Portrett av Dan Banik med briller mot blå bakgrunn.
Dan Banik meiner Norge og andre vestlege land må lytte meir til dei som faktisk mottar bistand, ikkje berre diskutere bistandspolitikk seg imellom.

– Vi må slutte å tru at det er vi som bestemmer

Dan Banik meiner bistandsepokens slutt opnar døra til hardare prioriteringar, meir sjølvstende og ei meir likeverdig verdsorden.

Publisert Sist oppdatert

Dan Banik, professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo, har forska på utvikling, fattigdom, India, Afrika, styresett og global politikk i ei årrekke.

I den siste episoden av Panorama-podkasten Verdensproblemer utfordra vi han på kva som kjem etter bistandsepoken. 

– Vi er over i ein ny fase i internasjonal politikk, seier Banik. 

Han meiner verda no ser annleis ut, særleg frå det globale sør. 

– I kanskje 50 år har USA, Europa og det globale nord i stor grad styrt reglane. Vi bestemte kva som skulle prioriterast, kven som skulle få bistand, og kva utvikling skulle vere. 

Det har endra seg, meiner han. 

– Mange land som tidlegare var mottakarar av bistand, er no sjølv blitt givarar eller viktige aktørar. Dei er ikkje fornøgde med berre å høyre på at andre preikar og bestemmer. 


– Korleis ser dette ut frå landa som faktisk har motteke bistand? 

– I Noreg og andre land i det globale nord blir det ofte teikna eit katastrofebilete av bistandens slutt. Det er delvis sant. Mange land er framleis svært avhengige av bistand. Men det er ikkje heile biletet. 

Mange snakkar no også om nye løysingar. 

– Dei må finne andre finansieringskjelder. Dei må prioritere hardare. Dei må spørje: Korleis skaper vi utvikling når bistanden ikkje lenger kan vere hovudsvaret? 

Gav frå seg mjuk makt 

– Kor var du då Trump over natta kutta store delar av amerikansk bistand? 

– Eg var vel i kjellaren min og gjorde klar ein episode av min eigen podkast, seier Banik. 

Dan Banik sitter ved mikrofon i et podkaststudio med Emil André Erstad.
Dan Banik meiner bistandsepoken er over i ein ny fase, der land i det globale sør krev større innverknad på eigne utviklingsvegar.

Banik kom den kvelden til å tenke på eit møte med ein høgtståande embetsperson i amerikansk UD nokre år tidlegare. Han hadde spurt kva USA meinte om Kinas rolle i Afrika. Amerikanaren var kritisk til kinesarane.

– Då sa eg: Men de har jo ikkje bidrege med pengar til infrastruktur i det siste. 

Svaret han fekk, var: «We are in the business of winning hearts and minds.» 

– Noko av det viktigaste USA har gjort gjennom bistand, er nettopp å bygge mjuk makt, ikkje infrastruktur. 

Bistanden fremja eit bilete av USA som eit land som brydde seg om fattige menneske, seier Banik. Så la USA mykje av denne makta frå seg. 

– Det forstår eg framleis ikkje. 

– Kva betyr slike kutt på bakken? 

– USA var verdas største bilaterale bistandsaktør. Mange program innan helse, matsikkerheit og sjukdomsførebygging er ramma. Når pengane forsvinn, forsvinn også kompetanse. 

Eit vegskilje 

Samtidig vil Banik nyansere biletet. På reiser i Afrika har han høyrt mange snakke mindre om undergang og katastrofe, og meir om vegval og moglegheiter. 

– Ein person sa til oss: «We are at a crossroads.» Vi står ved eit vegskilje. 

Og eit vegskilje er ikkje berre negativt, meiner han. 

– Det betyr også at det finst nye vegar. 

– Risikerer du ikkje å bagatellisere dei akutte konsekvensane av bistandskutta? 

– Nei, eg vil ikkje bagatellisere det. Folk kjem til å døy. Situasjonen er alvorleg, seier Banik. 

Men han meiner perspektivet ser annleis ut frå Oslo enn frå rurale område i Malawi. 

– Eg prøver å formidle det eg faktisk høyrer frå folk i dei landa vi snakkar om. Mange seier: Dette er ikkje heilt nytt. Folk har levd med dagleg elende lenge. 

Ein person sa til han at folk var vane med «daglegdags elende». 

– Kanskje bistanden gjorde ting litt betre, men den var aldri ein langsiktig kur. 

– I Noreg kan det sjå ut som om alt kollapsar når bistanden blir kutta. På bakken er bilete meir samansett. Folk finn utvegar. Dei tilpassar seg. 

