Møtet i Monterrey
Rett før påske var statsleiarar frå 50 land samla i Monterrey i Mexico for å sikre FNs målsetting om å halvere fattigdomen i verda innan 2015.
Konferansen «Finansiering for utvikling» dreia seg om å mobilisere meir pengar frå dei rike landa og krav til utviklingslandas politikk i retning av meir demokrati og mindre korrupsjon. Verdsbanken, regionale utviklingsbankar, Pengefondet, Verdas Handelsorganisasjon og FN var blant organisasjonane som stod bak konferansen.
Møtet i Monterrey syner at det er brei internasjonal semje om måla og dei føresetnadene utviklingslanda må oppfylle for at måla kan nåast. På desse områda har truleg semja aldri vore større enn ho er no. Det er ikkje like stor semje om kor mykje pengar dei store aktørane, som EU og USA, skal gje i bistand, sjølv om båe no aukar bistanden. Dei rike landa greidde ikkje bli enige om ein forpliktande opptrappingsplan for bistanden. Verdsbanken har rekna ut at det trengst ei dobling frå dei rike landa for å oppnå tusenårsmåla.
Deltakarane på konferansen i Mexico blei heller ikkje enige om korleis dei fattige landa skal få sjansen til å produsere og selje varene sine på dei rike landas marknadar. Og «Monterrey Consensus» som slutterklæringa heiter, blir heller ikkje ståande som eit dokument gjeldstynga land kan slå i bordet med overfor kreditorane sine.
Mange trekkjer nytten av slike konferansar i tvil. Sluttdokumentet var skrive på førehand, og dei fleste som møtte visste nok det meste om kva dei andre ville seia før dei sette seg til rette i flyseta. Likevel er det nyttig at verdas fremste politikarar får høve til å samlast og setje utvikling og fattigdomsreduksjon i høgsetet nokre dagar. Det er viktig ar USAs president får ein arena der han kan få internasjonal merksemd for eit løfte om over 40 milliardar kroner meir i bistand.
Mange meiner slutterklæringa ikkje var forpliktande nok. Mogeleg det, men viss ei litt «slapp» slutterklæring er prisen ein må betale for å få med seg amerikanarane, kan det vise seg at det er verdt prisen. Uansett om ein likar det eller ikkje, er USAs internasjonale innverknad - både økonomisk og politisk - så stor at det truleg ville vera øydeleggjande for sjansen for å nå tusenårsmåla dersom dei melde seg ut.
Astrid Versto