Kommentar:
Gulfstatane treng ikkje Norge, slik vi treng dei
Det var ingen sjeikar som kom til Oslo med lua i handa denne veka. Det er snarare vi som må finne vår plass i deira geopolitiske ambisjonar.
Dette er en kommentar. Meninger i teksten er skribentens egne.
«Vi bytter ikke verdier mot penger», sa Raymond Johansen då han og Norsk Folkehjelp i september sa nei til dei nye amerikanske bistandsvilkåra – og dermed nei til 400 millionar og 1700 arbeidsplassar.
Johansen gjorde seg til riddar for viktige verdiar som likestilling. Han argumenterte med at det viktig å stå opp for nokre prinsipp sjølv om det kostar. Organisasjonen fekk fortent applaus, støtte og mange nye givarar.
Denne veka var den same Raymond Johansen å sjå i korridorane under årets Arab-Dac Dialogue on Development i Oslo. Han var der saman med sjeikar, maktpersonar, diplomatar og utviklingsekspertar frå Saudi-Arabia, Dei foreinte arabiske emirata, Qatar og Kuwait.
Det er ikkje nødvendigvis noko motsetningsfylt i det. Men det illustrerer at noko er i ferd med å endre seg drastisk i internasjonal politikk, i utviklingspolitikken og for norske interesser. Og kva dilemma som står i vente for organisasjonar som Norsk Folkehjelp i åra som kjem.
Vi såg at denne endringa var på gang då Jan Egeland og Åsmund Aukrust var på FNs høgnivåveke i New York i september, der begge jakta pengar frå givarar i Gulfen.
Men Johansen, Åsmund Aukrust, Norad og ei rekke vestlege land var ikkje samla i Oslo denne veka berre for å få fatt i lommebøkene til sjeikane.
Møtet starta med at den qatarske emirens veslebror, sjeik Thani bin Hamad al-Thani og utviklingsminister Åsmund Aukrust, var vitne til at Norad-direktør Gunn Jorid Roset og hennar qatarske motpart Fahad Hamad al Sulaiti, underskreiv ein såkalla MoU – Memorandum of Understanding.
Felles lommebok
Avtalen vart i qatarske medier etterpå omtalt med ei interessant formulering: «Joint wallet approach – ei tilnærming med felles lommebok.
Målet med avtalen er rett nok at Norge og Qatar skal dele meir enn lommebok. Dei skal også dele kunnskap og erfaring om utviklingspolitikk, ekspertise og finansielle tilnærmingar. Det skal skje gjennom fagleg utveksling.
Tidlegare har det vore naturleg for Norad å ha tette partnarskap med britiske DFID, amerikanske USAID og svenske Sida. No skal også Qatar vere ein institusjonell samarbeidspartnar.
Som Åsmund Aukrust sa fleire gonger i løpet av møta i Oslo: Dersom Norge berre skal samarbeide med dei vi er samde med, vil det bli veldig få samarbeidspartnarar.
Å forandre verda kan ikkje vere ein konkurranse om å lage mest mogleg semje.
Det må òg handle om kva vi får til. Om det er med svenske sosialdemokratar eller arabiske sjeikar, er mindre viktig.
Slik lyder i alle fall det nye mantraet.
Dersom vi skal tolke møta i Oslo og vegen vidare, er det nokre ting som er spesielt slåande:
Gulfstatane veit kor dei vil
Det første er kor koordinerte, ambisiøse og strategiske dei arabiske givarane er. Medan mange av dei europeiske landa og dei gamle givarane leitar etter ei ny retning for utviklingspolitikken sin, verkar dei arabiske givarane å ha ein klarare idé om kva dei vil.
Det er heller ikkje rett å omtale dei arabiske landa som nye givarar. Til dømes har Arab Coordination Group (ACG) halde på sidan 1975 og fiansiert over 13.000 utviklingsprosjekt i 160 land. Dialogen mellom OECD DAC og dei arabiske givarane vart etablert i 2009.
Det nye er kor viktige dei har blitt for oss.
Det var ingenting som tyda på at dei kom til Oslo med lua i handa. Dei kom med eigne strategiar og ambisjonar, og for å sjå om Norge, Sverige, Tyskland, Storbritannia og dei andre vestlege landa vil vere med på det dei allereie driv med.
Det vestlege verdifellesskapet finst knapt lenger
Det andre er korleis mange i Norge framleis lever i ei verd der vi tenker at reglane og tenkinga rundt bistand og utvikling blir definert av OECDs utviklingskomité – eller komiteen i Paris som ein tidlegare utviklingsminister pleidde å seie.
