Partileiarane om verda:

Kirsti Bergstø: – Duer kan fly i flokk, og det må vi gjere no

I ei tid med fleire våpen og meir krig, vil SV-leiar Kirsti Bergstø gjere fredsarbeidet til ein viktigare del av norsk utanrikspolitikk.

Publisert Sist oppdatert

– Kva står på spel i verda akkurat no, Kirsti Bergstø? 

– Verda er i ei brytningstid. Demokratiet og ytringsfridomen blir undergrave internasjonalt, og i Gaza ser vi det som mange fagmiljø no kallar eit folkemord. Det er avgjerande at krefter som forsvarar folkeretten og menneskeverdet vinn fram.

Partileiarane om verda

Før stortingsvalet har Panorama nyheter stilt partileiarane fleire spørsmål om kva som står på spel i verda akkurat no.

Her er intervjuet med Arild Hermstad (MDG).

Her er intervjuet med Guri Melby (Venstre).

Stortingsvalet er 8. september.

– Kva plass har globale spørsmål hatt i den norske valkampen? 

– Dei har hatt ein sentral plass. Både Ukraina og Palestina har vore viktige tema for SV, og vi har vore tydelege på at Noreg må trekkje Oljefondet ut av selskap FN har peika på. Det handlar om å ta ansvar i handling, ikkje berre i ord.

Bergstø seier vidare at det ikkje er opp til henne å konkludere om Norge gjer seg medskuldig i overgrepa, dersom Oljefondet ikkje trekk seg ut av alle selskap SV har krevd uttrekk frå. For henne handlar det om å handle i tråd med det internasjonale regelverket ho meiner Norge har forplikta seg til. Når norske selskap får åtvaringar frå FN-hald om å trekke seg ut, bør dei følge åtvaringane.

– Å ignorere slike åtvaringar er ikkje ansvarleg, seier ho.

Åtvarar mot Frp-styre

– Kva seier du til dei som meiner at det er politisk å styre Oljefondet på denne måten? 

– Det er ikkje meir politisk å trekkje pengar ut av selskap som bidreg til folkerettsbrot enn å bli verande. Regjeringa brukte nettopp dei argumenta då Noreg trekte seg ut av Russland. Dersom ikkje eit folkemord er ein ekstraordinær situasjon – kva er det då?

– Kva ser du som dei viktigaste skiljelinjene i norsk utanrikspolitikk? 

– Bistand har fått eit ufortent dårleg rykte. Listhaug snakkar om sløseri på inn- og utpust, og vil trekke fram bistandskutt som eit av dei viktigaste grepa Frp vil gjere. Det er klart at vi treng å vite at pengane kjem fram, men det er knapt nokon annan sektor der krava til resultatrapportering er høgare. Eg vil slå eit slag for bistanden. Det er solidaritet i praksis. 

SV-leiaren meiner Norge må ta leiarskap for rettferd, stabilitet og fred. Den røysta vil stilne dersom Frp får større makt, hevdar ho.

SV-leiar Kirsti Bergstø.

– Korleis opplever du det at SV stadig må kjempe for bistandsprosenten, utan alltid å få æra for sluttresultatet?

 – Det viktigaste er resultata, men når ingen får med seg at det er SV som har kjempa dette fram, kan folk tru dei får same politikk ved å stemme på andre parti. Det er ikkje rett. For å få rett politikk, treng vi òg dei som gjer jobben, seier ho.

– Er du uroa for at Ukraina vil ta så mykje plass at andre konfliktar blir gløymde? 

– Vi støttar Ukraina fullt ut, både militært og sivilt. Men vi har åtvara sterkt mot at andre kriser blir fortrengde. Noreg må klare begge delar, ikkje minst fordi vi har Oljefondet som gjer det mogleg utan å skade norsk økonomi.

Støre meir solidarisk 

Bergstø meiner det er viktigare enn nokon gong å kjempe for å trappe opp norsk fredsdiplomati. Ho peikar på at det SV pressa på for det som vart ei stortingsmelding om norsk fredspolitikk, som Stortinget skal handsama denne hausten – etter stortingsvalet.

– Fredsarbeidet er nøydd til å bli ein større del av utanrikspolitikken. Det er særleg viktig no der vi ser at reglar og internasjonale fellesskap vert sett under press.

– Korleis er det å vere due i haukane si tid?

– Du veit, duer kan fly i flokk. Og det er naudsynt å gjere no.

– Kven er den beste norske statsministeren for verda akkurat no? 

– Jonas Gahr Støre. Han er langt meir solidarisk enn Listhaug eller Solberg. Under hans leiing har Noreg både anerkjent Palestina og fordømt Israels overgrep. Vi fekk òg gjennomslag for dei første økonomiske sanksjonane mot selskap som bidreg til okkupasjon. Det viser at press nytter.

Powered by Labrador CMS