Afghanske burkakledde kvinner arbeidde ved ein såpefabrikk i byen Kandahar i 2022. Taliban kom med ei ny lov som innskrenka rettane til afghanske kvinner endå meir 22. august i år.

Meiningar:

Med moral skal det afghanske folk styrast

Taliban si nye morallov set strenge føringar for afghanske kvinner og menn sin oppførsel, og kva dei kan og ikkje kan gjere. Etter tre år ved makta strammar Taliban-leiinga inn kontrollen over befolkninga og utfordrar samstundes den internasjonale anerkjenninga dei etterspør. Er det noko logikk her?

Dette er ein kronikk. Meiningane i teksten er skribenten sine eigne.

Taliban innførte «Lov for fremming av dyd og førebygging av laster» 21. august. Det som kjem først, og som har fått mest merksemd, er forordningane mot kvinner.

Dei skal dekke kropp og ansikt når dei er utafor heimen og stemma skal ikkje høyrast av ukjende, verken tale eller song. Deretter kjem reglar for korleis menn skal kle seg, og seinare ei 26-punkts liste over korleis afghanarar ikkje skal oppføre seg for å etterleve den konservative tolkinga til Taliban.

Lova inkluderer å be fem gonger om dagen, halde fasta, lyde sine foreldre og respektere kvarandre, men utruskap, homofili – inkludert lesbisk praksis – og gambling er strengt forbode. Regelverket kjem også med klare krav og retningslinjer for dei som skal handheve det, og vektlegg at rettleiing skal kome før straff.

Innstrammingane verkar verken logiske eller strategiske når Taliban samstundes etterspør internasjonal anerkjenning og oppheving av sanksjonar.

Stadig strengare reglar

Regelverket toppar gradvise avgrensingar av jenter og kvinners rettar, som (påstått midlertidig) forbod mot at kvinner tek høgare utdanning og avgrensingar av kvinners reising og arbeid utanom heimen.

Regelverket er møtt med sterk kritikk, også frå islamske organisasjonar og skriftlærde, og vurderingar om at det utgjer eit kjønnsapartheid. Taliban avfeiar kritikken med at dette er indre forhold andre ikkje skal blande seg i.

Her spelar dei på støtte frå Kina og Russland i FN sitt Tryggingsråd. Det kan vere grunnen til at Taliban har utestengd FN sin spesialrapportør for menneskerettar, Richard Bennett, med skuldingar om feil framstilling av situasjonen i landet.

Innstrammingane verkar verken logiske eller strategiske når Taliban samstundes etterspør internasjonal anerkjenning og oppheving av sanksjonar. Det er også i motstrid til kva Taliban sine diplomatar førespegla ved maktovertakinga i 2021.

Det reiser spørsmål om dei har halde verda for narr slik enkelte hevda alt i 2021, eller om tilstrammingane reflekterer indre usemje, og kamp om kva politikk dei skal føre.

Same praksis – varierande oppfølging

Denne morallova er meir detaljert, men i hovudsak ei vidareføring av 1990-versjonen, då varierte handhevinga. Taliban brydde seg lite om landsbygda der mange levde etter slike reglar. Dei var mest opptekne av å endre livsførselen til bybefolkninga som, ifølgje dei, var påverka av ein «ikkje-islamsk livsstil» dei måtte vernast mot.

Samstundes vektlegg Taliban si eiga Hanafi-fortolking av Islam, der dei utfordrar både internasjonale rettsnormer og afghansk tradisjon og praksis.

Like etter maktovertakinga i 2021, kom eit dekret som sikrar kvinner arverett, slår fast at dei ikkje er mannen sin eigedom og at dei skal gje sin tilslutning til kven dei skal gifte seg med. Spørsmålet er om dei no likestiller handhevinga av eigne reglar, og kva dei har støtte for i eigne rekker.

Det som skjer i Afghanistan er viktigast for Emiren. Internasjonal anerkjenning kjem i andre rekke.

Maktkonsentrasjon og moralsk styring

I motsetning til på 90-talet har Taliban no nær full militær kontroll, den eksterne politiske motstanden er fragmentert og USA avviser støtte til fornya krigføring. Nabolanda opprettheld kontakt og handel aukar.

Emir Haibatullah har konsolidert eiga makt og nytta sin religiøse status og nettverk til å ta kontroll over militær og politisk makt. Emiren oppheld seg i Kandahar, den mest tradisjonsbundne delen av landet, og han rådfører seg med ein liten krets av konservative skriftlærde framfor å ha meir konsultative prosessar.

Eit pågåande UD-støttet forskingsprosjekt ved PRIO og CMI syner at Emiren har sikra innflytelsen ved sjølv å utnemne, flytte eller sparke folk i leiande stillingar. Det inkluderer provinsguvernørar, moralpolitiet og medlemmer til dei nye provinsbaserte skriftlærde-/eldreråda. 

Det som skjer i Afghanistan er viktigast for Emiren. Internasjonal anerkjenning kjem i andre rekke, og internasjonal påverking er framstilt som ein trussel.

Morallova utgjer slik sett eit styringsverktøy over både befolkning, andre Taliban-leiarar og fotfolk, eit rammeverk alle må halde seg til. Implisitt avgrensar det handlingsrommet for meir liberale krefter som ønskjer ein mindre streng kjønnspolitikk, betre forhold til det internasjonale samfunnet og som krev meir innflytelse.

Nye generasjonar krev ny politikk

Innan Taliban er mange usamde i ein streng politikk, ikkje minst den yngre generasjonen som veit dei har støtte i store delar av befolkninga. Mange peikar på at det er stor støtte blant ministrane i Taliban-regjeringa for jenters rett til utdanning, men dei er meir delte på andre spørsmål.

Til no har dei vore forsiktige med å utfordre Emiren offentleg i frykt for indre strid og at dei kan skusle vekk staten og statusen oppnådd etter tiår med krigføring. 

Derfor kan endring ta tid om den skal kome innanfrå, men sjølv ein Emir lever ikkje evig her på jorda.

Powered by Labrador CMS