Kommentar:
Gamalt nytt frå Aukrust
Åsmund Aukrust (Ap) lova dei største endringane i norsk bistand nokosinne. No er utviklingsministeren tilsynelatande ferdig tenkt om Vendepunkt. Førebels høyrest resultatet kjent ut.
Dette er ein kommentar. Meininger i teksten er skribentens eigne.
Under Arendalsuka for to veker sidan verka det på Åsmund Aukrust som at det var eit godt stykke igjen før stortingsmeldinga frå Vendepunkt-prosessen var klar. Han og departementet hadde riktig nok byrja å skrive på den, men utviklingsminsteren framstod langt frå ferdig tenkt.
Han kunne berre seie at regjeringa «forhåpentlegvis» vil komme «med de største endringene i bistanden noensinne».
I VG måndag kveld verka ministeren langt meir ferdig tenkt.
«Det viktigste målet kommer til å være jobbskaping», slo han fast.
I januar samanlikna han bistands- og utviklingsbransjen med Titanic-forliset i 1912. «Det er som om vi har krasjet i isfjellet, mens orkesteret fortsetter å spille».
Det var nok ikkje meint som nokon kompliment til ein bransje i krise. Metaforen vitna om ein minister som meinte at norsk bistandspolitikk trong noko langt meir dramatisk enn små justeringar. Aukrust varsla eit vendepunkt, store prioriteringar og ein ny måte å tenke bistand på.
Dersom vi skal halde oss til Titanic-metaforar, kan Aukrusts konklusjonar i VG minne meir om eit lite og forsiktig mageplask enn eit forsøk på å legge om kursen.
Då han møtte VG tidleg måndag morgon, utanfor LO-bygget, saman med LO-leiar Kine Asper Vistnes – var det ein utviklingsminister som vinka med Ap-flagget heim til sine eigne. Men det var òg ein utviklingsminister som slo inn dører som har stått opne ganske lenge.
For det er ikkje første gongen ein norsk utviklingsminister har sagt at arbeid til absolutt alle er jobb nummer ein. Det er heller ikkje særleg lenge sidan sist.
Allereie i stortingsmeldinga Sammen om jobben frå 2015 slo Erna Solbergs regjering fast at jobbskaping skulle vere eit sentralt element i norsk bistand, og at det var i privat sektor dei fleste nye jobbane måtte skapast.
Den gongen la regjeringa særleg vekt på investeringar, risikokapital, energi, landbruk, verdikjeder og samarbeid med næringslivet.
To år seinare gjekk Solberg-regjeringa endå lenger. Då blei næringsutvikling og jobbskaping løfta fram som eitt av fem hovudområde for norsk bistand, saman med utdanning, helse, klima og miljø og humanitær innsats.
Arbeidsløyse har vore eit sentralt utviklingspolitisk spørsmål i fleire tiår.
Det er med andre ord ein gamal melodi Aukrust har funne fram.
I Norfund jublar dei over Aukrusts reprisenummer.
– Det er svært gledelig at slagordet om at «arbeid til alle er jobb nummer én» nå har funnet veien tilbake til utviklingspolitikken. Det er dette ledere i utviklingsland selv etterspør, seier fersk Norfund-sjef Erik Sandersen til Panorama.
Det er kanskje ikkje så overraskande. Norfunds kjerneoppdrag er nettopp å investere i verksemder som skal skape arbeidsplassar og økonomisk utvikling i fattige land.
Ved utgangen av fjoråret var 788 000 menneske tilsett i selskap Norfund er investert i.
– Heltane i historiene våre er dyktige lokale næringslivsledere og ansatte, seier Norfunds Sandersen.
Men ikkje alle lar seg overtyde av Aukrusts nye hovudmål. Fleire i utviklingsmiljøet reagerer på Aukrusts intervju med meir skrekk enn fryd.
– Jeg mener ikke målet er dårlig i seg selv, men at det også kan kamuflere andre og uheldige vridninger av bistanden – vekk fra det opprinnelige målet om fattigdomsreduksjon, seier Langsikt-sjef Eirik Mofoss til Panorama.
Han meiner også at satsinga om jobbskaping også kan passe beleilig med kutt i program som er retta mot fattigdomsreduksjon og dei fattigaste landa. Det kan også legge til rette for ei vridning mot norske eigeninteresser – som norsk industri og næringsliv har eit fortrinn på.
– Jeg håper fattigdomsreduksjon fortsatt vil være en stor del av regjeringens satsing, også innen jobbskaping, seier Mofoss til Panorama.
Det er ei relevant innvending.
For «jobbskaping» kan bety nesten alt. Det kan bety investeringar i små og mellomstore bedrifter i fattige land. Det kan bety energiutbygging, landbruk og lokal industri. Men det kan også bli eit politisk slagord som gjer det lettare å flytte pengar frå tradisjonell bistand til tiltak som ligg nærare norske økonomiske interesser.
Derfor er spørsmålet ikkje berre kva Aukrust vil satse på.
Det verkeleg interessante er kva han vil slutte med. Og akkurat der er utviklingsministeren påfallande taus.
I sommar var Aukrust sjølv svært skuffa over at «knapt noen vil kutte», etter at han bad bistands-Noreg kome med råd om kva som burde bort.
Det var ein forståeleg frustrasjon. Det er lett å kreve meir pengar til eigne hjartesaker. Langt vanskelegare er det å peike på kva som bør få mindre.
Men no sit Aukrust sjølv med makta. Han har hatt sommaren til å tenke.
Likevel må den som les intervjuet i VG, leite med lys og lykte etter konkrete kutt.
Då journalist Alf Bjarne Johnsen spør om Aukrust har byrja å kutte, svarar utviklingsministeren at hans regjering i sommar valde å kutte ut Global Partnership for Education, og at han ønsker seg færre slike mellomledd.
Vel, var det verkeleg ikkje meir her?
Det mest interessante med Aukrusts Vendepunkt-prosess var lovnaden om noko meir: dei vanskelege prioriteringane, dei reelle kutta og ei ny retning for norsk bistand i ei tid der heile det internasjonale bistandssystemet er i endring.
På dei spørsmåla har vi framleis ikkje fått særleg mange svar.
Så vi får håpe utviklingsministeren ikkje er fullt så ferdig tenkt som han gav inntrykk av i VG.
For dersom dette er vendepunktet, har norsk bistandspolitikk vore her før.