Verda trappar ned, Noreg held koken

DILI (b-a): Noreg lovar 50 millionar kroner i bistand til Aust-Timor kvart år fram til 2005.

Uroa på Aust-Timor i byrjinga av desember får ingen følgjer for den norske utviklingshjelpa til landet. Noreg har sidan 1999 gjeve om lag 50 millionar kvart år og held dette nivået til 2005.
- Den aust-timoresiske regjeringa har takla uroa på ein adekvat og akseptabel måte. I dag er det ingenting ved den politiske utviklinga i landet som får konsekvens for den norske bistanden, seier Sjur Torgersen, norsk ambassadør for Indonesia og Aust-Timor.
Torgersen presenterte den norske bistandspakken til Aust-Timor på det fyrste internasjonale givarlandsmøtet sidan landet fekk sjølvstende 20. mai i år. Møtet, 9. og 10. desember, vart arrangert trass i den kaotiske situasjonen i hovudstaden Dili berre nokre dagar i førevegen.

Olje - ei forbanning? Den norske stattilstat bistanden går fyrst og fremst til olje og energi.
- Med norsk hjelp er nye generatorar snart på plass i Dili, som skal forsyna Aust-Timor med åtti prosent av den totale energien. I tillegg ser Noregs vassdrags og energiverk (NVE) på alternative energikjelder, som små vasskraftverk, sol og vindenergi, seier Torgersen.
Utvinninga av olje og gass i Timorhavet, mellom Aust-Timor og Australia, startar truleg om tre år. Håpet er at inntektene frå BayuUndan og Greater Sunrisefelta skal gjera Aust-Timor mindre avhengige av utviklingshjelp. Dei forventa årlege inntektene er usikre, men kan liggja ein stad mellom 200-500 millionar kroner årleg. I år er dei samla aust-timoresiske statsinntektene, direkte budsjettstønad og skattar, på om lag 700 millionar kroner.
- Olje har vore ei forbanning for land med svake institusjonar. Kva gjer Noreg for at det same ikkje skal skje på Aust-Timor?
- Noreg har assistert den aust-timoresiske delegasjonen i forhandlingane med Australia om petroleumsressursane i Timorhavet. Fleire norske rådgivarar kjem til å hjelpa regjeringa med å byggja opp den oljetekniske kompetansen og eit oljefond som kan tryggja framtida for landet, seier Torgersen.

Verda trappar ned. Medan Noreg held oppe nivået på bistanden, trappar fleire av dei store givarane ned, som Japan, Portugal og Australia. Tendensen tyder på at den internasjonale bistanden totalt vert redusert i åra som kjem.
- Eit lite land som Aust-Timor står alltid utsett til, men på grunn av den spesielle historia til landet og dei mange venene landet har, kjem Aust-Timor til vera mottakar i mange år framover, spår ambassadøren.
I motsetnad til mange internasjonale og nasjonale kritikarar på Aust-Timor, rosar Torgersen Fretilinregjeringa.
- Landet har lite korrupsjon, og med dei politiske leiarane Aust-Timor har i dag ser eg ingen umiddelbar fare for det gode og demokratiske styresettet landet har i dag, seier Sjur Torgersen.

Powered by Labrador CMS