Etter 26 år vil regjeringa no legge ned ambassaden i Malawi. Bilde er til illustrasjon.

Norge stenger ambassaden i Malawi – opnar i Qatar

Norge legg ned ambassaden i Malawi og opprettar ein ny ambassade i Qatar. – Kanskje bistanden over tid har blitt mindre viktig, seier ekspert.

Publisert Sist oppdatert

Det kjem fram i to pressemeldingar frå regjeringa 11. september. 

– Vi lever i den mest alvorlege sikkerhetspolitiske situasjonen sidan andre verdskrig. I ei verd prega av aukande usikkerheit og raske endringar må vi tilpasse utenrikstenesta for å ta vare på norske interesser på best mogeleg måte, seier utenriksminister Espen Barth Eide. 

Endringane er eit ledd i ein gjennomgang av Norges utenriksteneste.

Utenriksminister Espen Barth Eide (Ap) .

Dei inneber at Noreg flyttar diplomatisk kapasitet frå Malawi, der ambassaden har vore tett knytt til utviklingssamarbeidet, til Qatar, som regjeringa trekkjer fram som viktig for energi, næringsliv og geopolitikk.

– Enkelt sett opplever eg ikkje at dette er ei veldig dramatisk avgjerd, men leser du det i tråd med lengre utviklingstrendar, så viser det eit mønster.

– Kanskje bistanden over tid har blitt mindre viktig, seier Halvard Leira, forskar ved NUPI. 

Norsk bistand til Malawi har dei siste åra lege på rundt 500 millionar kroner årleg. Prioriterte område har vore helse, utdanning, landbruk og godt styresett.

– Vil styrke samarbeidet

– Norge vil halde fram med å bidra til utvikling for befolkninga i Malawi etter nedlegginga.

Det seier utviklingsminister, Åsmund Aukrust.

Mann i mørk jakke står foran et hvitt skip ved kaien.
Åsmund Aukrust, utviklingsminister.

Norsk bistand gjennom multilaterale kanalar vil halde fram og regjeringa vil den komande tida vurdere omfanget av samarbeidet med sivilsamfunnsorganisasjoner, norske institusjoner og andre partnarar i Malawi.

Ambassaden i Malawi stenger innan utgangen av juli 2027.

Det er foreløbig ukjent kva ambassadar som vi ta over ansvaret for Norges diplomatiske forbindelsar med Malawi og Zambia.  

Regjeringa grunnar opprettinga av ambassaden i Doha med at den vil bidra til å styrke og vidareutvikle samarbeidet mellom Norge og Qatar.

– At vi åpner ein ambassade i Qatar, gjenspeglar det gode samarbeidet mellom våre to land, blant anna om konfliktløysning, og næringsinteresser inkludert energi, det grønne skiftet, teknologi og forsvarssamarbeid- og industri, seier utenriksminister, Eide. 

Heng saman

Forskar ved NUPI, Halvard Leira, forklarar at nedlegging av ein ambassade vanlegvis heng saman med opninga av ein ny stasjon. 

Utenrikstenesta, som resten av statsapparatet, opererar med budsjettrammer.

– Eg tenker at drivaren her er ønsket om å oprette ein stasjon i Qatar. Det er klart at dersom Norge ønsker samspel med Qatar og ikkje konkurranse, så kan dette vere ein nyttig stad å vere, seier Leira.

Halvard Leira, forskar ver Nupi.

– Er det samstundes eit uttrykk for at Norge er mindre opptekne av Afrika sør for Sahara?

– Det veit eg ikkje, men det er kanskje eit uttrykk for at ein kan dekke mange av dei same behova relativt godt med færre stasjonar. 

Han skildrar Malawi som eit land med liten utstrekning. 

– Kanskje effektane av ei nedlegging ikkje er så store, seier han.

I 2024 blei ambassaden i Kampala i Uganda nedlagt og i 2023 blei ambassaden i Bamako i Mali nedlagt. 

– Det er ein del av ein større tendens. Bistand blir relativt sett mindre viktige i ei verd som ser annleis ut enn den gjorde for 10 til 20 år sidan.

Diplomatiet held fram

Leira trur ikkje ein skal overdrive konsekvensane av ei avvikling av den norske ambassaden i Malawi. 

– Vi blir ikkje meir populære i Malawi, men eg trur ikkje vi blir veldig mykje mindre populære heller.  

Han påpeikar at Noreg fleire gonger har flytta ambassadar som følgje av endringar i verdsbiletet – som ved murens fall og oppløysinga av Sovjetunionen – men også etter kva norske interesser som har vore viktigast i ulike periodar. Han trekkjer mellom anna fram at Noreg har flytta ambassaden mellom Venezuela og Colombia fleire gonger. 

– Diplomatiet held fram og det er ikkje slik at vi bryt alle forbindelsar sjølv om vi avviklar ambassaden. Vi blir representerte på andre måtar. 

Powered by Labrador CMS