Rart å føreslå at Noreg skal bidra til enno meir kutt, for kutta si skyld, meiner Trine Østereng, internasjonal rådgjevar i tankesmien Agenda.

Meninger:

Eit kuttmål for bistand er ikkje særleg lurt

Civita føreslår tydelegare prioriteringar i norsk bistand. Det er lurt, men konklusjonen deira om eit kuttmål for å omprioritere kan forsterke effekten av globale bistandskutt.

Dette er eit debattinnlegg. Meiningane i teksten er skribentens eigne.

Civita har i eit nytt notat tatt til orde for ei betre prioritering i bistand. Det er ein viktig ambisjon det er lett å stille seg bak. Diverre vil konklusjonen deira, som seier at tretti prosent av norsk bistand skal omprioriterast, kunne bidra til ein dårlegare bistandspolitikk.

Bistandsdebatt er vanskeleg å diskutere, for det norske bistandsbudsjettet har pengar som går til ei lang rekke mål. Difor bør bistandsdebattar starte med presiseringar. Når nokon meiner at bistanden skal bli meir effektiv, kva meiner dei eigentleg då? Kva mål konkret er det dei meiner vi skal bli betre til å nå? Klimakutt eller fattigdomsreduksjon? Styrking av menneskerettar eller stønad til sivilsamfunn under press? Kva delar av bistanden meiner ein eigentleg er ineffektiv? Om vi kan starte med å rydde i det, kan vi unngå mykje misforståing og skyggeboksing.

Norsk bistand treng tydelegare mål

Mitt råd til Civita er å kutte kuttambisjonen.

Akkurat no blir bistanden styrt av ei lang rekke mål. Her trengst det ei opprydding, og det er mykje fornuftig i å skille meir mellom tiltak for å redusere fattigdom, for demokrati og menneskerettsarbeid og for globale fellesgode, som fleire har tatt til orde for, og no sist Civita. Det er lurt tenkt, for det er langt enklare for alle å vurdere om ei konkret bistandsløyving fungerer godt, om ein veit tydeleg og konkret kva mål pengane ein måler skulle gå til.

Ein ambisjon om at bistand skal vere heilskapleg og bidra til mange mål på ein gong, som regjeringa i dag kan seiast å ha hatt, kan tåkelegge kva som er dei eigentlege prioriteringane. Det gjer det også vanskeleg å vite om ein har lukkast. Så langt i notatet deler eg altså Civitas inngang og analyse, som også Øyvind Eggen har vore ute med tidlegare. Norsk bistand treng klarare mål, og eit klarare skille mellom dei ulike måla.

Kan dra oss mot dei enklaste oppgåvene

Etter dette er det derimot vanskeleg å henge med på resonnementet. Sidan så mange land kuttar, må også vi kutte og omdisponere, meiner Civita. Dei meiner at dette er verkemiddelet vi bør bruke for at alle pengane vi bruker gir best mogleg resultat. Minst tretti prosent av bistanden bør omprioriterast. Vi får altså eit kuttmål for kuttmålets skyld.

Mange prioriteringar er det vanskeleg å måle effekten av – som kamp for demokrati, fred menneskerettar, langsiktig utvikling eller økonomiske forskjellar. Her er det høg risiko for at ein ikkje oppnår det ein vil. På fleire av desse felta er det sterke motkreftar som dyttar verda i ei anna retning. Ein vil ikkje alltid kunne vite korleis det ville gått om ein ikkje hadde brukt desse pengane for å nå desse måla. Det betyr ikkje at dei ikkje er politisk viktige.

For om ein lar excel-skjemaenes effektivitetsmålingar styre, er det mykje erfaring og kompetanse vi kan glippe på – kompetanse på spesifikk kontekst, eksisterande dialog og relasjon med styresmaktene i eit land, politisk historikk. Vi kan ende opp med ein politikk som er god på enkle og lett målbare ting – som kontantoverføringar, men som glipp på andre sentrale, men også politisk viktige oppgåver – som meir langsiktige utviklingstiltak.

Kan gjere vondt verre i bistanden

Dette er ei skummel tid å føreslå bistandskutt på, fordi mange bistandsorganisasjonar og FN-organisasjonar, både norske og internasjonale, allereie er under massivt økonomisk press som følgje av alle bistandskutta som har kome dei siste åra i mange land. Veldig mange stadar ryk erfaring og kompetanse frå feltet. Då er det rart at Noreg skal bidra til enno meir kutt, for kutta si skyld.

Mitt råd til Civita er å kutte kuttambisjonen. For dei har heilt rett i at tiltaka i norsk bistand gjennomgåande bør bli vurdert opp mot effektivitet og kvalitet. Ulike politiske prioriteringar må vektast opp mot kvarandre. Men dette vil aldri bli enkelt. Inn i vurderinga trengst meir enn tal – også politiske prioriteringar og lenge opparbeida land- og fagkompetanse.

Går vi for Civitas oppskrift, risikerer vi å miste mykje kompetanse og å svekke eit system som allereie er under press. I staden bør målet vere å få ein lett forståeleg politisk plan, med klart definerte mål, som basert på ulike omsyn bør opp til jamnleg vurdering og vekting. Det vil naturleg nok kunne bidra til riktige omprioriteringar og kutt. Men å kutte stort for effektivitetens skyld vil setje oss i fare for å miste enno meir enn det Trump og andre vestlege land allereie har bidratt til at vi har mista.

Powered by Labrador CMS