Tre EU-flagg henger foran fasaden på en stor bygning.
Berlaymont-bygningen er hjartet av EU. Her er det europeiske eigeninteresser som står i sentrum.

Reisebrev frå Brussel:

Etter bistanden kjem eigeninteresser, flaggskip og tåkeprat

Det som kjem etter den tradisjonelle bistanden, har fått eit storslått namn og ein blank EU-logo. Panorama drog til Brussel for å finne ut kva Global Gateway eigentleg er: utviklingspolitikk for fattige land – eller geopolitikk for Europa?

Publisert

Det er vår i Brussel, og sola skin på kirsebærtrea som blømer rundt dei sterile glasfasadane i Europa-kvarteret.

Inne i dei store kontorbygningane sit tusenvis av EU-byråkratar og skriv på dokument som dei håpar skal redde Europas plass i verda.

Det handlar om Ukraina. Om Kina. Litt om Afrika. Om råvarer. Om grøne verdikjeder. Mykje om europeiske selskap. Og, ein stad midt i alt dette: om utvikling.

I hjartet av EU-kvarteret ved Schuman-plassen står Berlaymont-bygningen, hovudkvarteret til EU-kommisjonen. Herfrå vert Europas nye utviklingspolitikk formulert.

For verda er igjen i svimlande endring – og det same er bistanden.

Bistandsbudsjetta fell over heile Europa. Globalt forsvann nesten kvar fjerde bistandskrone i 2025. Sjølv i Norden vert det kutta. Noreg står nesten åleine att med over éin prosent av bruttonasjonalinntekta.

Men også i Noreg er spørsmålet blitt meir påtrengande: Kva skal bistand vere når krig, tryggleik, migrasjon, råvarer og næringsinteresser pressar seg inn i utviklingspolitikken?

I Brussel er det store svaret: Global Gateway.

Eit nytt namn på gammal politikk

Ursula von der Leyen selde det i 2021 inn som EUs store svar på ei ny verdsorden: Europa skulle bruke investeringar, selskap, bankar og utviklingsmidlar strategisk. Ursula von der Leyen sa at EU ikkje skulle finansiere «perfekte vegar mellom kinesisk-eigde gruver og kinesiskeigde hamner», men bygge partnarskap som ikkje gjorde land meir avhengige av stormakter. I oktober 2025 annonserte von der Leyen at målet om å mobilisere 300 milliardar euro i investeringar globalt, var nådd, heile to år før oppsett rutetid.

– Men det er berre eit brand, seier Vince Chadwick.

Han er kritisk til det som blir omtala som EUs store, verdibaserte svar på Kinas Belt and Road Initiative.

Vince Chadwick, journalist og redaktør i Euractiv, meiner Global Gateway først og fremst er eit nytt namn på politikk og finansieringsverktøy EU allereie hadde.
Slitt blått EU-flagg med gule stjerner på en blå bakgrunn.
En person går bortover en smal gang mellom bygninger, med sterke lys- og skyggesoner.

Chadwick bør vite kva han snakkar om.

Den australske journalisten og redaktøren har dekt europeisk utviklingspolitikk frå Brussel i mange år – for Devex, POLITICO Europe og no mediehuset Euractiv. Han var til stades på pressekonferansen då Global Gateway vart lansert vinteren 2021, og i samtale med Panorama vel han orda sine med ein reporters presisjon.

– På kva måte passar utviklingsmandatet eigentleg inn i Global Gateway?

– Det kjem an på kven du spør. Spør du EU-kommisjonen, er det i praksis det same. Dei seier: Privat sektor, investeringar og økonomisk vekst er utvikling.

Så legg han til:

– Men ikkje alle er samde i det.

Opphavleg handla Global Gateway om å tilby eit alternativ til det kinesarane tilbaud verda. Det skulle vere grønt, digitalt, verdibasert og europeisk. Men ifølgje Chadwick var mykje av innhaldet allereie bestemt før namnet kom.

– Alle strukturane, alle budsjettinstrumenta, alle pengane fanst allereie. Det som skjedde, var at kommisjonen sette eit nytt namn på det.

