Rapport frå klinikken
Kaputa er ein kommune som ligg lengst nord i Zambia og grensar til DR Kongo. Kommunen ligg 400 km frå næraste tettstad og vegen dit er i elendig forfatning. Den vidstrakte kommunen har ca 90 000 innbyggarar. Av desse er 60 prosent analfabetar.
Som helsesøster vart det naturleg at eg engasjerte meg på klinikken i arbeidet med mor og barn. Problema bestod for ein stor del av under- og feilernæring, diaré og malaria. Dessutan var der ein grenselaus fattigdom, noko som særleg gjekk ut over kvinner og barn.
Ein føremiddag i veka var sett av til førstegongs konsultasjon for gravide. Det møtte fram minst 50-60 gravide kvinner. I plenum blei dei så spurt om m.a. namn på seg sjølv og mannen, og alder. Fleire av kvinnene visste ikkje kor gamle dei sjølve var. Dermed blei det skrive A i rubrikken for alder, og A står for «adult».
Dessverre kunne ikkje alle gravide i Kaputa gå under begrepet «adult».
Mange såg ikkje ut til å vere eldre enn 10-12 år. Det var fælt å sjå den svulmande gravide magen i ein liten uferdig jentekropp. Mange av dei fleirgongsgravide var ikkje meir enn 140-150 cm høge. Årsaka til dette er at dei blir gravide i altfor ung alder. At jentene ikkje har fått høve til å bli utvokste, kan føre til at bekkenet er for trangt for ein vanleg fødsel. Dei aller fleste føder heime i landsbyen, og talet på dødfødslar er stort. Dessutan er her korkje lege eller operasjonsmulegheiter, så keisarsnitt er ikkje aktuellt.
Dei gravide blei spurt om kor mange barn dei hadde, alder på desse og kor mange som var i live. Dei fleste visste kor mange barn dei hadde, men svært få kunne gjere greie for alderen på barna sine. Var dei fødde før eller etter regntida, skal tru? Og var det forrige regntid eller den før der igjen?
Nesten alle dei fleirgongsgravide hadde barn som var døde. Ei kvinne på 18 år var gravid for 6. gong, og alle fem barna var døde. Ei kvinne på 20 år var gravid for 8. gong, ein annan 20 åring var 7. gongsgravid og ei på 22 år var gravid for 10. gang.
Av svangerskapsjournalen kunne eg lese at ho fødde første barnet sitt då ho var 8 år. Eg spurte om dette var riktig, og fekk bekrefta at slik var det. Det er heilt vanleg å verte mor i 10-årsalderen. Då kan ein også forstå kvifor dei er analfabetar. Desse kvinnene har passa småsøsken fram til dei sjølve blei mødre, og dermed blei det aldri skulegang.
Kvar kvinne gjennomgår ca 12-14 svangerskap. Så mange svangerskap er ein stor risiko. Kvinnene vert avmagra og avkrefta, og til slutt sit gjerne mannen att som enkemann med mange små barn. Barna vert oftast plasserte ut over til slektningar.
På småbarnskontrollen vert barna vegde og får vaksiner. Om lag halvparten av barna er undervektige. Mange av dei lid av kraftig underernæring. Ein dag i veka vart dei undervektige barna og mødrene deira samla under eit mangotre bak klinikken. Der forsøkte Brenda Sampa å lære mødrene korleis dei skulle lage næringsrik graut til barna sine. Mødrene sang og dansa medan søtpotetene og maismjølet kokte over bålet. Ei gul plastkanne gjorde nytte som tromme. Mødrene log og skratta sjølv om barna deira var så ufatteleg avmagra. Barna skreik og venta utålmodig på at maten skulle bli ferdig. Det var kan hende dagar sidan sist dei hadde fått mat.
Eit av barna var 9 månader og vog 4,3 kg. Ho var så avmagra og avkrefta at ho ikkje kunne sitte. Augene var matte og innsunkne, og ho ynka seg heile tida. Når grauten var ferdig, åt ho tallerken etter tallerken. Mora blei åtvara mot å gje barnet så mykje på ein gong, men ho høyrde ikkje etter. Resultatet blei diare og oppkast hos den vesle.
Mange av barna hadde store kulemagar og tynne armar og bein. Dei stod ved sida av grauten som kokte over bålet og skreik av svolt. Når maten var ferdig, åt dei med glupande apetitt. Mødrene fekk med seg mjøl heim til å koke graut av. Barna synte imidlertid liten eller ingen vektauke, så ein kan vel stille spørsmål om det var barna som fekk nytte av mjølet. Det er nemleg vanleg at mennene et seg mette først, deretter får kvinnene mat. Barna får mat dersom der er noko igjen.
Ei av barna vog 5 kilo og var 1 1/2år. Barnet hadde eit stort antal om lag 1 cm lange arr på venstre side av brystkassa. Desse var laga enten av foreldra eller av ein witchdoctor. Dei skulle fordrive sjukdommen som herja inne i henne, og som gjorde at ho ikkje la på seg. Dette var første gong barnet var på klinikken. Lange avstandar og manglande transport gjorde det vanskeleg å nå fram til fagfolk.
Ein dag eg kom tilbake til klinikken etter lunsj, høyrde eg ei forferdeleg hyling og roping inne frå eit av pasientromma. Eg trudde først det var ei kvinne som var blitt overtalt til å føde på klinikken. I staden viste det seg at det var ei mor som hadde mista eit lite barn på under eitt år.
Dei kom frå ein fiskarlandsby om lag ein times køyring frå Kaputa sentrum. Barnet var underernært og hadde anemi. Manglande transport var årsaka til at dei ikkje nådde fram til klinikken i tide. Dermed stod ikkje livet til å redde.
Ein føremiddag fekk eg besøk av jordmora. Ho kunne fortelje at kvelden i førevegen hadde det kome inn ei fødande kvinne på klinikken. Fosteret låg i tverrleie og eine handa hadde falle fram. Ho måtte altså til eit sjukehus for å få ta keisarsnitt, og dei hadde ikkje transport, så kunne dei få låne vår bil? Næraste sjukehus ligg 200 km unna på dårleg grusveg.
Den 7. mars blei vi evakuerte frå Kaputa som følge av krigen i DR Kongo. Soldatar i hundretal og titusenvis av flyktningar strøymde inn til Kaputa, og gjer det enno. Dette har gjort situasjonen for lokalbefolkninga endå vanskelegare.
Eldrid Ryste er utdanna helsesøster og har
arbeida frivillig blant mødre og barn i Kaputa i Nord-Zambia. Mannen hennar arbeider for Norad som ekspert same stad.