Raymond Johansen trur regjeringa vil få ei utfordring i tida framover.

Johansen utfordrar regjeringa om støtte til dei som godtek Trump-vilkår

Raymond Johansen meiner regjeringa får eit problem når bistandspengar går til organisasjonar som godtek amerikanske krav i strid med norske verdiar. No vil han ha tydelegare krav.

Publisert

– Vi håpar norske myndigheiter, som i dag også finansierar våre konkurrentar, vil stille tydelege krav til sine samarbeidspartnarar.

Det stod det i pressemeldinga frå Norsk Folkehjelp som annonserte at organisasjonen ville tape 400 millionar kroner og 1700 tilsette grunna at dei avslår krav knytt til abort, likestilling og mangfalds-arbeid frå Trump-regjeringa. 

– Kva forventar de konkret at regjeringa skal gjere?

Johansen seier til Panorama at verdiane organisasjonen no har stått opp for, er noko av kjernen av det som utviklingsminister Åsmund Aukrust er oppteken av.

Likestilling er del av det Norge skal jobbe med i verda. 

– Då blir det ei utfordring for Norge framover å gi pengar til organisasjonar som aksepterer desse vilkåra, seier Johansen. 

Håpar på nei-effekt

Sjølv oppfattar han at Norsk Folkehjelp står trygt på sine eigne og norske verdiar.

– Eg håper at det skal bety noko, seier han.

Då Norsk Folkehjelp gjekk ut med dette torsdag 3. september, opplevde Johansen eit stort engasjement på blant anna Facebook.

– Folk meiner ulike ting, men eg trur at mange synest det har vore viktig å stå opp for nokre prinsipp sjølv om det kostar oss ein del.

Panorama Nyheter har vore i kontakt med UD angåande oppfordringa frå Johansen. Dei ønsker ikkje å kommentere saka på dette tidspunktet. 

– Dette vil vi kome tilbake til i slutten av neste veke, skriv Helene Sandbu Ryeng, kommunikasjonssjef for utviklingsministeren i ein e-post til Panorama fredag 4. september.

Les meir om denne saka: 

Powered by Labrador CMS