Alt kan bli eit flaggskip

Som døme fortel han om EU-ambassadøren i Kenya som opna ein veg og presenterte han som eit Global Gateway-flaggskip. Men vegen hadde vore planlagd i eit tiår eller meir, lenge før nokon hadde lese eller tenkt eitt einaste ord om Global Gateway.

– Kommisjonen gjekk til medlemsstatane og sa: Alt som passar vår visjon om kva Global Gateway er, skal vi kalle Global Gateway. Alt Tyskland eller Frankrike gjer i verda, alt den europeiske investeringsbanken gjer – kommisjonen vil gjerne presentere det som ein del av Global Gateway.

Tidlegare i vår la tenketanken ODI Global fram ei analyse av EU-kommisjonens forslag til neste langtidsbudsjett for 2028–2034. Forskarane Nerea Craviotto og Heliodoro Temprano Arroyo kallar det eit «klart geopolitisk skifte».

Global Gateway vart lansert som Europas nye utviklingspolitiske flaggskip. I Brussel meiner fleire kritikarar at mykje av satsinga handlar vel så mykje om europeisk konkurransekraft som om fattigdomsreduksjon.

Heile 215 milliardar euro er sett av til EUs eksterne handlingspilar – det største utanriksbudsjettet i unionens historie. I tillegg kjem opptil 100 milliardar til Ukraina.

Resultatet er tydeleg i tala: Europa, drive fram av krigen i Ukraina, vil motta over halvparten av dei planlagde løyvingane. Midtausten og Nord-Afrika vinn terreng. Afrika sør for Sahara, det som tradisjonelt har vore den viktigaste delen av EUs utviklingsretorikk, fell frå om lag 30 til om lag 22 prosent av den geografiske bistanden.

Afrika vert framleis omtalt som partnar.

Men euroane fortel ei anna historie: I den nye EU-politikken er Afrika sør for Sahara mindre sentral enn før.

Utviklingspolitikk utan utvikling

Frank Vanaerschot, direktør i Counterbalance – ein europeisk koalisjon av utviklings- og miljøorganisasjonar som granskar offentlege investeringsbankar – meiner Global Gateway flyttar utviklingsfinansiering i retning av geopolitiske og kommersielle mål.

Han meiner EUs prestisjeprosjekt fungerer som ein «turbotank» for EU sine eigeninteresser.

– Alle utviklingsmåla og alle dei fine orda er der. Men samtidig er bodskapen: Vi vil ha kontraktar til europeiske selskap. Vi vil ha tilgang til kritiske råmaterial. Vi vil ha tilgang til hydrogen og så vidare, seier han.

Frank Vanaerschot, direktør i Counter Balance, meiner Global Gateway flyttar utviklings-finansiering i retning av europeiske eigeninteresser, kontraktar og tilgang til kritiske råvarer.

Det er her spenninga ligg: Når utviklingspengar skal løyse europeiske problem, kor lenge er det då framleis utviklingspolitikk?

Chadwick peikar på same dilemma. Han viser til at Barry Andrews, leiaren for EU-parlamentets utviklingskomité, har åtvara om at kommisjonen kan bli rettsleg utfordra dersom Global Gateway driv for langt vekk frå utviklingsmandatet i EU-traktaten.

– Eg har ikkje sett nokon som har teke det alvorleg enno. NGO-ar og parlamentsmedlemmar kan kritisere kommisjonen så mykje dei vil, utan at det nødvendigvis endrar den politiske retninga. Men det vil stille seg annleis om ein prøver det rettsleg.

Då ville kjernespørsmålet bli juridisk: Kan EU bruke utviklingsmidlar på ein måte som i realiteten har europeisk konkurransekraft som hovudmål?

Då språket endra EUs syn på verda

Ungarske Orsolya Gulyás, forskar ved Brussel School of Governance, har analysert korleis strategiske EU-dokument avslører unionens skiftande verdssyn.

– Orda som dominerer i dag er tryggleik, konkurranseevne og omstillingsevne. Det er desse tre buzzorda du høyrer overalt no. Og det er ikkje tilfeldig.

