Sverige avsluttar bistanden til Liberia: Eit hardt slag mot kvinners rettigheiter og helsehjelp
Sverige avsluttar bistanden til Liberia etter fleire tiår. No fryktar fleire organisasjonar at tilgangen til prevensjon og andre helsetenester blir svekka, skriv The Guardian.
– Tenk på utfordringane vi sto ovanfor då denne finansieringa var tilgjengeleg – og tenk på korleis det blir no. Det vil ramme dei som allereie sleit med å få tilgang til familieplanlegging og seksuelle og reproduktive helsetenester, seier Naomi Tulay-Solanke i Amplifying Rights Network (ARN) til den britiske avisa The Guardian.
Sidan 1961 har Sverige hatt eit nærvær i Liberia.
31. august stengde den svenske ambassaden i hovudstaden Monrovia. Bistanden til det vestafrikanske landet tok slutt same dag.
Det er eit resultat av at omfattande kutt i svensk utviklingsbistand trer i kraft.
Nest største givar
Sidan Sverige inngikk eit utviklingssamarbeid med Liberia i 2008 har dei gitt meir enn 5,77 milliardar svenske kroner i bistand.
Landet blei Liberias nest største givar, etter USA, og ein sentral støttespelar for likestilling og seksuelle og reproduktiv helse- og rettar (SRHR).
Den svenske regjeringa seier at dei vil halde fram med å bidra gjennom EU og multilaterale organisasjonar som UN Women og FNs befolkningsfond (UNFPA).
Likevel, etter nedbygginga av USAID som allereie har ført til at klinikkar i Liberia manglar prevensjonsmidlar, skriv The Guardian at landet opplever bortfallet av ein så stor støttespelar som Sverige som eit hardt slag.
– Sverige var ein av dei få partnarane som var villige til å snakke offentleg om dei mest kontroversielle spørsmåla, som retten til å velje og retten til å bestemme over eigen kropp. Dei talte makta midt imot og stod saman med aktivistane, seier Aminata Kamara, som leiar Swedish Association of Sexuality Education (RFSU) i Liberia.
Ei usikker framtid
ARN, ei samanslutning av tSi liberiske organisasjonar som arbeider for å fjerne hindringar for kvinners tilgang til familieplanlegging og kunnskap om eigne rettar, har fått svensk støtte.
Dei har finansiering for dei neste 18 månadene, men deretter er framtida usikker.
Andre organisasjonar har allereie merka kutta.
Prosjektet Promotion of Women’s Power and Rights in Liberia (Power) er eit av landets viktigaste initiativ for kvinners rettigheiter.
Dei får ikkje fornya finansiering, ifølgje Korto Williams, landsdirektør for den svenske organisasjonen Kvinna til Kvinna, som har drive prosjektet.
Dei siste fem åra har prosjektet nådd 16.350 kvinner i ni fylke og hjelpt meir enn 400 overlevande etter kjønnsbasert vald med å få rettshjelp.
– Vi vil sjå på mogelegheita for å støtte nokre av dei lokale partnarane vi samarbeider med, men det er svært krevjande utan store, fleirårige løyvingar. Dersom du arbeidar mot kjønnsbasert vald, er ikkje dette noko som kan vente, seier Williams.
Prioriterer Ukraina
I eit utsegn skriv den svenske regjeringa at Sverige er stolt over å ha bidratt til utviklinga av likestilling i Liberia.
No skal dei prioritere midlar til Ukraina, ifølgje The Guardian.
– For å møte vår tids største sikkerheitsutfordring, måtte det takast vanskelege val, skriv den svenske regjeringa.
Les meir:
-
Afrikanske land har vedtatt ny helseagenda: Skal trene opp tre millionar helsearbeidarar
-
Fortsatt ingen vaksine mot ebolavarianten Bundibugyo – fire av ti smittede er døde
-
Flylegene som holder liv i Lesothos fjellandsbyer
-
Når alt er likestilling, kan alt avfeies som sløsing
-
Én million kvinner har mistet helsehjelp etter bistandskutt