Bistanden blei lettare å angripe 

– Kvifor vaklar den internasjonale bistanden slik no? 

Banik meiner mange vil peike på Brexit og Trump i 2016. Sjølv meiner han teikn og signal kom langt tidlegare. 

– Frå slutten av 1990-talet og utover blei mange i Vesten meir misnøgde med globaliseringa. Folk likte billege varer, men begynte samstundes å spørje: Kvifor forsvinn jobbane våre til India, Kina og Vietnam? 

– Gir ikkje dette bistandskritikarane litt rett? Har bistanden feila? 

– Eg vil ikkje seie at bistand har feila, seier Banik. 

Dan Banik står med armene i kors foran en lys bakgrunn i et fotostudio.
– Vi må vere førebudde på å gi frå oss kontroll, seier professor Dan Banik i den siste episoden av Panorama-podkasten Verdensproblemer.

Men bistandsbransjen må tole eit meir kritisk blikk, meiner han. 

– Når ein gir så mykje pengar over så lang tid, vil det alltid finnast prosjekt som ikje fungerer. Det vil alltid vere korrupsjonsskandalar. Det vil alltid vere noko kritikarar kan peike på. 

Han meiner også bistanden etter kvart blei for brei. 

– Ho skulle ikkje berre handle om fattigdomsreduksjon. Ho skulle også handle om demokrati, styresett, likestilling, klima og mykje anna. Agendaen blei veldig brei. 

– Kva verkar faktisk? 

– Når eg har snakka med bistandsaktørar, både i Noreg og internasjonalt, har eg ofte spurt: Gi meg tre døme på prosjekt som verkeleg har fungert. 

Det har ikkje alltid vore lett å få svar. 

– Eg synest det er rart. Kvifor har vi ikkje hatt strengare evalueringar? Kvifor har vi ikje vore meir opptatt av evidens? 

– Viss du skulle skrive nekrologen over bistandsepoken, kva ville du skrive? 

Om han skulle skrive nekrologen, ville han ha skrive at ho gjorde mykje godt. 

– Og at vi gjorde vårt beste. 

Men han ville også ha skrive noko meir: Bistanden hjelpte ikkje berre fattige menneske. Den hjelpte også oss. 

– Norge har hatt stor nytte av bistanden. Vi er eit lite land som har vore avhengig av å sitte ved bordet med dei store aktørane. 

– Vi har kjøpt oss, eller fått, ein plass ved bordet. Det har bidrege til biletet av Norge som ein fredsnasjon og ein sjenerøs nasjon. 

Ei ny verdsorden 

– Så kva kjem etter bistandsepoken? 

– Eg trur vi er i ein mellomfase. 

Han håper den nye verdsordenen blir meir likeverdig. 

– Mange land i det globale sør spør: Kvifor er det framleis amerikanarar og europearar som styrer Verdsbanken og IMF? Kvifor skal USA utnemne presidenten i Verdsbanken og Europa leiaren for IMF? 

– Og kva betyr dette for Noreg? 

– Vi må vere førebudde på å gi frå oss kontroll. Vi må innsjå at det ikkje lenger er vi som bestemmer. 

Kritikk til Aukrust: Lytt til mottakarane 

– Kva bør dei som skal styre norsk bistandspolitikk inn i ein ny epoke, gjere? 

– Lytt til mottakarane. 

Utviklingsminister Åsmund Aukrust har sett i gang ein prosess der nordmenn skal seie kva dei meiner om bistand. Det meiner Banik er bra. Men noko manglar. 

– Eg saknar at ein også spør dei som faktisk mottar bistanden. 

– Kva meiner dei? Kva treng dei? Kva fungerer for dei? 

– I samtalane vi har hatt med afrikanske miljø, høyrer vi at mange ønsker meir fokus på matsikkerheit, infrastruktur og arbeidsplassar. Dei vil bli lytta til. Ikkje berre snakka om. 

Den nye bistandspolitikken kan altså ikkje berre formast i Noreg. 

– Vi kan ikkje berre reise rundt i Noreg og spørje kva nordmenn vil prioritere. Vi må også spørje folk i landa der norsk bistand faktisk verkar. 

– Til slutt: Kva meiner du er det største verdsproblemet akkurat no? 

– Svolt. 

– Svolt, ja, kva gjer vi med det? 

– Trygg mat, god mat. Rett mengde, god kvalitet. Viss vi får til det, vil det bety svært mykje. 

Panorama opplyser: Vi gjer merksame på at Dan Banik tidlegare sat i styret til Panorama nyheter, og var styreleiar fram til juni 2025. 

Powered by Labrador CMS