Det vestlege verdifelleskapet finst knapt lenger. Det er vanskeleg å sjå føre seg at komiteen i framtida skal ha same autoritet, utan å opne døra for fleire.
Dagen før Arab-Dac Dialogue-møta, var det uformelle samarbeidsforumet Rethinking Development Cooperation (RDC) samla til drøftingar og diskusjonar i Norad. På deltakarlista var det synleg kor mykje utviklingslandskapet globalt er i endring.
85 land i verda har no eigne institusjonar eller direktorat for utviklingssamarbeid. Om lag 54 av desse landa står utanfor OECD.
Land som Rwanda, Singapore, Sør-Korea, Colombia og India har eigne erfaringar med å drive utviklingssamarbeid. Mange av dei har drive med det i fleire tiår, utan at vi i særleg grad har interessert oss for kva dei driv med.
Tvunge fram av Trumps kutt er det blitt tvingande naudsynt å spørje sørkoreanarane eller indarane om kva dei driv med – og kva vi i Norge kan samarbeide med dei om.
Gjensidig samarbeid
Det tredje er at både arabarane og deira europeiske motpartar ser ut til å tru på såkalla innovativ finans, det fagfolk kallar katalytisk bistand: From billions to trillions.
Spørsmålet er om dette berre er luftslott ute i ørkenen, eller om det er noko dei nye partnarskapa vil klare å levere på.
Gulfstatane har andre og fleire finansielle verktøy i utviklingspolitikken, enn vi har.
Dei brukar i større grad lån på gunstige vilkår, garantiar, utviklingsbankar og andre former for finansiering som kan skalerast. Men desse finansielle instrumenta kan potensielt nyttast endå meir effektivt i kombinasjon med norsk fagleg kompetanse og tekniske verkemiddel.
Det er nok ei viktig forklaring på at sjeikane kom til Oslo med klare planar og strategiar for nye partnarskap.
Ein kan seie at gulstatane ikkje treng Norge, slik vi treng dei. Men det betyr ikkje at vi ikkje har noko dei er interesserte i.
Gjensidige interesser blir i større grad styrande for utviklingspolitikken. Brei multilateral semje blir erstatta av meir fleksible, saksbaserte koaliasjonar. Vi går frå tradisjonell bistand til mobilisering av utviklingsfinansiering. Der utviklingsekspertar i årevis har snakka om å kvitte seg med dei gamle givar-mottakar-relasjonane, skjer det no i ekspressfart i relasjonen med Gulfstatane.
Vestlege land som Norge må ikkje berre finne nye samarbeidspartnarar, men også tenke nytt om måten vi driv utviklingspolitikk på.
For det som gjekk att i korridor– og i pausepraten under Arab-DAC Dialogue var at bistanden i større grad blir geopolitisk valuta.
Utviklingssamarbeid blir noko konkret og handfast som politiske leiarar kan legge på bordet når dei møtest. Det opnar dører og etablerer relasjonar som har verdi langt utover utviklingspolitikken.
Særleg tydeleg blir det for Norge i møte med Gulfstatane. Samarbeidet opnar for innovativ og effektiv bruk av fleire bistandsmilliardar. Samstundes er det òg ein måte å styrke dei politiske relasjonane mellom Norge og nokre av dei mest innverknadsrike landa i Midtausten.
Pluss på ei ambassadeopning i Doha, og du får ei kraftfull utanrikspolitisk pakke.
Vi definerer ikkje vilkåra for samarbeidet lenger
Det er lett å henge seg opp i verdiforskjellar, men ein kan òg snu spørsmålet på hovudet. Norge står allereie i den eine enden av det politiske spekteret blant vestlege land, og det er ikkje lenger sjølvsagt at våre gamle allierte er våre verdimessige allierte.
I konkrete saker – som gjenoppbygginga av Syria etter borgarkrigen – kan vi finne vel så mange samanfallande interesser med land vi tidlegare ikkje rekna som allierte.
Det seier seg sjølv at verdiforskjellane mellom samarbeidspartnarane våre då blir større, og at tida for dei reine hendene dermed er forbi – om den i det heile tatt fanst nokon gong.
Raymond Johansen har allereie måtte ta stilling til kva prinsipp han er villig til å forsvare, også når det kostar. Han og andre norske politiske leiarar kan måtte ta liknande val i møte med andre givarar i åra som kjem.
Forskjellen er at det i stadig mindre grad er vi som kan rekne med å få definere vilkåra for samarbeidet.