Ho sporar endringane bakover i tid. Frå midten av 1980-åra byrja EU å snakke om «det indre marknaden» i staden for «fellesmarknaden».

– Når du snakkar om det indre, impliserer du òg eit ytre. Det endra fundamentalt korleis EU tenker om seg sjølv og verda utanfor – frå ein union tufta på å hindre krig gjennom integrasjon, til ein aktør som ser verda som ein konkurransearena.

Person står ved en glassvegg foran en blå bil eller buss ved en moderne bygning.
Orsolya Gulyás, forskar ved Brussels School of Governance, meiner Global Gateway er del av ei breiare europeisk vending mot tryggleik, konkurranseevne og geopolitisk kappløp.

I dokumenta ho har analysert, vert økonomi, bedrifter og marknader skildra som vesen med behov, medan menneske vert reduserte til funksjonelle ressursar. Det er dette verdssynet ho meiner ligg under Global Gateway.

– Initiativet er skrive inn i ein konkurranse med Kina. Vekst- og konkurranseagendaen er så dominerande at til og med utviklingsretorikken vert omforma til eit instrument for å styrke europeisk næringsliv, seier ho.

Eit nytt kappløp om Afrika

– I kva grad er Global Gateway, slik EU sjølv framstiller det, verkeleg eit verdibasert alternativ til Kinas Belt and Road-initiativ?

Ho nøler litt før ho svarar.

– Global Gateway kunne gjort verda til ein betre stad. I staden bidreg det til å  styrke den globale kappløpslogikken. Det er del av eit nytt kappløp om Afrika som alle håpa vi var ferdige med, seier forskaren.

Det konkrete prosjektet som best illustrerer spennet mellom retorikk og verkelegheit, er den mykje omtala Lobito-korridoren. Der skal ei gammal kolonial jernbane rustast opp frå kopar- og koboltområda i Kongo og Zambia, gjennom Angola til hamnebyen Lobito ved Atlanterhavet – og vidare med skip til Europa.

EU- og litauiske flagg henger fra en balkong på en bygård.
Brussel er fullt av symbol på Europas globale ambisjonar.
Slagordet «Our planet not your market» er skrevet med kritt på grått fortau.
Men bak slagorda om grøne investeringar og partnarskap ligg eit hardare spørsmål: Kven tener eigentleg på den nye utviklingspolitikken?

To tredjedelar av verdas koboltreservar ligg i det søraustlege Kongo. Kobolt er eit nøkkelmateriale i batteri til elektriske bilar og grøn teknologi. EU treng kobolt. Jernbanen som går til vestkysten – ikkje austkysten mot Kina – seier sitt, hevdar Frank Vanaerschot.

Han er ikkje nådig.

– Når du ser på kartet, går bana gjennom jungel og ganske folketomme område. Det er ingen store økonomiske sentra der. Dersom du verkeleg ville investere i afrikansk lokaløkonomi, ville du bygga jernbanen ein annan stad. Det dei demonstrerer, er ikkje ei djup uro for lokal utvikling. Det er ei interesse for å sikre seg tilgang til ressursane.

Alt som fell utanfor investeringslogikken

Andrew Sherriff, assisterande direktør ved den Maastricht-baserte tenketanken ECDPM, er ei meir moderat stemme i debatten om Global Gateway.

Sjølv om han meiner debatten om prestisjeprosjektet må nyanserast, avviser heller ikkje han kritikken.

– Det er ikkje heilt feil av Europa å gå i retning av meir investeringar. Mange land i det globale sør har sjølv sagt at dei ønsker investeringar, ikkje berre donasjonar. Dei vil ha infrastruktur, kapital og moglegheit til å bevege seg oppover i verdikjeda.

Men Sherriff legg raskt til at det ikkje fritek EU frå ansvar.

– Dersom dette berre handlar om produktiv sektor, prosjekt som er gunstige for bankane og gjensidig interesse, er det mykje som fell mellom stolane.

Han viser til ECDPMs eigne analysar av mellom anna Lobito-korridoren og prosjekt i Kamerun.

