Panorama utfordrar partileiarane om verda før stortingsvalet:
Guri Melby: – Vi må ruste oss til kamp for verdiane våre, rett og slett
Guri Melby meiner verda står ved eit vegskilje. I følge Venstre-leiaren er heller ikkje norske politikarar så samde om utanrikspolitikken som dei skal ha det til.
– Kva er det som står på spel i verda akkurat no, Guri Melby?
– Verda har endra seg dramatisk dei siste fire–fem åra. Vi som har vakse opp i fred, må ruste oss til kamp for verdiane, seier ho til Panorama i intervjuserien «Partileiarane om verda».
Ho peikar på at det internasjonale systemet for å handtere konfliktar og skape fred vaklar, og folkeretten er i samanbrot.
– Vi ser ein president i USA som rullar ut den raude løparen for Putin – ein mann som er ettersøkt for å ha kidnappa tusenvis av ukrainske barn – og som samstundes forsyner Israel med våpen, trass i openberre krigsbrotsverk.
Venstre-leiaren er oppteken av at det globale bakteppet for det norske stortingsvalet er særs alvorleg, og at Norge må justere politikken deretter.
– Kva plass har globale spørsmål hatt i denne valkampen?
– Altfor lite. Vi har snakka noko om oljefondet sine investeringar i Israel og krigen i Gaza, men vi har ikkje hatt den store tryggleikspolitiske debatten. Dette handlar om framtida vår, demokratiet vårt og korleis vi skal posisjonere oss i verda. Eg hadde forventa at dette skulle prege valkampen i 2025. Viss ikkje no – når då?
Det er populært i Norge å seie at det er stor semje i utanrikspolitikken.
– Det stemmer ikkje, slår Melby fast. Ho meiner vi står i ei brytningstid og må ta nye val. Til dømes er EU-spørsmålet eit tydeleg skilje. Ho peikar også på bistand, synet på Israel-Palestina-konflikten, støtta til Ukraina, forholdet til Kina og avhengigheita av autoritære regime.
– Venstre kombinerer noko ingen andre gjer: ein tydeleg tryggleikspolitikk og meir samarbeid med Europ, kombinert med ein klar solidaritetstanke og sterk satsing på bistand, seier Melby.
– Har Venstre blitt meir «haukete» om tryggleikspolitikk, på bekostning av solidariteten?
– Nei. Vi kjempar for å bidra med våpen til Ukraina og styrkje vårt eige forsvar, men vi står òg fast på at minst éin prosent av statsbudsjettet skal gå til bistand. Det handlar ikkje om å vere hauk eller due, men om å gjere det som er rett.
– Kva er den største globale utfordringa akkurat no?
– Autoritære leiarar som set seg over lover og reglar. Dei har ulike interesser, men i praksis står dei saman mot demokrati og openheit. Resultatet er meir krig, meir konflikt, mindre handel og fleire som fell tilbake i fattigdom.

Fleire hevdar Venstre skal få det tøft i ei borgarleg regjering med eit sterkt Frp, kanskje spesielt i synet på norsk bistand og utviklingspolitikk. Venstre-leiaren svarar at ho er førebudd på å kjempe.
– Vi må ha eit sterkt Venstre for å halde bistanden på eit høgt nivå og gjere den betre. Vi ser ein klar samanheng mellom bistand og tryggleik: Når vestlege land trekk seg ut, får Russland og Kina meir rom, seier ho.
Venstre ønskjer å dele bistanden i to: 0,7 prosent til tradisjonell bistand og minst 0,3 prosent til globale fellesgode – i tråd med Sending-utvalets tilråding. Dersom Venstre får makt vil dei endre bistanden slik:
– Vi vil mobilisere meir privat kapital, styrke klimabistanden og hjelpe dei mest sårbare landa, seier Melby.
– Kven er så den beste norske statsministeren for verda akkurat no?
– Erna Solberg – men berre dersom ho har Venstre med seg i regjering. Vi er samde med Høgre om tett EU-samarbeid, styrking av forsvaret og støtte til Ukraina. Men Venstre tilfører noko Høgre manglar: folkeavstemming om EU, dobling av klimastøtte, og samanhengen mellom bistand og tryggleik. Utan Venstre blir det borte, seier Melby.