Noreg i Tryggingsrådet – og kva så?

Spenninga blei større enn nokon kunne tenkje seg på førehand. Men den målretta og langvarige norske innsatsen blei til slutt krona med hell: Noreg fekk sete i FN`s Tryggingsråd.

Ein prestisjefyllt siger for landet, men også ein krevjande posisjon å ivareta.

Tryggingsrådet i FN har som hovudoppgåve å vakta over freden i verda og setje i verk dei tiltaka som er nødvendige for å stanse aggresjon og hindre krig.

Eit forum som gjer Noreg meir interessant i den internasjonale politikken, men som også stiller krav om at me veit kva me vil med plassen blant FNs 15 utvalde.

Sjølv om det ikkje avspeglar seg i norske media, dreiar store delar av Tryggingsrådet sitt arbeid seg om kriser og konfliktar i Afrika. Sju av ti sanksjonskomitear jobbar med afrikanske land. Lite tyder på at fokuset på denne verdsdelen blir mindre dei to neste åra.

Ein av dei viktigaste grunnane til kriser og konfliktar, ikkje minst i Afrika, er fattigdom.
Og eitt av dei viktigaste hindra for å gjera noko med fattigdommen er konfliktar i og mellom fattige land og folk. Kriser og konfliktar er med andre ord både årsak og verknad av fattigdom og omvendt.

Det langsiktige bilaterale utviklingssamarbeidet Noreg driv dreiar seg i stor grad om førebygging av konfliktar og kriser. Og om gjenoppbygging etter konfliktar og kriser. Me er sjølvsagt ikkje aleine om å drive dette, men den lange erfaringa vår kan vera nyttig å trekkje på i det viktige Tryggingsråds-arbeidet Noreg no står framfor.

Gjennom Tryggingsrådet kan Noreg trekkje bistand sterkare inn som eit virkemiddel i utanrikspolitikken og dermed sjå det bilaterale utviklings-samarbeidet i ein større samanheng.

Bistand er eitt av virkemidla det internasjonale samfunnet rår over i det konfliktbyggjande arbeidet. Både bistand direkte inn i forsoningsprosessar, som i Guatemala og Sri Lanka, og i kampen mot fattigdom, som i Afrika.

Samarbeidet med Sri Lanka, Angola, Etiopia og Eritrea er nokre døme på langsiktig utviklingssamarbeid der fred, forsoning og menneskerettar er berande element.

Dette er viktige erfaringar Noreg må ta med seg inn i arbeidet i Tryggingsrådet.

AV

Powered by Labrador CMS