Statsminister Støre og Ap vann valet. Men den nye sammensetninga av Stortinget gjør at både utenriks- og utviklingspolitikken kan bli krevande for regjeringa dei neste fire åra.

Meninger:

Støre får det tøffare i utanrikspolitikken

Jonas Gahr Støre har vunne valet. Men lite tyder på at han får det enkelt i utanrikspolitikken framover.

Publisert Sist oppdatert

Dette er ein kommentar. Meiningar i teksten er skribentens egne.

Det første som er verdt å merke seg etter valnatta, er det grunnleggjande: Demokratiet vårt fungerer. 

Erna Solberg og Sylvi Listhaug nytta talane sine til å gratulere Støre med sigeren. I ei tid då vestlege demokrati blir utfordra av polarisering og konspirasjonstenking, er dette ingen sjølvfølge. 

Det andre – og meir krevjande – er krava som no kjem frå partia som utgjer det nye parlamentariske grunnlaget for Arbeidarpartiet på Stortinget. Det er ingen grunn til å tenke at regjeringa blir utvida eller endra, men heller at SV, MDG, Rødt og Senterpartiet sit med nøkkelen til fleirtal i forhandlingar på Stortinget. 

Vil yppe seg

Sjølv om dei mindre partia på venstresida ikkje skal i regjering, er dei klare på at dei vil bruke makta si. Støre har invitert alle desse partia til samtalar om kva som er viktige for desse. Han signaliserte måndag kveld at dette låg fast: EØS-medlemskapet, NATO-medlemskapet og trygg, økonomisk styring. 

Det er grunn til å tru at han må gje gjennomslag i saker småpartia meiner er viktige.

Allereie på talarstolen på valvaka måndag kveld, gjekk SV-leiar Kirsti Bergstø hardt ut og kravde at Oljefondet trekkjast ut av investeringar knytte til folkemord. MDG har alt signalisert at dei vil ha fondet ut av Israel. Rødt har stilt dei same krava, i tillegg til å stoppe norsk eksport av militært materiell og bidra til å gjenoppbygge Palestina.

Dette er ikkje småting. 

Mulig minefelt

For Arbeidarpartiet er Oljefondet eit av dei mest ømtålege politiske spørsmåla. Det viste Jens Stoltenbergs fomling etter FriFagbevegelse og Aftenpostens avsløringar. Partiet fryktar å politisere fondet for sterkt. Det kan svekke både tilliten til forvaltinga og avkastninga som heile velferdsstaten kviler på. Samstundes risikerer dei å bli skulda for å setje pengar framfor moral dersom dei ikkje møter presset frå venstresida. Desse partia kan no truge Arbeidarpartiet med å trekke støtta.

Det er òg all grunn til å tru at bistands- og utviklingspolitikken blir eit minefelt for dei nye partnarane på venstresida. 

SV, MDG og Rødt ønsker å auke bistanden, særleg til klima og fattigdomsbekjemping i sør. Samstundes er behova for å hjelpe Ukraina stadig større. Det er å forvente at diskusjonen om prioriteringane her blir av dei mest vanskelege diskusjonane i forhandlingane om eit nytt statsbudsjett i oktober. 

Det som ytterlegare kompliserer biletet er Senterpartiets rolle som vippeparti. Støre må sjonglere vipperolla til MDG, SV, Rødt og Sp. Sistnemte har ganske progressive formuleringar om norsk utviklingspolitikk i partiprogrammet, men også eit ganske anna syn på Norges rolle i verda enn til dømes MDG.

Mindre handlingsrom

Og over alt ligg Midtausten-spørsmålet som ei verkebyll. SV, MDG og Rødt vil presse på for nye og sterkare sanksjonar mot Israel. Arbeidarpartiet har tradisjonelt halde seg til ein balansert linje: støtte til tostatsløysing, kritikk av okkupasjonen, men ikkje full boikott. 

Kvar gong krisa blussar opp, blir dette ein kampplass i norsk politikk. Denne kampplassen vil få fornya kraft med ei så fragmentert venstreside som kan stille makt bak krava.

Konklusjonen er derfor enkel: Jonas Gahr Støre går inn i ei ny periode med svekka handlingsrom i utanrikspolitikken. 

Det blir langt vanskelegare for han å halde fast ved ei moderat linje når støtta frå fleirtalet er så sprikande, utrygg og kravstor.

Powered by Labrador CMS