Eit av dei største mysteria akkurat no, er kva relasjonen til Bill Gates og Jeffrey Epstein bestod i.

Kommentar:

Vi vil aldri sjå på Bill Gates med same blikk igjen

Epstein-filene gjer det umogleg å sjå Bill Gates som berre ein gavmild filantrop. Han bør be om orsaking til langt fleire enn sine eigne tilsette.

Publisert Sist oppdatert

Dette er ein kommentar. Meiningane i teksten er skribenten sine eigne.

Bill Gates visste godt at Jeffrey Epstein var dømt for misbruk av mindreårige i 2008. Trass i det, møtte Gates den dømte overgriparen fleire gonger i åra etter. I praksis skal Epstein over tid ha forsøkt å posisjonere seg som ein slags filantropisk rådgjevar for Gates. Målet skal ha vore å skaffe pengar til Gates sitt omfattande arbeid med å utrydde barnesjukdomen polio. 

I etterkant av publiseringa av filene har det i Norge og fleire andre land blitt ein debatt om bistand, pengebruk og internasjonalt engasjement. Som den svenske nettstaden Global Bar allereie har omtalt, er det oppsiktsvekkande kor få bistandsaktørar som er involvert i e-postane og meldingane til og frå Epstein. Det er særleg påfallande når vi samanliknar med kor stor del desse spørsmåla har fått i debatten i etterkant. 

Ein av grunnane til at debatten etter Epstein ser ut til å ramme omdømet til internasjonal utviklingspolitikk, er Bill Gates.

Ville ha Nobels fredspris

Saman med Donald Trump, den tidlegare prinsen Andrew og Bill Clinton, er Bill Gates eit av dei mest omtalte namna i Epstein-filene. Ordkombinasjonen Bill + Gates har 2818 treff. På fleire bilete i filene er Gates omkransa av unge kvinner med sladda ansikter

I dokumenta finst det også bilete av eit møte mellom Thorbjørn Jagland, den dåverande leiar av Nobelkomiteen, og Bill Gates, i samtale i Jaglands heim i Strasbourg, i 2013. Både Dagens Næringsliv og NRK har omtalt dette møtet.

Ifølgje boka Billionaire, Nerd, Savior, King: Bill Gates and His Quest to Shape Our World, som kom ut i 2024, skal dette ha samanheng med at Bill Gates var desperat etter å få Nobels fredspris. Det skreiv forfattaren Anupreeta Das.

Vidare viser filene at ei lita gruppe tilsette i Gates Foundation hadde tett kontakt med Epstein i fleire år, i eit håp om at han kunne mobilisere større donasjonar til arbeidet deira. Ifølgje nettstaden Inside Philanthropy handla kommunikasjonen mellom Gates-medarbeidarane og Epstein om å opprette eit såkalla donor-advised fond (DAF). Epstein skal ha brukt mykje tid på å overtyde Gates og stiftinga om at ein slik struktur ville tene deira interesser.

Epstein-nettverket og brotsverk mot menneskeheita

I pressemeldingar har stiftinga presisert at det aldri vart betalt pengar til Epstein og heller ikkje oppretta felles fond.

Det var ikkje overraskande, då hans tidlegare ektefelle Melinda Gates allereie tidlegare i januar – i eit intervju med amerikanske NPR – sa at Epstein-avsløringane «brakte fram vonde minne frå hennar eige ekteskap». Gates sin relasjon til Epstein skal ha vore blant grunnane til skilsmissa mellom det tidlegare filantropiske superparet, kjem det fram.

FNs menneskerettsråd kom med ei utsegn der dei sa at overgrepa som kjem fram i Epstein-filene er så alvorlege og omfattande at dei «med rimelegheit kan oppfylle den rettslege terskelen for brotsverk mot menneskeheita».

I lys av dette alvoret er det spesielt interessant å lese avsløringa i Wall Street Journal, som sat på lydopptak frå allmøte i Gates-stiftinga der Bill Gates bad om unnskyldning for sine band til Epstein. Han innrømma også utruskap med to russiske kvinner. Det er uvisst om dette er dei same kvinnene han er tatt bilete av i dei publiserte filene. 

Det mest interessante med orsakinga var likevel at Gates insisterte på å ikkje ha tatt del i Epsteins brotsverk. Med FN–rådets utsegn i bakhovudet ligg det juridiske og strafferettslege sprengstoffet nettopp her.

Spørsmålet er likevel kva alt det som kjem fram i filene om Gates og Epstein gjer med moralske biletet vårt av filantropen Bill Gates. Og kva konsekvensar får det for ein sektor som allereie før publiseringa av filene stod i si største historiske krise?

Bill Gates har aldri gitt inntrykk av å vere nokon engel. Fleire gonger har han uttalt at han gir, fordi han kan, og fordi det i realiteten ikkje kostar han noko.

Bill Gates burde ha beklaga til langt fleire

Gates ba om orsaking til dei tilsette i si eiga stifting. Det er ikkje nok. Han burde bede om unnskyldning til langt fleire. 

Til dømes alle dei heiderlege menneska som kvar dag står på for å redde verda, få folk ut av fattigdom, sjukdom og svelt. Og ikkje minst til alle dei som vil bli ramma av ytterlegare bistandskutt som følge av den omdømekrisa Epstein-filene no har skapt. 

Uavhengig av kva Bill Gates har gjort seg skuldig i, eller ikkje i – har han bidratt til å gi skyts til alle som er kritiske til bistandspolitikk.

Det gjenstår å sjå om han faktisk tar det ansvaret. Det bør han. Og kanskje bør norske politikarar som Jonas Gahr Støre, Jens Stoltenberg og Åsmund Aukrust – som har pleia tett kontakt med Gates for å skaffe meir pengar til global helse – hjelpe han med å forstå.

Det er kanskje like greit at Gates ikkje kan norsk, og dermed ikkje har lært seg å uttale ordet dømmekraft.

Powered by Labrador CMS