Ein av dei som skal inn i onsdagens høyring er Børge Brende. Det er å håpe at han gir fleire gode svar enn vi hittil har fått, skriv ansvarleg redaktør Emil André Erstad.

Kommentar:

Her er Epstein-spørsmåla som fortener svar

Dei beste spørsmåla i Epstein-høyringa er altfor viktige til å vente med å bli stilt.

Publisert Sist oppdatert

Dette er en kommentar. Meninger i teksten er skribentens egne.

Den siste veka har det gått sport i å kritisere den såkalla «Epstein-høyringa» som skal skje på Stortinget onsdag og torsdag. Erik Solheim kalla i DN høyringa «en absurd overreaksjon». Utanriksforskar Iver B. Neumann sa til Panorama at høyringa er «bortkastede skattepenger». E24-redaktør Torbjørn Røe Isaksen meinte tysdag at ho både er meiningslaus og kjem for tidleg.

Det er gode argument mot at Stortinget skal bruke to fulle dagar på å spørje ut tidlegare utanriksministrar og utviklingsministrar om «kontroll og kultur» i utanrikstenesta.

Det kan gjere våre fremste diplomatar meir redde for å gjere feil enn for å prøve å skape fred. Problemstillinga er òg så brei at det slett ikkje er sikkert høyringa gir særleg mange svar. Og politikarane kan rote seg inn i spørsmål som skadar pågåande Økokrim-etterforsking og granskingskommisjonens arbeid.

Børge Brende må endeleg svare

Men Epstein-avsløringane har rysta mange si oppfatning av norsk fredsengasjement, bistand og samrøre med suspekte aktørar. Det gjer politikarane klokt i å ta på alvor. Stortinget er sett saman av folkevalde, og behovet for å vise handlekraft er reelt. Det handlar også om legitimitet.

Økokrim og Epstein-kommisjonen er tidkrevjande prosessar, og det ville vere for lenge å vente på desse utan å få foreløpige svar – slik onsdagens og torsdagens høyringar i beste fall kan gje.

For det er spørsmål vi enno ikkje har fått svar på, som bør kunne stillast for open mikrofon, utan at det gjer norske diplomatar handlingslamma eller øydelegg for etterforskingar.

Ein av dei som skal fram for komiteen, er til dømes Børge Brende. Han nekta først for å ha hatt noko med Epstein å gjere, før han seinare vedgjekk tre middagar og kontakt på SMS og e-post. Han har beklaga at han ikkje var open om kontakten, og forklart at han ikkje kjende til Epsteins kriminelle bakgrunn. Brende hadde også det politiske ansvaret for fleire av dei mest omdiskuterte tildelingane til IPI.

Onsdag skal han sitte framfor komiteen frå kvart på to til fem på tre. Det kan i beste fall gi svar vi hittil ikkje har fått.

Kven visste kva, og når?

Her er nokre av spørsmåla eg håpar blir stilte:

  • Kor går grensa mellom legitimt diplomati og omgang med menneske ein burde halde seg langt unna?

  • Norsk diplomati er avhengig av personlege relasjonar, også til tvilsame aktørar. Men kven kontrollerer diplomatane sine eigne nettverk? Og kva skjer når relasjonane blir så verdifulle at dei som skal kontrollere dei, ikkje vågar å stille spørsmål?

  • Har Epstein-saka avdekt ein ukultur der nokre få personar har hatt så stor tillit og uformell makt at dei i praksis har vore heva over kontroll?

  • Kven visste kva, og når?

  • Når fekk den politiske leiinga i UD kjennskap til Epstein-relasjonane? Kva blei gjort med informasjonen? Kven tok initiativ til dei omdiskuterte tildelingane, og korleis blei habiliteten til dei involverte vurdert?

  • Og kvifor blei det ikkje reagert tidlegare?

  • Har forvaltninga ressursane og kompetansen som krevst for å kontrollere pengebruken?

  • Kontrollerer ein på riktig måte, og er det dei rette som blir kontrollerte?

  • I kor stor grad er UD villig til å betale det forsvarleg kontroll faktisk kostar? For det kan vere veldig, veldig dyrt.

  • I kva grad er det slik at ein brukar store ressursar på å kontrollere små tilskot og utgifter, medan dei største pengestraumane og mektigaste personane slepp lettare unna?

  • Kor mykje risiko skal norsk bistand akseptere?

  • I kva grad bør fellesskapet akseptere at noko truleg blir misbrukt når Norge arbeider i særleg korrupte land?

  • Kor går i så fall grensa mellom nødvendig risikovilje og uforsvarleg pengebruk? Kven skal avgjere kva risiko som er akseptabel, og kven tek ansvaret når noko går gale?

  • Og kvifor skal vi akseptere større risiko når pengar blir forvalta gjennom nettverka til mektige personar enn når dei blir forvalta av andre?

Epstein-saka har blitt ei sak som handlar om langt meir enn Epstein, men om makt og kontroll i norsk utanrikspolitikk.

Eg trur høyringane vil gi fleire spørsmål enn svar. Dei viktigaste svara kjem truleg frå Epstein-kommisjonen og Økokrim, og i begge tilfelle vil arbeidet ta lang tid.

Stortinget må likevel vise at saka blir tatt på alvor, utan at behovet for handlekraft overskyggar jakta på svar.

Powered by Labrador CMS