Å vere ei positiv kraft i verda, er ingen liten ambisjon på vegne av kongeriket, skriv ansvarleg redaktør Emil Erstad.

Kommentar:

Slikt kan idealisten Haakon ikkje lenger seie om verda

Den gamle idealisten av ein kronprins er borte. Grunnen er vel så mykje at verda har endra seg, som at kong Haakon har fått ei ny rolle.

Publisert Sist oppdatert

Dette er ein kommentar. Meiningar i teksten er skribentens eigne.

«Vi skulle nå tusenårsmålene, vi hadde framtidstro, pågangsmot og en dose naivitet.»

Det er kong Haakons eigne ord om den han eingong var.

I Kjetil Østlis biografi Haakon. Historier om en tronarving frå 2023 ser den dåverande kronprinsen tilbake på det internasjonale, radikale og idealistiske miljøet han var ein del av som ung vaksen.

Haakon vart forma av ei tid som trudde verda kunne styrast i rett retning. Fattigdommen skulle ned. Fleire skulle få skule, helse og eit betre liv. Han studerte statsvitskap ved Berkeley og utviklingsstudiar i London, vart ein del av Young Global Leaders og var med på å starte Global Dignity. I 2003 vart han goodwillambassadør for UNDP. Der vart han i meir enn tjue år – først som ein kongeleg ambassadør for sjølve framtidstrua i tusenårsmåla.

Ambisjonane var enorme, og dosane var store av både framtidstru og pågangsmot.

«Nå skulle vi bare fikse på de siste globale tingene, så alle får det litt bedre, og verden blir litt tryggere», skriv Haakon i boka.

Blir konge i ei ny verd

Det er vanskeleg å sjå for seg at den nye kongen ville formulert seg slik om verda i dag. I alle fall verka det ikkje slik for oss som fekk sjå han i si nye rolle under avlegginga av kongens eid i Stortinget tysdag.

For det er ikkje berre fordi Haakon har fått ei ny rolle. Verda han blir konge i, er òg ei heilt anna enn den kronprins Haakon vart forma av.

Det internasjonale engasjementet var aldri berre noko Slottet eller Utanriksdepartementet hadde funne på for å gi ein ung kronprins noko å gjere. Tvert imot.

«Det ble ikke lagt opp for meg, jeg fant fram til det selv», seier Haakon i Østlis leseverdige bok.

Det er eit viktig poeng. Han søkte seg mot idealismen, kampen for ei betre verd og det han seinare kom til å kalle «en dose naivitet».

Når han reiste offisielt som kronprins, var det norske styresmakter som i stor grad bestemte kvar det var nyttig at han drog. Som UNDP-ambassadør, var perspektivet meir globalt og det var FN som styrte prioriteringane.

«Det er fint å ha FNs globale perspektiv, og ikke se alt bare ut fra norske interesser», seier han i boka. Det er også eit sitat som vi sannsynlegvis aldri kjem til å sjå igjen frå den nye kongen.

Som kronprins kunne Haakon vere anywhere, men som konge er nok langt meir bunden til å vere somewhere.

Ein meir realpolitisk kong Haakon

Den dåverande kronprins Haakon var ikkje den einaste som trudde vi kunne utrydde fattigdom, eller at alle kunne få utdanning. Han var heller ikkje åleine om å tru at vi kunne fjerne barnedødelegheit til eit absolutt minimum. At vi ville bygge fleire demokratiske institusjonar, ikkje færre. At konfliktar kunne løysast med fredelege middel. Verda kunne lage felles mål, og land kunne arbeide saman for å nå dei.

Det skjedde då også enorme framsteg og byks i denne perioden då optimismen og framtidstru råda.

Men kanskje håpa vi på noko som var for urealistisk, og kanskje gapa mange i optimismens namn over for mykje og undervurderte motkreftene?

Det er i alle fall tydeleg mellom linjene i Østlis bok at den eldre Haakon er av ein meir realistisk støpning. Han vurderer Norges rolle i verda i dag langt meir langs både tryggleikspolitiske, handelspolitiske og eigeninteressenes linjer. 

Det liknar til forveksling på det som er konsensusen i Stortinget i utanrikspolitikken, og tonene som den nye kongen skal danse etter.

