Seksuelle overgrep mot flyktningar
Vitnesbyrd frå flyktningar i tre afrikanske land viser misbruk gjort av bistandsarbeidarar som representerer meir enn 40 organ og organisasjonar, ifølgje FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR).
Juan Martinez, talsmann for den internasjonale Røde Kors-komiteen (ICRC), melder at institusjonen hans sender ut ei klar fordømming mot slike uakseptable handlingar som skadar spesielt sårbare menneske.
Ives Bellego, talsmann for Leger uten grenser (MSF), uttrykte sinne omkring overgrepa, og sa at MSF, som var omtalt i rapporten til UNHCR, ville gjennomføre ei intern gransking av saka. UNHCR og Redd Barna si etterforsking erklærer at vold og seksuell utnytting ser ut til å vere utbreidd i samfunna dei besøkte i Guinea, Liberia og Sierra Leone.
Etterforskingsteamet består av ein representant frå kvar av dei to organisasjonane, i tillegg til ein uavhengig konsulent. Dei intervjua 1500 barn og vaksne og mottok informasjon om alvorleg misbruk utført av 67 individ, som arbeider for organ og ikkje-statlege organisasjonar som tilsynelatande skal verne flyktningar og fordrivne.
«Bytte av sex for pengar eller gåver ser ut til å vere utbreidd, og majoriteten av barna vi snakka med sa dei kjende til minst eitt anna barn som var involvert i slik utveksling», seier rapporten. Barna ser det ofte som det einaste alternativet for å få tak i mat eller dekke andre nødvendige behov, inkludert ressursar for utdanning. Dei fleste av offera er ungdommar mellom 13 og 18 år. Gjerningsmennene er som regel menn med relativt stor makt og innverknad, har tilgang til varer og tenester, eller har høg inntekt, ifølgje etterforskingsgruppa.
Denne relativt velståande eliten inkluderer FN-personell, medlemmer av fredsbevarande styrkar og tilsette i humanitære ikkje-statlege organisasjonar. I dei tre landa som blei besøkt, var arbeidarar i organ frå internasjonale og lokale ikkje-statlege organisasjonar i tillegg til FN-organ, rapportert til å vere dei vanlegaste gjerningsmennene for seksuelle overgrep mot barn, «ofte med bruk av humanitær hjelp og tenestar som skal vere eit gode for flyktningar, som verkemiddel i utnyttinga.» Som bytte for sex, blei jenter under 18 år gitt kokeolje, kveite, plastikkfat, medisin, transport, lån, utdanningskurs og fagleg opplæring, seier rapporten.