46 smitta av M-koppar i Guinea-Bissau: Halvparten er barn
Barn utgjer halvparten av tilfella av M-koppar i Guinea-Bissau medan epidemien spreier seg.
I juli registrerte det vestafrikanske landet 46 mistenkte tilfelle av M-koppar (også kalla mpox og tidlegare apekoppar) der halvparten var hos barn, skriv The Guardian.
16 av dei 46 tilfella var barn under fire år.
Det er så langt ikkje meldt om dødsfall.
– Sjølv om tala er små, har nye tilfelle dukka opp med jamne mellomrom over fleire veker. Det betyr at smitten framleis går føre seg, seier Dr. Magda Robalo, tidlegare helseminister og leiar for landets handtering av covid-19-pandemien.
Sandra Martins, UNICEFs noverande representant i landet, seier at det er første gong det er rapportert om mpox-tilfelle i Guinea-Bissau.
Virussjukdommen er smittsam og kan bli overført gjennom nærkontakt.
Sidan januar 2024 har meir enn 2000 menneske døydd av mpox-relaterte årsaker blant titusenvis av registrerte tilfelle i Øst-, Sentral- og Vest-Afrika.
No bekymrar UNICEF seg for at viruset skal spreie seg uoppdaga grunna at landets system for helseovervaking er svakt, skriver The Guardian.
Risikoen for smitte på tvers av landegrensene i regionen er framleis høg.