk betyr noko.

– Ei stadfesting av den vestlege krafta er det som må til for at Ukraina vinn. At europeiske leiarar står opp for Ukraina og viser at dei meiner alvor.

Powered by Labrador CMS