
Kommentar:
Posisjonar som tel
Maktkampane blant dei mektigaste menneska i Bistands-Norge fortel ei større historie om kva som står på spel i verda no. Og kvifor Bård Vegar Solhjell kan hamne hos FN i New York.
Dette er en kommentar. Meninger i teksten er skribentens egne.
Då avtroppande Norad-sjef Bård Vegar Solhjell gjekk på scena i Litteraturhuset tysdag morgon, for å presentere Tall som teller, var det få som visste kva som gjekk føre seg i kulissene.
Dagen før hadde Development Today publisert eit lengre intervju med tidlegare utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim (Sp). Der gjekk ho uvanleg hardt ut mot Solhjell, som ho mellom anna skulda for å ha undergravd hennar forhandlingsposisjon internt i Støre-regjeringa. Det same meinte ho at det såkalla Sending-utvalet hadde gjort, då dei våren 2023 kom med sine sju ekspertråd som hadde til hensikt å endre forvaltinga av norsk bistand.
Ein annan ting få visste tysdag, var at Solhjell var aktuell for ein heilt annan jobb enn den alle trudde han skulle byrje i hos Fornybar Norge over sommaren. Den jobben hadde han aldri vore aktuell til, dersom Tvinnereim framleis var utviklingsminister i Norge, får eg opplyst av kjelder med innsikt i prosessen. I artikkelen i Development Today får vi teikna eit bilete av den førre utviklingsministerens vanskelege arbeidsforhold hadde samanheng med samarbeidet med Solhjell.
Tvinnereim skal ha kjend seg sabotert
Det er ikkje vanskeleg å sjå føre seg at Tvinnereim hadde ein stri tørn internt i regjeringa, som representant for eit parti som på dette tidspunktet hadde fått ein stadig meir populistisk profil. Kruttet ho kjem med i intervjuet i Development Today er likevel sterk kost i ein bransje som ofte er prega av mykje mumling og lite konflikt, og har fått oppsiktsvekkande lite omtale i norsk politisk debatt.
Der skildrar ho ei heftig, intern konflikt i Støre-regjeringa om synet på kva norsk bistand skulle brukast til. Det var i den konteksten at Sending-utvalet og Solhjell vart oppfatta nesten som sabotørar av Tvinnereims linje internt i regjeringa.
Noko av usemja mellom Tvinnereim og Solhjell handla derfor om synet på kva Norad skulle vere – og ikkje vere – i ei tid der bistanden var under sterke åtak. Det var rett og slett ei usemje om korleis ein best kunne sikre legitimiteten til bistandspolitikken.
I den offentlege debatten vart dei som var opptekne av å skjerme bistandsbudsjettet oppfatta som å leve på ein litt annan planet enn alle andre, i ei tid dominert av store politiske kriser med alt frå energi til krig i Europa. I dei fleste land vi kunne samanlikne oss med, vart bistandsbudsjettet skrella inn til beinet.
I den konteksten var det frå Tvinnereims perspektiv ikkje rom for Sending-utvalets meir radikale og høgtflygande tankar om ei omlegging av norsk bistand. Utvalets forslag om eit mykje større bistandsbudsjett vart også oppfatta som verkelegheitsfjernt internt i regjeringa. Det igjen trefte Tvinnereim, som vart skulda for å ha bestilt akkurat den rapporten ho fekk.
Norads boble
Tvinnereims problem var at ho heller ikkje kjende på noko drahjelp frå sin underliggande direktør i Norad. Fleire aktørar som kjende dialogen mellom dåverande utviklingsminister Tvinnereim og Norad-direktør Solhjell, meinte den i stor grad var prega av konflikt og usemje. Frå Tvinnereims side vart Solhjell oppfatta som ein direktør som ønskte å vere meir politisk og som ville meine meir om stort og smått, enn det ho og hennar politisk leiing i Utanriksdepartementet meinte låg til rolla som direktør i ein underliggande etat.
Der den førre utviklingsministeren ville ha eit direktorat som styrka den forvaltningsmessige kompetansen, vart det oppfatta som at Solhjell ville ha meir eit direktorat som – grovt karikert – var meir tenketank og dreiv meir med høgttenking. Frå Tvinnereims perspektiv vart det peika på at Norad og delar av bistandsbransjen levde i ei boble, og framleis hadde dei same diskusjonane som bistandsmiljøet hadde hatt dei siste ti åra.
