Som utanriksminister fekk Børge Brende sjeldan spørsmål om kva bistandspengane faktisk blei brukt på. Det var langt meir merksemd om kor stor bistandsprosenten skulle vere enn om kvaliteten på pengebruken, skriv ansvarleg redaktør Emil André Erstad om Epstein-høyringane.

Meninger:

Ukontroll og uvitenheit i Stortinget

Spegl, spegl på veggen der: Korleis står det eigentleg til med kunnskapen om bistand på Stortinget? Dag éin av Epstein-høringane gav i alle fall litt svar på akkurat det.

Publisert

Dette er en kommentar. Meninger i teksten er skribentens egne.

Heller enn berre å kalle inn landets tidlegare utanriksministrar og utviklingsministrar, kunne Stortinget med fordel også tatt ein kikk i spegelen.

For det mest slåande etter den første dagen med dei såkalla Epstein-høyringane var ikkje kva dei tidlegare statsrådane avslørte om kulturen i Utanriksdepartementet.

Spoiler alert: Det var lite.

Sayed og Haltbrekken var presise

Erik Solheim, Heikki Holmås, Jonas Gahr Støre, Børge Brende og Ine Eriksen Søreide måtte svare på både krevjande, relevante og overraskande spørsmål. Men fleire av spørsmåla låg så langt ute i grøftekanten av mandatet at dei først og fremst reiste spørsmål om kunnskapsnivået hos stortingsrepresentantane som stilte dei.

Jonas Andersen Sayed frå KrF leia onsdagens høyring.

Enkelte komitémedlemmer stilte svært konkrete spørsmål om habilitet, personlege nettverk, kontroll med bistandspengar og grensa mellom legitimt diplomati og problematiske relasjonar. KrFs Jonas Andersen Sayed og SVs Lars Haltbrekken var blant dei som tydeleg hadde gått grundig inn i sakene, og som utmerkte seg positivt.

Men fleire gonger forsvann høyringa i heilt andre – og ofte litt rare – retningar.

Amundsen og Bae Nyholt var upresise

Komitéleiar Per-Willy Amundsen frå Frp rota seg til dømes under utspørringa av Erik Solheim inn i ein lang diskusjon om Kina og USA, og om Solheims forhold til Kina. Raudts Hege Bae Nyholt brukte tid på spørsmål om bistand til Bosnia var brukt for å påverke landet i retning Nato-medlemskap – og ein del anna rusk.

Det var ikkje alle spørsmål frå komitéleiar Per Willy Amundsen som trefte like godt.

Jonas Gahr Støre fekk på si side spørsmål om komiteen i det heile kunne stole på han, med referanse til kva han tidlegare hadde sagt om sin kontakt med Hamas då han var utanriksminister.

Det kan sjølvsagt finnast grunnar til å stille også slike spørsmål. Men når ein kontrollkomité skal undersøke kultur, nettverk og forvaltning av milliardar av bistandskroner, er presisjon ganske avgjerande.

For dette er ikkje eit lite politikkområde. 

Meir snakk om innhaldet, takk!

Heikki Holmås peika i høyringa på noko vesentleg: Norsk bistand har over tid gått frå først og fremst å vere hjelp til andre land, til også å bli eit reiskap for norske utanrikspolitiske interesser. Pengar kan bli brukt der USA har interesser fordi det gir tryggingspolitisk kapital. Norske næringsinteresser, utviklingspolitiske mål og utanrikspolitiske omsyn kan trekke i ulike retningar.

Nettopp derfor krev dette politikkområdet meir politisk kontroll, ikkje mindre.

Børge Brende leverte kanskje det mest interessante poenget om Stortingets eiga rolle. Som utanriksminister fekk han, sa han, sjeldan spørsmål om kva bistandspengane faktisk blei brukt på. Det var langt meir merksemd om kor stor bistandsprosenten skulle vere enn om kvaliteten på pengebruken. Han etterlyste også eit ryddigare skilje mellom bistand til fattigdom og humanitære formål og pengar som blir brukt på til dømes amerikanske tenketankar.

Den tilbakemeldinga burde svi litt på Stortinget.

Norge i verda var i skuggen politisk

For lenge var utanrikspolitikken eit felt der mykje av den reelle diskusjonen skjedde bak dei lukka dørene i Stortingets utvida utanriks- og forsvarskomité. Det fanst ei brei politisk forståing av at utanrikspolitikken kravde kontinuitet, semje og ein viss varsemd i den offentlege debatten. Norge var eit lite land i verda, og så vidare.

Slik vart Norge i verda der ute ein skuggeflekk på mange politiske kart.

Krigen i Ukraina, eit endra forhold til USA og ein langt meir uroleg verdssituasjon har gjort utanrikspolitikken til ein større del av den offentlege politiske debatten. Så kom Epstein-filene.

Erik Solheim heldt fleire glødande innlegg for internasjonal utvikling, i løpet av si tilmålte tid i høyringa.

Dei har utløyst spørsmål om nettverk, habilitet, pengebruk og kontroll som det er gode grunnar til å stille. Men høyringa viser samtidig kor vanskeleg det er å føre effektiv kontroll dersom Stortinget ikkje over tid har bygd opp tilstrekkeleg interesse og kunnskap om kva pengane faktisk blir brukt til. Å stille presise spørsmål er ein kunst, og den kunsten beherskar i liten grad alle i Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité.

For det kom elles oppsiktsvekkande lite nytt frå dei tidlegare statsrådane den første dagen av høyringane.

UD har ansvar, men Stortinget òg

Frå Solheim til Søreide var bodskapen forbausande lik: Ingen av dei meinte dei hadde opplevd ein generell ukultur i UD. Solheim meinte departementet ikkje hadde meir ukultur enn Stortinget. Støre meinte det ikkje var dekning for sjølve omgrepet «ukultur». Brende framheva kvaliteten på embetsverket, men meinte forvaltning og kontroll av bistandspengar i større grad burde ligge hos fagfolk i Norad.

Dei var også samde om at diplomati krev nettverk og risikovilje. Problemet oppstår når nettverka ikkje er opne, eller kontrollen med dei ikkje er god nok.

Solheim formulerte prinsippet enkelt: Tillit, men kontroll. Holmås åtvara mot at svaret på Epstein-saka blir eit system der frykt for å gjere feil gjer at ingen lenger vågar å ta risiko.

Det er eigentleg kjernen i heile høyringa.

Kontroll betyr ikkje nødvendigvis fleire skjema, fleire reglar eller mindre diplomati. Det betyr at nokon må vite kva dei skal kontrollere, forstå kvifor pengane blir brukt som dei blir – og stille dei rette spørsmåla når noko skurrar.

Der har ikkje berre Utanriksdepartementet eit ansvar.

Det har Stortinget også, og då må ein vite kva ein skal sjå etter.

Powered by Labrador CMS