Bård Vegar Solhjell har store forventningar til den nye kongen.

Solhjell: – Haakon kan bli vår første verkeleg internasjonale konge

Kong Haakon har ei internasjonal erfaring få norske politikarar kan måle seg med, meiner Bård Vegar Solhjell. Men han trur kongen blir meir forsiktig enn kronprinsen var.

Publisert Sist oppdatert

– Han er kanskje den første verkeleg internasjonale kongen vi får, seier Bård Vegar Solhjell i den nye episoden av Panorama Nyheters podkast Verdensproblemer.

Solhjell, tidlegare Norad-direktør, statsråd og SV-topp, meiner kong Haakon skil seg frå forgjengarane gjennom breidda i den internasjonale erfaringa si.

– Han forstår, meistrar og har vakse opp i globaliseringen sin tidsalder, seier han.

Høyr episoden her:

Haakon er ofte blitt forbunden med fattigdom, klima, berekraft og åra som goodwill-ambassadør for UNDP. Men Solhjell meiner det gir eit for smalt bilete.

Han peikar også på kongens erfaring frå Forsvaret, arbeidet med norsk næringsliv og interessa for teknologi.

– Eg ser ein person som har ei veldig stor breidde i den internasjonale forståinga si, seier Solhjell.

Samtidig meiner han kong Haakon vil måtte opptre annleis enn kronprins Haakon.

– Å vere konge er noko heilt anna. Når du har det øvste ansvaret, skal du meistre heilskapen og ha ansvar for alt.

Som konge er Haakon dessutan på jobb for norske interesser når han reiser utanlands, understrekar Solhjell.

Stjernekvalitet

Han meiner kongehuset kan gi norsk utanrikspolitikk ei særleg kraft internasjonalt.

– Det tilfører ein slags ekstra «star quality». Ein statsråd er liksom ingenting samanlikna med ein konge der ute i verda når du skal få til noko.

Solhjell trur likevel den største utfordringa for den nye kongen kan kome heime.

– Det å klare å vere den samlande kongen er hans største utfordring.

Høyr heile samtalen med Bård Vegar Solhjell i Verdensproblemer.

Powered by Labrador CMS