Kong Harald V (1937 – 2026)
Flyktningen som vart fredsnasjonens ansikt
Kongen var kanskje ingen idealist som skulle redde verda, men han opna likevel dører for dei som skulle det.
Kong Harald vart fødd inn i ei verd der Norge var eit lite land som trong andre. Han døydde etter eit langt liv som representant for eit Norge som meinte andre trong oss.
Sjølv om kongen vart fødd før FN, fell kong Haralds liv nesten perfekt saman med bygginga av etterkrigstidas internasjonale orden. Som åtteåring vende han heim til Norge, same året som FN vart etablert.
Og mot slutten av livet snakka han om folkeretten, demokratiet og behovet for internasjonalt samarbeid i ei tid der desse institusjonane var under stort press.
Kongen var sjølv flyktning i starten av livet sitt, og vende fleire gonger tilbake til opplevingane frå den gongen – også når han snakka om menneske som sjølve måtte flykte frå hus, heim og eigne land.
Og det var kanskje noko med denne starten på livet, og at Norge i løpet av hans liv skifta plass i verda – frå eit lite land som sjølv trong tryggleik, gjenreisingshjelp og vern, til eit land som kunne bidra med dette til andre.
Vi skal ikkje blåse opp kong Haralds personlege betydning for norsk engasjement i verda. Det er ikkje mogleg å hevde at kong Harald var verken fredsdiplomat, bistandsarbeidar eller klassisk idealist. Han studerte aldri utviklingspolitikk eller verva seg som UNDP-ambassadør.
Men kong Harald kunne noko ingen norske politikarar kunne gjere: Han kunne representere Norge i verda med kontinuitet, og det gjorde han heilt fram til slutten. Seks ulike statsministrar og elleve ulike utanriksministrar kom og gjekk, men kong Harald var med heile vegen i dei meir enn 35 åra han var monark.
Han stod der då Mandela kom til Norge, då Xi Jinping tok imot oss i Beijing, då Aung San Suu Kyi endeleg fekk halde sitt Nobelforedrag og då Tanzanias president kom til Oslo.
Men kongen var nok ingen idealist i klassisk forstand. Han var ikkje ein som berre representerte «det gode» Norge, utan eigeninteresser og med grenselaus solidaritet. Ute i verda representerte kongen heile Norge – også eigeninteressene. Det var slett ikkje slik at alle kongens statsbesøk og reiser handla om fred, flyktningar og bistand. Då kongeparet i 2018 drog til Kina, hadde dei til dømes med seg 300 norske næringslivsrepresentantar.
Kongen var like mykje ein døropnar for norsk eksport, laks og olje som ein representant og eit symbol for norske verdiar. Slik var kong Harald også eit godt bilete på norsk utanrikspolitikk: idealisme og eigeninteresser som sat på same fly ut i verda.
Kong Harald og Dronning Sonja besøkte Mandelas Sør-Afrika i 1998, og året etter kom Nelson Mandela på besøk attende til Norge. Det skjedde etter mange år der Norge hadde støtta kampen mot apartheidregimet.
I 2014 besøkte kongen Myanmar, i det som i ettertid kanskje representerer ein epokes feilslåtte optimisme. Den gongen skreiv kongehuset at norsk støtte til demokratiseringa av Myanmar var «hovudmålet» med besøket. Kong Harald var til stades då Norge og Myanmar inngjekk ei avtale om utviklingssamarbeid med fred, forsoning, demokratisering og reform som mål – og møtte sjølv Aung San Suu Kyi ved fleire høve.
Seinare veit vi at historia om Myanmar ikkje vart så lukkeleg som mange håpa den gongen. Også desse mange forsøka på å bidra til ei betre verd, som ikkje viste seg å verke, er ein del av kongens og vår internasjonale historie.
Det er interessant å lese kva kongen har sagt om verda og internasjonalt samarbeid opp gjennom åra. Spesielt mange gonger har han framheva internasjonalt samarbeid, norsk engasjement for ei betre verd og internasjonale, forpliktande avtalar. I nyttårstalen i 2001 løfta han fram FN som det sentrale forumet for fred og internasjonalt samarbeid. I 2023 snakka han om å stå opp mot krefter som truga fridomen vår, folkeretten og demokratiet.
Det er feil å framstille han som ein politisk aktør for norsk engasjement i verda, men det er heller ikkje rett å gjere kongen betydningslaus eller innhaldslaus. Vi treng at fleire enn dei mest uttalte idealistane forsvarar FN, folkeretten, samarbeid, demokrati og ikkje minst solidaritet på tvers av landegrenser.
Kong Harald var ikkje idealisten, arkitekten eller drivkrafta bak Norges internasjonale engasjement. Men han var ein av dei mest langvarige og synlege representantane for det.
Må han kvile i fred.