Utrygg og uføreseieleg verd

Kanskje er det ikkje Haakon som har endra seg mest, men verda rundt han – og at han heile vegen har sett det som si rolle å spegle den utanrikspolitiske verkelegheita Norge er del av.

Russland fører krig i Europa. Stormakter kivar, bryt folkeretten og øydelegg institusjonar. Demokratiske institusjonar er under press i ei rekkje land. Bistandsbudsjett blir kutta. Klimasamarbeidet møter sterkare politisk motstand. FN slit med å levere på dei konfliktane organisasjonen vart oppretta for å hindre og løyse.

– Dei val Dykkar Majestet har gjort som kronprins, viser ein monark som er førebudd på å forme og fylle rolla i pakt med vår eigen tid, sa stortingspresident Masud Gharakhani under avlegginga av kongens eid.

I den første talen sin som konge sette Haakon sjølv ord på brotet mellom farens tid og hans eiga: Verda er blitt «meir utrygg og uforutsigbar». Det er kanskje den viktigaste internasjonale erkjenninga den nye kongen har kome med så langt.

UNDP er nok for kontroversielt

Som konge vil han sjølvsagt få mindre rom for personlege initiativ. Han skal representere Norge. Han må femne langt breiare enn kronprinsen gjorde. Han må vere varsam med spørsmål som kan bli oppfatta som politiske.

Oppdraget som UNDP-ambassadør er eit godt døme.

Det er eit felt som blir direkte ramma av Frps forslag om kutt i bistandspolitikken – og som dermed er så politisert i ein norsk kontekst at det er vanskeleg å tenke seg at ein konge kan løfte det fram like tydeleg som kronprins Haakon gjorde.

Derfor er det godt mogleg at mange som har følgt den internasjonalt orienterte og lett idealistiske kronprinsen, ikkje alltid vil kjenne han att som konge.

Minner frå ei anna tid.

Men det verkeleg interessante er kva han gjer når verdiane han har brukt store delar av sitt vaksne liv på å forsvare, blir sette under langt hardare press.

For mykje av det som for tjue år sidan kunne framstå som relativt ukontroversielt, er ikkje det lenger – slik som UNDP, men også andre delar av bistanden og FN-systemet, folkeretten og det som hittil har vore sjølvsagt.

Korleis møter den nye kongen vår at internasjonalt samarbeid har blitt ein politisk kamparena?

Korleis møter han at globalisering har fått langt fleire motstandarar?

Bidra positivt i verda

Han vidareførte valspråket til oldefaren, farfaren og faren: «Alt for Norge».

Men han la sjølv noko til i tolkinga av det – som minnar om den Haakon vi kjenner frå tidlegare:

«Alt for Norge» inneber også eit ansvar for at Norge som nasjon «bidrar positivt i verden».

Det kunne ha vore ei ganske ufarleg formulering frå kven som helst. Men i den verda Haakon no er konge i, er ho ikkje heilt utan innhald – og den veg tungt frå leppene til ein konge.

Kva betyr det så at Norge skal vere ei positiv kraft?

Det kan ikkje kongen definere politisk. Han skal ikkje meine noko om bistandsbudsjett, FN-røystingar eller den eine eller andre konflikten. Men han kan halde fast ved noko meir grunnleggande: at Norge ikkje står utanfor verda, at små land er avhengige av reglar, at demokrati og rettsstat betyr noko – og at menneskeverdet ikkje stoppar ved landegrensa.

Ein konge treng ikkje vere heilt verdinøytral.

Og ein konge kan – og skal – bidra til Norges rolle i verda. Kong Harald snakka ofte om «snobbeeffekten»: at han som konge kunne opne dører ute som elles stod stengde. For norsk næringsliv. For fredsmeklarar. For norske interesser, som ofte også er norske verdiar.

Kronprins Haakon tilhøyrde ein generasjon som trudde dei skulle løyse dei siste store problema i verda. Kong Haakon arvar ei verd som har begynt å lage dei på nytt.

Å vere ei positiv kraft er derfor ingen liten ambisjon på vegne av kongeriket.

Ein skal aldri undervurdere ein god dose naivitet.

Powered by Labrador CMS