Halvert fattigdom

Frå 1981 til 2001 er talet på menneske som lever under fattigdomsgrensa nerast halvert, frå 40 til 21 prosent. Det kjem fram i den nye rapporten frå Verdsbanken som er omtalt her i avisa i dag. Det er den raske økonomiske veksten i Aust- og Sør-Asia, med folkerike land som Kina og India, som er hovudforklaringa. I desse to regionane har over ein halv milliard menneske kome ut av fattigdomen på tjue år.

Publisert

I sentral-Asia, Aust-Europa, Latin Amerika og - ikkje minst - Afrika har fattigdomen auka, eller nedgangen har vore svært liten. Rapporten slår fast at Tusenårsmålet om å halvere fattigdomen innan 2015 er innan rekkjevidde når me ser verda under eitt. Men sjansane til å nå målet i alle land, er små, med mindre det blir gjeve mykje meir bistand, det blir opna for mykje meir handel og det blir gjennomført vidtrekkjande styresettreformer.

Den nye stortingsmeldinga «Felles kamp mot fattigdom» tek omsyn til den røyndomen rapporten frå Verdsbanken skildrar. For å nå FNs tusenårsmål meiner også regjeringa at rike land må auke bistanden og fokusere meir på heilskapen i politikken. Meldinga slår mellom anna fast at ein føresetnad for effektiv kamp mot fattigdom er innsats på fleire frontar samtidig. Noreg er blant dei fremste i arbeidet med harmonisering og samordning på landnivå.

Men også norske politikarar har blitt kritiserte for manglande samordning i «eige hus». Det er derfor positivt at regjeringa set i gang ein systematisk gjennomgang av andre politikkområde for å sjå om nokon av dei er til ulempe for arbeidet med å redusere fattigdommen i sør. Innsatsen gjennom FN og Verdsbanken skal også samordnast betre slik at dei ulike bidraga byggjer opp under kvarandre. Stortingsmeldinga vil ha større konsentrasjon både geografisk og tematisk og halde fram omlegginga frå prosjektmidlar til sektor- og budsjettstøtte eller rammeløyvingar som det no blir kalla for å tilpasse ordbruken meir den norske politiske røyndomen.

Og apropos omlegging av bistanden. Verdsbankrapporten fortel også at den største nedgangen i fattigdomen skjedde på åttitalet - lenge før arbeidet med tusenårsmåla, landas eigne fattigdomsstrategiar, budsjettstøtte, sektorprogram og gjevarharmonisering tok til. For oss som jobbar i denne bransjen er det verkeleg ein tankevekkar. Det blir spennande å fylgje med på tilsvarande rapportar i framtida, som fangar opp utviklinga etter tusenårsskiftet då den internasjonale tilslutnaden til nye arbeidsformer verkeleg skaut fart.

Powered by Labrador CMS