Noko av usemja mellom Tvinnereim og Solhjell handla derfor om synet på kva Norad skulle vere – og ikkje vere – i ei tid der bistanden var under sterke åtak. Det var rett og slett ei usemje om korleis ein best kunne sikre legitimiteten til bistandspolitikken.

Frå Solhjells side vart det ikkje oppfatta på same måte. Han var ny som embetsmann, og opplevde ikkje dialogen med Tvinnereim som problematisk. Kjelder med innsikt fortel at han var oppteken av å gjere jobben sin som fagtoppen for norsk utviklingspolitikk, og at han trekte seg til side i ein del samanhengar for å gje plass til statsråden. Det er ikkje ein uvanleg dynamikk i forholdet mellom toppolitikarar og embetsverk.
Solhjell aktuell i to omgangar
I lys av denne konflikten er det derfor endå meir interessant å sjå at Tvinnereims etterfølgar, har vald å løfte Bård Vegar Solhjell fram som kandidat til jobben som ny, global sjef for FNs utviklingsprogram (UNDP). Det skjedde onsdag kveld – dagen etter framlegginga av Tall som teller, og dagen før framlegginga av dei relativt store bistandskutta i revidert nasjonalbudsjett.
Kanskje trengst det ein politikar på toppen av UNDP. Derfor er det ikkje sikkert Tvinnereims kritikk er det verste som kunne skjedd Solhjells valkamp.
Det har lenge vore kjend at FNs utviklingsprogram skal ha ein ny, internasjonal toppsjef denne sommaren for å etterfølge tysk-brasilianske Achim Steiner. Kjelder med innsikt i prosessen fortel at Solhjell tidleg i prosessen vart løfta fram som kandidat av embetsverket, men at han aldri blei godkjend av Tvinnereims politiske leiing. Det var noko av grunnen til at Solhjell skal ha vore langt framme i pannebrasken hos Aukrust, då sistnemnde tok over styringa av utviklingspolitikken i starten av februar.
I mellomtida fekk Solhjell jobben som ny administrerande direktør i Fornybar Norge. Det var først dei siste vekene at Solhjells kandidatur igjen vart formalisert av Støre-regjeringa.
Frå alle eg har snakka med i arbeidet med denne kommentaren vert det hevda at FNs utviklingsprogram (UNDP) treng ein meir politisk leiar på toppen, og at kombinasjonen av Solhjells bakgrunn som både statsråd, partisekretær og embetsmann frå fagfeltet, kan vere det som eventuelt gir han jobben.
Drahjelp frå Tvinnereim?
For Støre-regjeringa vil det vere avgjerande å få Solhjell på plass i den relativt viktige FN-jobben, ettersom det per i dag berre er Geir O. Pedersen, FNs spesialutsending til Syria, og Bjørg Sandkjær, assisterande generalsekretær for politisk samordning, som er på høgt nivå i FN-systemet. Det vert også peika på at FN-organisasjonen Solhjell ønsker å leie, treng større reformar i ei tid der FN-systemet er under sterkt press.
Derfor er det venta at statsminister Jonas Gahr Støre sjølv også er involvert i kampanjen for Solhjell, spesielt ettersom den som avgjer spørsmålet er hans gamle kjenning Antonio Guterres og hans assisterande generalsekretær Amina Mohammed. Både statsministeren, finansminister Stoltenberg og utanriksminister Barth Eide har gode kontaktar inn mot desse aktørane.
Kanskje trengst det ein politikar på toppen av UNDP. Derfor er det ikkje sikkert Tvinnereims kritikk er det verste som kunne skjedd Solhjells valkamp.
For, skal vi tru kjeldene tett på denne prosessen, er det ikkje berre tal som tel. Også posisjonar tel.
Endringslogg: I ein tidlegare versjon av denne kommentaren stod det at Geir O. Pedersen var einaste nordmann på toppnivå i FN. Det riktige er at også Bjørg Sandkjær har ein toppjobb i FN, då ho nyleg fekk jobben som assisterande generalsekretær for politisk samordning i FN. Dette vart retta fredag 16. mai, klokka 13.53.
Les mer om Solhjell:
-
Disse kriger om FN-toppjobben
-
Solhjell er Norges kandidat til toppjobb i FN
-
Solhjell går av som Norad-sjef, klar for ny lederjobb
-
Startskudd for «Nye Norad»: – Vi skal være like raske og fleksible som UD
-
Mobiliseringstall til forvirring
-
Bistand 2.0 – for andre gang
-
Ingen motsetning mellom solidaritet og egeninteresser