Den tidlegare diplomaten og ambassadøren Asbjørn Eidhammer er ny styreleiar i Utviklingsfondet.

Asbjørn Eidhammer er ny styreleiar i Utviklingsfondet

Asbjørn Eidhammer tok over styreleiarvervet i Utviklingsfondet i desember 2023.

– Eg har sett Utviklingsfondet sitt arbeid på bakken og er imponert over resultata for små bønder, ikkje minst kvinner. Å dyrke mat blir endå viktigare framover enn det har vore nokon gong før, seier Asbjørn Eidhammer.

Eidhammer er statsvitar, diplomat og aktivist. Han har brukt det meste av arbeidslivet sitt i Utanriksdepartementet, der han særleg har arbeidd med FN-saker. 

Han har òg vore evalueringsdirektør i Norad, og har arbeidd i Eswatini, Botswana og Malawi, der han var ambassadør i det sistnemnde landet.

Eidhammer har i tillegg vore leiar i Fellesrådet for det sørlege Afrika i tre år og leiar for program- og forskingsrådet ved Nordiska Afrikainstitutet i Uppsala. Han har gitt ut bøkene Afrikas tid (2012) og Malawi: A Place Apart (2017).

 – Eg ser fram til å bli betre kjend med dei fine medarbeidarane i Utviklingsfondet, seier han.

Powered by Labrador CMS