– Tradisjonelle, gode utviklingsprinsipp – eigarskap, konsultasjonar, risikovurderingar – er faktisk naudsynte om du vil lukkast, sjølv om du driv med meir eigeninteressebaserte investeringar. Å køyre i full fart og setje eigne interesser fremst, gjev – ikkje overraskande for utviklingsfolk – dårlege eller lite produktive resultat.

Vanaerschot trekk også fram EUs avtale med Rwanda om kritiske råmaterial.

Rwanda er skulda for å støtte M23-opprørarane i Aust-Kongo – nett der mykje av minerala kjem frå.

– EU-kommisjonen seier avtalen hjelper Rwanda med å spore kvar minerala kjem frå. Men avtalen gjer Rwanda sjølv ansvarleg for sporinga. Det er ikkje truverdig.

Råd til Norge

I fleire av samtalane med ekspertane i Brussel kjem vi på eit tidspunkt tilbake til det same historiske biletet: den norske skipseksportkampanjen.

På slutten av 1970-talet og utover 1980-talet vart norske skip selde til utviklingsland gjennom gunstige låneordningar. Ordninga skulle redde norsk verftsindustri, men vart også presentert som utviklingspolitikk. Seinare vart det brei semje om at kampanjen var skadeleg for mottakarlanda, og mykje av gjelda vart sletta.

– Og no er vi tilbake til det same, seier Frank Vanaerschot frå Counterbalance.

– Vi samlar interessene til europeiske selskap i rike, industrialiserte land, og kallar det utviklingspolitikk.

Sherriff meiner samanlikninga blir for enkel, men han deler uroa for kva som skjer når bistand vert definert gjennom prosjekt som berre er gunstige for bankane.

– Kva skjer med sårbare statar? Kva skjer med global helse? Kva skjer med den menneskelege utviklingsagendaen? Kva skjer med alt det som ikkje passar inn i denne måten å jobbe på?

I den norske debatten om utviklingspolitikkens framtid – «Vendepunkt»-prosessen som utviklingsminister Åsmund Aukrust har sett i gang – handlar det delvis om dette: Bør Noreg bevege seg mot meir eigeninteresse, meir investering, meir Global Gateway-logikk? Og kva mistar vi i så fall?

Ved EU-kvarteret i Brussel møtest EU-flagg, togspor og kontorbygg. I Global Gateway-logikken skal infrastruktur ikkje berre skape utvikling, men også sikre Europas plass i ei meir brutal verdsorden.

Chadwick er kontant i sitt råd.

– Sjå forbi retorikken, brandinga og alle dei endelause webinara og komitémøta og pressekonferansane. Sjå på verktøya som politikarane seier dei treng. Budsjettgarantiar – eit av hovudverktøya i Global Gateway – er i praksis mest brukbare i marknader der bankane meiner dei kan tene pengar. Det vart lova at dei skulle nå dei minst utvikla landa. Det skjer derfor sjeldan.

Treng ikkje å kopiere EU

Han legg til eit poeng han meiner vert underkommunisert.

– Eg trur ikkje mannen på gata heilt forstår skilnaden mellom å støtte ein flyktningleir i eit fattig land og å støtte kraftutbygging i eit meir velståande land. Å halde eit sterkt vern rundt rein humanitær hjelp og bistand i ekte kriser – liv og død – er viktig.

Sherriff sitt råd er meir pragmatisk:

– Norge kan ikkje la vere å engasjere seg i desse trendane. Men det betyr ikkje å kopiere EU. Det betyr å lære – og å sørge for komplementære tiltak for alt det som fell utanfor ein investeringslogikk.

Utanfor Berlaymont-bygningen speglar glasfasadane framleis den vårlege sola og dei rosa blada på dei japanske kirsebærtrea.

Langs den gamle koloniale jernbanen frå Kongo til Atlanterhavet høyrest spørsmålet mindre byråkratisk ut: Er Global Gateway ein veg til lokal utvikling – eller ein veg ut for kobolt, kopar og europeiske eigeninteresser?

Powered by Labrador CMS