Kampen mot fattigdom skjer i aukande grad på dei rikaste sine premiss, skriv ansvarleg redaktør Emil André Erstad i denne kommentaren.

Kommentar:

Når milliardærane tek over solidariteten

Medan verdas rikaste land stille trekkjer seg ut av kampen mot fattigdom, hyllar vi dei som tek over. Men vi bør òg våge dei opne spørsmåla.

Publisert

Dette er ein kommentar. Meiningar i teksten er skribentens eigne.

Eg hugsar då eg møtte Bill Gates i Oslo – truleg i 2013. Samlinga var for ungdomspartileiarar, i eit møterom på Universitetet i Oslo, eit steinkast frå Karl Johan. På bordet stod eit fat med skulebollar.

Vi spurde, han svara. Ein av oss lurte på om han merka noko til alle pengane han gav bort. Gates hadde nett teke ein bit, såg opp, peika på resten av bollen og sa at det kosta han ingenting å gje. Han trong ikkje ofre noko.

Den setninga har blitt verande hos meg.

Bill Gates – mannen bak The Giving Pledge, Gates Foundation og kampen mot malaria. Eit ikon for filantropisk storsinn.

I dag ser vi klarare enn før: medan statleg bistand minkar, stig private formuer fram som nye motorar.

I vestlege hovudstadar leitar politikarar etter rike armar som kan bere dei rollene offentlege aktørar tidlegare hadde.

For kvart år som går, svinn den statlege innsatsen frå land som historisk har teke mest ansvar. Det speglar eit skifte frå skattefinansiert fellesskap til privat finansiering og styring. Nye pengar kjem frå Gates, Bezos, Musk, Witzøe.

Er vi vitne til ei rolleendring der utrydding av fattigdom går frå å vere eit felles ansvar til å bli eit middel for kapitalens sjølvbilete – og maktkonsentrasjon?

Milliardærane seier dei vil redde verda. Vi skal tru dei på intensjonane. Det er vanskeleg å tvile på til dømes Tore Lærdal, som fortel til Panorama at han vil bidra til å redde barn og mødrer gjennom trygge fødslar.

Lærdal får ros av fagfolk for måten han driv på. Det gjer ikkje alle dei andre filantropane.

For trass i gode intensjonar ligg det eit grunnproblem i mykje av filantropien: kampen mot fattigdom skjer i aukande grad på dei rikaste sine premiss. I deira tempo, etter deira prioriteringar – og utan innsyn. Ingen Riksrevisjon, ingen Norad, ingen Innsamlingskontroll får sjå dei i korta.

Så kven eig eigentleg verdas fattigdom?

Spørsmålet burde svi i margen på kvart bistandsbudsjett. Når offentlege midlar tørkar inn, står private stiftingar klare til å «kompensere». Men eigentleg tek dei makt. Dei definerer problema – og løysingane.

Filantropi er på sitt vis politikk utan demokrati. Konsekvensen er eit maktskifte vi enno ikkje fullt ut forstår. For kva blir eigentleg konsekvensane?

Samtidig ropar politiske parti i vestlege land at bistanden er ineffektiv og må strammast inn. Underforstått: statleg bistand er risikabelt, medan privat filantropi er ufarleg, uforpliktande og PR-venleg.

Igjen spør eg: Kven eig verdas fattigdom?

Det kostar lite for dei aller rikaste å bidra meir.

Bill Gates kan ete så mange skulebollar han vil. For den makta han får i det globale fellesskapet, er det kanskje verdt å svi av nokre milliardar.

Powered by Labrador CMS