Eirik Mofoss skiftar beite.

Eirik Mofoss gir seg i Langsikt – blir spesialrådgivar for Erna Solberg

Eirik Mofoss blir spesialrådgivar for Erna Solberg i Det globale fondet for kampen mot aids, tuberkulose og malaria. 

Publisert Sist oppdatert

Det bekreftar han sjølv ovanfor Panorama Nyheter og i ei pressemelding frå Langsikt. 

– For meg er dette ein sjeldan mogelegheit til å påverke global helse på den internasjonale arenaen og bidra til at nokre av dei største smittsame sjukdommane i verda blir overvunne og kanskje utrydda ein gong for alle.

Stillinga som uavhengig spesialrådgivar var utlyst i sommar som ein open anbodskonkurranse. Det var mange søkarar frå heile verda, men Mofoss kom gjennom nålauget. 

Han har tidlegare engasjert seg stort innan global helse i Norge både politisk og gjennom å bygge kultur for meir filantropi. Han har vore styreleiar i Gi Effektivt, medgrunnleggar i tankesmia Langsikt og tidlegare fagdirektør i Norad. 

– Dette er ei mogelegheit til å ikkje berre arbeide for å auke og betre Norges bidrag, men å påverke dei verkeleg store avgjerdene og arbeidet som skjer i Det globale fondet i tett samarbeid med andre organisasjonar. 

Det globale fondet mot aids, tuberkulose og malaria er verdas største multilaterale finansiør av globale helsetiltak i låg- og mellominntektsland. Organisasjonen deler ut rundt fire milliardar dollar i året til meir enn 100 land for å kejmpe mot sjukdom og styrke helsesystem, ifølgje Mofoss. 

Gir seg i Langsikt

Den nye jobben betyr at Mofoss gir seg som leiar i tankesmia Langsikt som han også var med å grunnlegge i 2023. 

– Det er den absolutt største nedsida, seier Mofoss.

Han held fram som styremedlem. 

– Det har vore utruleg gøy å bygge opp- og leie ein uavhengig organisasjon med flinke, idealistiske, analytiske menneske som står på for at Norge skal få meir langsiktig og kunnskapsbasert politikk spesielt i møte med globale utfordringar.

Han understrekar at organisasjonen heldigvis er i gode hender. 

Stillinga som dagleg leiar har no blitt lyst ut. I mellomtida vil Lotte Skolem vere formelt fungerande dagleg leiar. Det har ho vore sidan 1. september. Ho har, til no, vore del av leiargruppa. 

Tett på Solberg

Erna Solberg tek over rolla som styreleiar i Det globale fondet i slutten av oktober, for ein periode på tre år. 

– Dette er eit internasjonalt toppverv der ho er valt for å vere uavhengig styreleiar. Ho skal ikkje representere Norge på noko vis.

Mofoss har tidlegare arbeida i Høgre på Stortinget og har møtt Solberg gjennom sitt engasjement for global helse og som leiar i Langsikt. 

– Eg har alltid hatt stor respekt for henne både som politikar og leiar, men eg har også sett ekstra pris på at ho i heile si karriere har vist engasjement for global helse og internasjonal ulikskap, seier han.

Sjølv får Mofoss ingen avgjerdsmakt i fondet, men stillinga som uavhengig rådgivar inneber å støtte Solberg i arbeidet med avgjerdsgrunnlag, analyse, koordinering, samarbeid med andre styremedlem, diverse komitear, og arbeid med finansiering.

Er optimistisk

I ei krevjande tid for bistand og global helse ser Mofoss mange mogelegheiter. 

– Ny teknologi og innovative løysingar gjer at vi har enda betre mogelegheiter til å utrydde sjukdommar no enn før. 

Han trekk fram nye førebyggande mot hiv som blir gitt som sprøyte to gonger i året. Han trekk også fram malariavaksinene som no blir rulla ut, og at ei mogleg tuberkulosevaksine er i sluttfasen av utprøving. 

– Det er fantastisk. For meg er det veldig inspirerande. Eg håpar at verda dei neste fem til ti åra for alvor kan ta eit oppgjer med desse sjukdommane – og at dette kanskje kan vere det siste pushet mot dei. 

Powered by Labrador CMS