Ti år med fridom
Sør-Afrika står framfor feiringa av 10 år med fridom. Det har gått ti år sidan raseskilje-regimet fall. Apartheid var urett sett i system. Urett finst i mange land, men få stader har den vore så systematisk nedfelt i lovverket som i Sør-Afrika under raseskiljestyret.
Få stader har folks rettar vore så sterkt knytte til etnisk opphav. I denne utgåva av Bistandsaktuelt ser me på noko av det som har skjedd i Sør-Afrika dei ti åra som har gått sidan det fyrste demokratiske valet blei gjennomført i 1994.
Den største triumfen er truleg fridomen. Fridomen frå å bli fortalt at du er mindre verdt fordi du ikkje er kvit i huda. Fridom til å bruke evnene dine og fridom til å stemme ved val.
Mykje står att. Det kan sjå ut som raseskilje er bytta ut med klasseskilje. ANC opplyser sjølv at fleire hushald lever under fattigdomsgrensa no enn i 1994. Arbeidsløyse, elendige buforhold og vald er kvardagen for svært mange menneske. Sjølv om halvparten av folk i Sør-Afrika lever i fattigdom, har mykje blitt gjort for å gjera levekåra betre. Det er bygd nermare to millionar nye hus, millionar av menneske har fått straum og tilgang på reint vatn.
Noko dei ikkje har teke skikkeleg fatt i er hiv/aidsproblema. Dei siste tala frå UNAIDS viser at omlag 5,3 millionar sør-afrikanerar lever med hiv-viruset i kroppen. Epidemien grip om seg på alle samfunnsområde. Eitt døme er utdanning. Det er no dobbelt så mange som fullfører tolv års skulegang som for ti år sidan, men dei har problem med å rekruttere nok lærarar på grunn av hiv/aids.
Valet 14. april er det tredje demokratiske valet etter frigjeringa. Til saman elleve parti stiller til val, men lite tyder på at ANC kjem til å miste det absolutte fleirtalet sitt. Det blir spennande å fylgje utviklinga framover. Sjå korleis demokratiet taklar å ha eit så dominerande parti ved makta så lenge. Det skal mykje klokskap til for å styre eit land i så lang tid utan sterke opposisjonsparti.
Ti år er ikkje lenge i ein statsbygging samanheng. Utviklinga i Sør-Afrika blir spennande å fylgje, ikkje minst også fordi den vil påverke framtida til resten av det sørlege Afrika.