Panorama utfordrar partileiarane om verda før stortingsvalet:
– Meir bistand er ikkje idealisme, men realisme
MDG-leiar Arild Hermstad trur at globale spørsmål kjem til å avgjere årets stortingsval, og åtvarar mot konsekvensane av å gjere Sylvi Listhaug til statsminister.
– Kva er det som står på spel i verda akkurat no, Arild Hermstad?
– Den internasjonale folkeretten. Lov og orden internasjonalt er no verkeleg truga, både av det som skjer i Russland, der dei har invadert Ukraina, og den store konvensjonelle krigen som pågår – noko vi trudde vi var ferdige med. I tillegg ser vi det som skjer i Gaza og i Palestina, med det folkemordet som pågår mot det palestinske folket. Det er ein trussel mot verdsfreden, mot alt som heiter lov og rett.
Palestinaspørsmålet som splittar
Arild Hermstad åtvarar også mot konsekvensane av at Trump og ytre høgre-krefter i mange land forsterkar trugselbiletet mot internasjonale normar. Det går spesielt hardt utover tilliten til store institusjonar – som FN og dei multinasjonale organisasjonane – og viljen til å bruke pengar på bistand og utviklingspolitikk.
– Faren er alle land blir meir innadvendte, meir opptekne av seg sjølve, noko som forsterkar negative tendensar, seier Hermstad til Panorama.
– Kva plass har desse spørsmåla i valkampen?
– Eg trur denne valkampen kan bli første gong på lenge at globale spørsmål får stor betydning. Palestinaspørsmålet er sentralt og splittar partia. Venstresida, inkludert MDG, har teke tydeleg stilling til at det Israel gjer på Gazastripa, er folkemord. Dette handlar òg om å halde folk ansvarlege internasjonalt og verne små statar sine rettar, seier MDG-leiaren.
Vil doble bistanden
Sjølv skulle Hermstad ønske at valkampen handla meir om dei internasjonale spørsmåla. Til dømes vil han ha meir fokus på korleis Norge skal samarbeide med likesinna land, sIik som i spørsmålet om norsk EU-medlemskap.
– Her er det sterke krefter som helst vil halde temaet utanfor valkampen, men vi treng eigentleg ein grundigare debatt, seier han.

– Kva er du sjølv mest stolt av i MDG sitt utanrikspolitiske program?
– At vi står opp for global bistand. Vi vil både behalde éin-prosentmålet og på sikt auke med ein ekstra prosent til klimabistand. Det er ei livsforsikring for oss alle i møte med klimaendringar og miljøtruslar.
– Men korleis bør i så fall bistanden endrast?
– Vi må vere tydelege på at vi ikkje skal kutte i bistanden, sjølv om nokre parti ønskjer det. Det er òg viktig å ta vare på dei mindre postane som byggjer sivilsamfunn i ulike land. Slik byggjer ein demokrati. I Ukraina har folkeleg motstand vore avgjerande for å halde oppe kampen mot korrupsjon, til dømes.
– Må ikkje gløyme dei minst utvikla landa
– Kva bør norsk bistand prioritere globalt?
– Fattigdomsreduksjon og ei global barnetrygd. Vi må ikkje gløyme dei minst utvikla landa, sjølv om akutte krigar tek mykje merksemd og ressursar.
Hermstad fryktar at alle dei væpna konfliktane i verda tek så mykje fokus at utanrikspolitikken i mange land blir kortsiktig, og berre prioriterer å løyse akutte problem.
– Då risikerer vi å gløyme det langsiktige arbeidet for fred og rettferd, seier han.
Vil gjere Støre grønare og meir solidarisk
– Nokon vil kanskje kalle MDG sin utanrikspolitikk litt i overkant idealistisk?
– Eg meiner han er realistisk. Vi har berre éin planet. Mange av problema vi kjenner på i Noreg, skuldast globale forhold. Det er i vår eigeninteresse å tenkje langsiktig.
For det er meir pragmatisme å spore i MDG denne valkampen, ettersom partiet har vald å peike tydeleg på ein statsministerkandidat dei vil støtte etter valet – uavhengig av om dei sjølv hamnar i regjering eller ikkje.
– Vi har peika på Jonas Gahr Støre og mange målingar viser at MDG over eller under sperregrensa er det som avgjer om han får halde fram som statsminister. Han kan gjerast både grønare og meir solidarisk. Vi utelukkar samarbeid med Sylvi Listhaug, som vi meiner vil vere ein trussel mot bistand og internasjonale relasjonar, seier Hermstad.