Magnhild Otnes, leiar i HK-klubben og tilsetterepresentant i styret i Norsk Folkehjelp, var med å ta avgjerda om å fase ut amerikansk bistand.

Tillitsvalt i Norsk Folkehjelp einig i avgjerda: – Vi hadde ikkje noko anna val

1700 vil miste jobben globalt som følge av at Norsk Folkehjelp stiller seg imot amerikanske krav. Mellom 40 og 50 av dei er på hovudkontoret i Norge, bekreftar generalsekretær Raymond Johansen. 

Publisert Sist oppdatert

– For å kunne forsvare kven vi er og kva vi står for, så kan ein ikkje alltid gå etter pengane. Vi hadde ikkje noko anna val, seier Magnhild Sofie Otnes.

Ho er leiar i HK-klubben som eig tariffavtalen og er i tillegg representant for dei tilsette i sentralstyret.

Otnes meiner at det er støtte for valet om å ikkje ta imot amerikanske midlar med krav blant dei tilsette. Styret har også vore einige om at dei ikkje kan gå med på det.

– Det har lege i korta at vi ikkje ville få noko unntak frå dei amerikanske krava. Eg trur veldig mange har visst om det, seier Magnhild Sofie Otnes.

Krava Norsk Folkehjelp ikkje fekk fritak frå var knytt til abort, likestilling og mangfald. 

No fasar dei ut samarbeidet med USA. Det får store konsekvensar, ikkje berre for menneska organisasjonen arbeider for, men også for dei tilsette både globalt og på hovudkontoret. 

Prosessen har allereie starta.

Uro blant dei tilsette

I kollegiet har dei lenge vore klare over at det må bli gjort endringar på hovudkontoret uavhengig av kutt i amerikanske midlar. Det var varsla nedbemanning allereie før sommaren. 

Otnes skildrar ei uro både på kontoret og blant tilsette elles i organisasjonen.

– Dette har vore tungt lenge, men det gjeld ikkje berre oss. Det gjeld heile bistandsbransjen.

Dei tilsette har også vore klar over at det har vore søkt om unntak for amerikanske krav og har håpa at det ville gå gjennom.

På eit allmøte torsdag 3. september blei alle tilsette informert om at forsøka ikkje hadde ført fram og om dei dramatiske kutta som venta organisasjonen. 

Bekymra for arbeidsmarknaden

– Har dei tilsette vore med i prosessen eller er det styret og leiinga som har tatt avgjerda?

– Det er styret som har gjort vedtaket og vi er to tilsette med stemmerett i styret. 

Otnes forklarar at leiinga ikkje har kunne gått ut med informasjon om oppseiingar før det var avklart om dei fekk unntak for krava. Det visste dei først 1. september. 

At heile bistandssektoren er ramma av kutt gjer at Otnes ser med bekymring på arbeidsmarknaden dei tilsette må gå til dersom dei mister jobben i Norsk Folkehjelp.

– Det er eit privilegium å få jobbe med noko ein brenn for og å få gjere ein forskjell. Å miste ein slik jobb er ei individuell krise. Det kan vi ikkje gløyme i den store krisa som vi også ser på verdsbasis.

Tillit til kvarandre

Organisasjonen prøver no å finne løysingar med frivillig avgang og sluttpakkar for at det skal bli minst mogeleg oppseiingar. 

Otnes skildrar ei usemje i organisasjonen når det gjeld om oppseiingane skal gå på annsienitet versus kompetanse. 

 – Som fagforeining er vi opptekne av å følge hovudavtalen vår, som går på annsienitet, sjølv om vi er veldig opptekne av kompetanse også.

Ho opplever at leiinga og klubben har tillit til kvarandre, sjølv om dei er ueinige.

– Det er tryggande. Vi gjer det beste ut av dette og forsøker å finne løysingar saman for at Norsk Folkehjelp skal komme styrka ut av dette.

1000 mister jobben i Laos

Raymond Johansen, generalsekretær i Norsk Folkehjelp, opplever at dei tilsette har forståing for avgjerda.

– Det rammar oss hardt, men eg trur mange er stolte av å vere i ein organisasjon som har prinsipp.

Også globalt vil mange miste jobben.

– Vi har over 1000 tilsette berre i vårt program i Laos. Det er hovudsakeleg lokalt tilsette mineryddarar. Dei fleste av dei vil miste jobben, seier generalsekretær Johansen.

Prosessen vil også ramme lokalt tilsette i land som Vietnam, Kambodsja, Irak og Peru. 

Eldre mann med grått hår og skjegg i mørk jakke mot svart bakgrunn.
Raymond Johansen, generalsekretær i Norsk Folkehjelp.

Johansen seier at nedtrappinga i Norsk Folkehjelp vil skje gradvis og at organisasjonen framleis har amerikanske midlar på gamle vilkår ut 2027.

– Forhåpentlegvis gjer det at vi får ei kontrollert utfasing.

Han påpeiker vidare at også denne prosessen kostar organisasjonen pengar. 

– Folk har lønn og rettar som vi skal forhalde oss til. Det er mange ting som vil krevje mykje av oss framover i ei vanskeleg tid. 

Johansen understrekar at organisasjonen er hardt ramma av denne avgjerda. Likevel er det ein del av eit større bilde. 

– Denne bransjen er møtt av ein perfekt storm der behova for det vi driv med aukar kraftig. Det ser vi i tal drepne, ei auke i krig og konflikt, og dessutan fleire angrep på humanitære arbeidarar. Samtidig går den globale bistanden ned med over 23 prosent.

Alternativ finansiering

Norsk Folkehjelp er allereie i gang med å leite etter alternativ finansiering.

Johansen forklarar at mineforbudskonvensjonen har vore viktig for Norge og at Norsk Folkehjelp har vore ein operativ utøvar knytt til det.

– Det er naturleg at vi vil kunne be om støtte til å halde fram arbeidet. Norge er eit openbert alternativ til finansiering.

I tillegg har organisasjonen opna tilstadeverelse i Brussel og vil jobbe aktivt med EU og ECHO for alternativ finansiering.

Dei jobbar også med store private givarar både i USA og I Europa og vil følge opp utviklinga av ny store bistandsaktørar i blant anna gulfen.

– Arbeidet med å finne alternativ finansiering vil krevje mykje av oss i både kompetanse og fokus, seier Johansen.

Vil framleis vere store

Sjølv om organisasjonen vil gå offensivt til verks og søke midlar andre stader, vil dei truleg ikkje klare å fylle tomrommet frå USA som har finansiert 40 prosent av organisasjonen sin mine- og eksplosivrydde aktivitet.

– Det er ikkje veldig realistisk, og heller ikkje realistisk at vi skal klare å fullstendig erstatte arbeidet vi gjer i landa som vil bli råka av kutta.

Dei resterande 60 prosentane er finansiert av andre givarar.

– Vi kjem framleis til å vere ein stor global mine- og eksplosivrydde organisasjon.

Johansen seier at hovudsatsingsområda vil vere Midtausten og Afrikas Horn.

– Det er der behova er størst.

Powered by Labrador CMS