Seier nei til amerikanske krav. Mister stort tal tilsette og inntekt.

Norsk Folkehjelp seier nei til amerikanske krav: Kan tape 400 millionar og 1700 stillingar

40 prosent av Norsk Folkehjelps inntekter kjem frå amerikanske midlar. No vil dei fase ut samarbeidet. 

Publisert Sist oppdatert

Det grunna nye krav knytt til abort, likestilling og mangfald.

Eit fullstendig bortfall av amerikanske midlar vil kunne redusere årlege inntekter med 400 millionar og påverke 1700 stillingar globalt. 

Det skriv organisasjonen i ei pressemelding. 

- Våre verdiar er ikkje til sals

Norsk Folkehjelp har vore blant verdas største humanitære mineryddingsorganisasjonar. 

Reaksjonen kjem etter at USAs utanriksdepartements Office of Weapons Removal and Abatement (US DoS PM/WRA) innførte nye krav til organisasjonar som mottar amerikanske midlar.

Dei er den største givaren til Norsk Folkehjelp sitt arbeid med minerydding og nedrusting,

– USA sitt utanriksdepartement forsøker å innføre vilkår som vil krevje at vi gir opp vårt engasjement for likestilling og mangfald, ikkje berre i program som dei finansierer, men i heile vår verksemd – også aktivitetar som blir støtta av andre givarar. Det kan vi ikkje akseptere. Vi følger norsk lov og norsk politikk, og våre verdiar er ikkje til sals.

Det seier Raymond Johansen, generalsekretær i Norsk Folkehjelp.

Organisasjonen meiner krava er uforeinlege med sine verdiar og har difor avgjort å fase ut samarbeidet med sin største givar innan minerydding og nedrusting.

Har ikkje ført fram

I dag tek organisasjonen i mot amerikanske midlar til mineryddingsprogram i sju land. 

Samarbeidet med USA har bidratt til å beskytte tusenvis av menneske mot landminer og anna eksplosiv ammunisjon.

Samstundes har det i to tiår bidratt til å legge til rette for gjenoppbygging og utvikling i lokalsamfunn som er ramma av væpna konflikt. 

Den komande utfasinga av desse midlane vil i betydeleg grad redusere omfanget av Norsk Folkehjelps mineryddingsarbeid og få store konsekvensar for organisasjonen som heilskap, står det i pressemeldinga.

Vidare står det at Norsk Folkehjelp har forsøkt å få unntak som kunne gjort det mogeleg å halde fram det viktige mineryddingsarbeidet utan å gå på akkord med organisasjonen sine prinsipp og forpliktingar.

Forsøka har ikkje ført fram.

– Vanskeleg å takke nei

– Det er sjølvsagt svært vanskeleg å takke nei til finansiering i denne størrelsesordenen, med alt det inneber, men dette er vilkår vi ikkje kan akseptere. Likestilling, verdigheit og mangfald er ikkje truslar. Det er verdiar som styrkar arbeidet vårt og bidreg til å gjere samfunn betre. Det er verdiar vi vil halde fram med å kjempe for, seier Norsk Folkehjelps generalsekretær.

Norsk Folkehjelp har i lang tid vurdert konsekvensane av avgjerda i tett dialog med landsprogramma som blir ramma av bortfallet av midlar. 

Organisasjonen trur at andre mineryddingsorganisasjonar vil akseptere dei nye krava og dermed vere i stand til å overta deler av arbeidet Norsk Folkehjelp utfører i dag.

Men, organisasjonen har også spesialiserte program som skal styrke nasjonal kapasitet innan minerydding og utvikle nye metodar og tilnærmingar.

I desse tilfella arbeider dei no med å sikre alternativ finansiering.

– Dette har vore ei utruleg vanskeleg avgjerd, og vi er djupt bekymra for konsekvensane for våre tilsette og, ikkje minst, for alle sivile som framleis lever med trusselen frå landminer og anna eksplosiv ammunisjon lenge etter at konfliktar er over.

– Likevel er dette ei grense vi må trekke. Å akseptere desse vilkåra kan opne døra for ytterlegare avgrensingar på grunnleggande rettar. Vi må stå opp for det som er riktig, sjølv når det har ein kostnad, seier Johansen.

Powered by Labrador CMS