Hungersnaud rammar Sør-Afrika
SØR-AFRIKA: Nesten fire millionar menneske i Sør-Afrika er desperate etter matvarehjelp, melder BBC-news. – Det vi ser no er ei menneskeleg katastrofe som drep mange, særleg på landsbygda, seier Malawi sine katolske prestar.
Innhaustinga minka opp mot 25 prosent i fjor og situasjonen var spesielt akutt i Malawi, Zambia og Zimbabwe, varslar FNs organisasjon for matvarer og jordbruk (FAO). Det er berre att små lager av hovudnæringsmiddelet, mais, og marknadsprisane overstig det som er overkomeleg for store delar av befolkninga. FAO hevdar at det er været og redusert plantning som er årsak til mykje av svikta. Det er behov for naudhjelpa frå april til den neste avlinga er hausta, seier FN.