Ghanas president John Mahama var saman med mange afrikanske leiarar tidlegare i år på besøk i Kreml. Men Putins grep om Afrika er overvurdert, skriv ansvarleg redaktør Emil André Erstad.

Kommentar:

Vi har misforstått Russlands rolle i Afrika

Fortellinga om at afrikanske land har vald bort vestlege land til fordel for Russland, er feil og overdriven – skal vi tru oppfatningane på det nordisk-afrikanske utanriksministermøtet.

Publisert

Dette er en kommentar. Meninger i teksten er skribentens egne.

Søndag vart eit av Russlands nyaste krigsskip senka ved marinebasen i Benghazi i Libya. Måndag stadfesta president Volodymyr Zelenskyj at Ukraina stod bak.

Hamna i Libya var eit logistisk knutepunkt for Russlands militære eventyr i Afrika.

Historia om det russiske krigsskipet på havets botn i Libya er ein illustrerande detalj i fortellinga om Russlands afrikanske eventyr. Det går ikkje nødvendigvis så bra med Russland i Afrika som mange skal ha det til.

Det same var eit gjentakande tema førre veke, då representantar frå 30 afrikanske og fem nordiske land var samla i Oslo til det nordisk-afrikanske utanriksministermøtet.

Det meste av møta i Oslo gjekk føre seg bak lukka dører. Men kjelder med innsikt i kva som skjedde der, fortel til Panorama om ein særleg interessant observasjon:

Fleire av dei afrikanske landa til stades meinte at Russland ikkje er så dominerande i Afrika som mange vestlege land har trudd. Den russiske populariteten er heller ikkje så stor som ein kan få inntrykk av.

Russland mindre populære i Afrika

Det finst solide tal som støttar denne påstanden.

I mars publiserte forskingsnettverket Afrobarometer ei omfattande undersøking av afrikanarane sitt syn på internasjonale stormakter.

Berre 36 prosent vurderte då Russlands økonomiske og politiske innverknad i sitt eige land som positiv. Til samanlikning hadde 50 prosent eit positivt syn på EU, 52 prosent på USA og 62 prosent på Kina.

23 prosent vurderte faktisk den russiske påverknaden som negativ.

Dette samsvarer med eit anna gjennomgåande poeng frå samtalane i Oslo: Mange afrikanske land ønsker ikkje å velje side. Dei vil halde fast i ei strategisk 360-graders tilnærming for samarbeid i sin utanrikspolitikk – slik den vart omtalt under samtalane i Oslo. Det betyr for dei at samarbeidet med Russland, Kina, Europa og USA ikkje nødvendigvis skal utelukke kvarandre.

Det er altså ikkje slik at dei som har eit positivt syn på Russland, automatisk har eit negativt syn på Vesten. 

Russland og dei vestafrikanske militærdiktatura

Fortellinga om Russlands dominans har vore spesielt sterk i Vest-Afrika dei siste åra. Mali, Niger og Burkina Faso har alle gått gjennom militærkupp, og dei nye autoritære styresmaktene har brote med gamle vestlege allierte.

Særleg Frankrike har fått eit anstrengt forhold til dei tidlegare koloniane sine. Franskmennene måtte på audmjukande vis forlate Mali i 2022. Inn kom først den russiske Wagner-gruppa, som i 2025 vart erstatta av det russiske Afrika-korpset, direkte underlagt forsvarsdepartementet i Moskva.

Mali er eit av få afrikanske land, der Russland verkeleg er populære. Heile 88 prosent av dei spurde i Afrobarometer-undersøkinga hadde eit positivt syn på russisk påverking. Blant dei som kjende til Ukraina-krigen, meinte 72 prosent at Mali burde støtte Russland.

Men Mali er heller unntaket, enn regelen, på det afrikanske kontinentet.

Grunngjevinga for å invitere russarane inn har handla om behovet for å kjempe mot islamistiske terroristar og væpna opprørsgrupper. Sahel har i årevis vore prega av ein stadig meir alvorleg tryggleikssituasjon, og dei vestlegstøtta militæroperasjonane klarte ikkje å stanse utviklinga.

Situasjonen i Sahel stod eigentleg ikkje på programmet for møtet i Oslo, men vart likevel ein del av dei lukka samtalane mellom utanriksminister Espen Barth Eide og dei nordiske og afrikanske kollegaene hans.

Russarane leverer regimevern, men ikkje tryggleik

Eit sentralt spørsmål var kvifor Russland fekk denne posisjonen i Vest-Afrika på bekostning av vestlege land som Frankrike. Fylte russarane hol som vestlege land ikkje kunne dekke? Handla det om at Russland var betre i stand til å bidra til å halde militærregima ved makta? Eller hadde dei afrikanske landa rett og slett valt bort Vesten?

Svaret er nok i tråd med slagordet til ein tidlegare norsk statsminister: Alt heng saman med alt.

Russland har vore villig til å levere militære tenester som vestlege land av politiske og menneskerettslege grunnar har vore langt meir tilbakehaldne med. Dei nye styresmaktene har ønskt å bruke hardare makt mot væpna opprørarar og jihadistgrupper. Russland har dessutan vore villig til å støtte autoritære styresmakter utan dei same krava om demokratiske reformer.

Eit konkret døme kom frå Niger i august. Då misnøgde soldatar gjorde opprør mot militærregimet til Abdourahamane Tiani, bidrog russiske styrkar frå Afrika-korpset til å slå ned opprøret. Ifølge Reuters spela russarane ei viktig rolle i å sikre kontrollen over ein militær flybase i hovudstaden Niamey.

Dette illustrerer kva slags tryggleik Russland er i stand til å levere. Det handlar ikkje berre om å kjempe mot islamistiske opprørarar, men også om å verne regima som har invitert russarane inn. På same tid er det tvilsamt om det russiske nærværet har gjort landa tryggare.

Torsdag i førre veke publiserte til dømes Reuters ei ny undersøking av den russiske dronekrigføringa i Mali. Analysen viste at dei russiske styrkane hadde teke i bruk nye angrepsdronar, og at det er sivile maliarar som må betale med liva sine.

Det russiske Afrika-korpset har no om lag 2500 soldatar i Mali. Likevel er det lite som tyder på at landet er tryggare enn før dei kom.

Russland er ingen økonomisk stormakt

Russland har altså fått ein viktig militær posisjon i delar av Afrika, utan at det dermed betyr at landet har fått ein tilsvarande politisk eller økonomisk dominans.

Det er lett å forstå kvifor dersom ein studerer dei økonomiske grafane: Ifølgje European Council on Foreign Relations handla Russland varer med Afrika for om lag 27 milliardar dollar i 2025. Til samanlikning var varehandelen mellom EU og Afrika på nær 356 milliardar euro.

Trass i god tilgang på våpen og rå makt, har Russland langt mindre kapasitet enn dei vestlege land og Kina til å bidra med handel, investeringar, infrastruktur og utviklingsfinansiering.

Samtidig har den vestlege tilbaketrekkinga fått store økonomiske konsekvensar.

Tal frå OECD, presenterte av Verdas matvareprogram for det britiske parlamentet, viser at bistanden frå EU-institusjonane til Mali, Niger og Burkina Faso fall frå 693 millionar dollar i 2020 til 279 millionar dollar i 2024. Det er ein nedgang på 60 prosent.

I Niger var nedgangen på heile 78 prosent.

Det er mange vanlege menneske i desse landa som merkar konsekvensane av kutta mest. Sahel er framleis prega av omfattande humanitære kriser, og behova for mat, utdanning og grunnleggjande helsetenester er store.

Fleire av kuppregima var ikkje til stades under samtalane i Oslo. Mali, Niger og Burkina Faso er suspenderte frå Den afrikanske unionen og stod derfor ikkje på deltakarlista. Likevel var det eit viktig spørsmål korleis dei nordiske landa skal forhalde seg til desse styresmaktene.

I motsetning til Frankrike har Noreg framleis eit relativt godt omdømme i fleire vestafrikanske land. Noreg har gjennom mange år vore ein utviklingspartnar, har halde tett kontakt og har mindre historisk bagasje enn fleire andre europeiske land.

Norsk engasjement står ved lag

Etter militærkuppa var det lenge kontroversielt å engasjere seg direkte med dei nye styresmaktene. No er det teikn til at denne engasjementslinja er blitt mindre kontroversiell. Men dilemmaet står ved lag: Å engasjere seg kan bidra til å halde liv i regimer vi ikkje likar eller håpar skal få halde fram.

I den norske Sahel-strategien for 2024–2030 blir det slått fast at direkte bistandssamarbeid med ikkje-demokratiske styresmakter ikkje er aktuelt. Samstundes er det naudsynt å snakke med delar av statsforvaltninga, dersom vi skal kunne drive humanitær innsats, utviklingsarbeid og arbeid for demokratiske overgangar.

Norge har med andre ord bestemt seg for å halde fram engasjementet i Sahel, utan å bidra til å legitimere militærregima. Det er mildt sagt ein krevjande balansegang, men eit tydeleg anna tilnærming enn den russiske.

Det norske omdømmet og den nordiske merkevara er ikkje uvesentlege storleikar i denne samanhengen. Under samtalane i Oslo kom det fram eit tydeleg ønske om at dei nordiske landa i større grad bør opptre samla. Kunnskapssamarbeid, teknologi, investeringar og utdanning vart etterlyst – meir enn den tradisjonelle bistanden, skal vi tru dei som var til stades.

Afrika har verdas yngste befolkning, med ein medianalder på om lag 19 år. Det er venta at afrikanske land vil spele ei stadig viktigare rolle på verdsscena, i internasjonal politikk og multilateralt samarbeid framover. Då er det ikkje irrelevant for norsk og nordisk utanrikspolitikk kva formar for samarbeid vi bygger med dei i åra som kjem.

Men det er altså lite som tyder på at Afrika fell i hendene på Russland med det første.

Powered by Labrador CMS