
Kommentar:
Derfor bør vi lytte til åtvaringane frå Zelenskyjs biograf
Det er eit problem at heltedyrkinga rundt Volodymyr Zelenskyj skapar urealistiske forventningar til kva han kan utrette politisk – også i kampen mot korrupsjonen i Ukraina.
Dette er ein kommentar. Meiningar i teksten er skribentens eigne.
Medan dei modige demonstrantane dei siste dagane har fylt gatene i Lviv, Kyiv og andre ukrainske byar, aukar presset mot Volodymyr Zelenskyj.
Tysdag underteikna han ei lov, vedteke av det ukrainske parlamentet med overveldande fleirtal, som tek bort sjølvstendet til ukrainske korrupsjonsjegarar. Lovforslaget gjer det mogleg for den ukrainske riksadvokaten å bestemme det meste over hovudet på dei ukrainske antikorrupsjonsbyråa. Riksadvokaten får også innsyn i alle sakene korrupsjonsjegarane jobbar med.
Det seier seg sjølv at det skapar uro i eit land som slit med utbreidd korrupsjon. I praksis vil det bety at korrupsjonsjegarane vanskelegare vil kunne etterforske toppfolk utan presidentens godkjenning.
«Ein kniv i ryggen»
Frå Zelenskyj og dei ukrainske lovgivarane sitt perspektiv blir det påstått at den nye lova handlar om å hindre russisk manipulasjon eller påverking i antikorrupsjonsarbeidet. Det skal henge saman med jakta på det som visstnok skal vere to russiske moldvarpar i to av dei mest sentrale antikorrupsjonsbyråa – Special Anti-Corruption Prosecutor's Office (SAPO) og National Anti-Corruption Bureau (NABU) – tidlegare denne veka.
Det er ikkje heilt enkelt å forstå lovgivarane eller Zelenskyjs argumentasjonsrekke her. Spesielt ikkje ettersom det ikkje lovforslaget ikkje inneheld noko som handlar om russisk påverking. Den nye lova verkar som eit disproporsjonalt tiltak på eit problem som kunne vore løyst med meir målretta tiltak.

Ergo, er mistanken at hensikten med lova er noko anna enn det Zelenskyj og lovgivarane seier at den er.
Norge har protestert, Ursula von der Leyen har protestert og demonstranten Maryna Mykchalchuk omtala lovforslaget overfor Reuters som «ein kniv i ryggen».
Kjerna i Maidan-opprøret
Kampen mot korrupsjon går til kjernen av kvifor ukrainske kvinner og menn vel å ofre liva sine i skyttargravene. Den utstrakte korrupsjonen i Ukraina var ei av hovudårsakene til Maidan-opprøret i 2014.
Til The Kyiv Independent seier fleire anonymiserte soldatar ved fronten at lovforslaget er ein «fatal feil».
Mange av demonstrantane håpa at Zelenskyj skulle legge ned veto mot lovforslaget. Kanskje fordi forventningane til heltefiguren Zelenskyj er urealistisk høge. For også Zelenskyj må forholde seg til politiske realitetar, når stemmetalet i nasjonalforsamlinga var 263 stemmer i favør lovforslaget, og berre 13 mot.

Det er lett å gløyme i dag, men det var ingen unison jubel i menneskerettsmiljøet då komikaren Volodymyr Zelenskyj blei vald til president i 2019.
Organisasjonen Ukrainas komité av veljarar fann til dømes at over 30 av presidentens slektningar, vener og nære kollegaer frå underhaldningsbransjen i løpet av det første året fekk topposisjonar utan å vere i nærleiken av kvalifiserte. Som Olga Shamshur i Den norske Helsingforskomité skreiv etter eit år med Zelenskyj i 2020: «Det er akkurat denne typen nepotisme som felte Zelenskyjs forgjenger, Petro Porosjenko».
Zelenskyj-biografens åtvaring
Mykje av dette er veldokumentert og godt fortald i den prisløna biografien om den ukrainske krigspresidenten, Spilleren (2024) (originaltittel: The Showman) av Time-korrespondenten Simon Shuster. I boka kjem forfattaren tett på kven Zelenskyj eigentleg er. Det er mindre heltedyrking, og meir menneske av kjøt og blod, godt og vondt, i det dirrande portrettet Shuster serverer lesaren.
Boka er velskriven og interessant, og viser korleis Shuster fekk unik tilgang på Zelenskyj både før, under og etter 24. februar 2022. For alle som er interessert i Ukrainas fridomskamp, er boka eit must.
Men i lys av det som skjer i ukrainske gater desse julidagane, langt frå slagmarka, er det kanskje spesielt Shusters åtvaring mot slutten av boka som er interessant.
Der skriv nemleg forfattaren at han er imponert over presidentens forvandling frå komikar til krigstidspresident, men at han er bekymra for det som vil komme etterpå. Han grunngjev denne bekymringa med at det «sannsynligvis vil oppstå uenigheter mellom presidentens administrasjon og parlamentet, mellom staten og folket» om demokrati, kvardag og rettsstat.
Shuster skriv vidare at han ikkje veit «hvordan Zelenskyj vil håndtere denne vanskelige overgangen, om han vil være klok og behersket nok til å gi avkall på den usedvanlig store makten han er blitt gitt i en militær unntakstilstand, eller om han, i liket med så mange ledere gjennom historien, vil finne det for fristende å beholde makten».
Forfattaren skriv riktignok at dei gongene han og Zelenskyj snakka om slike spørsmål, bidrog Zelenskyjs svar til å mildne frykta for at det neste kapittelet i Ukrainas historie, etter krigen, vil handle om autokrati.
Zelenskyj har trøbbel
I boka trekk Shuster fram at Zelenskyj, ein gong mot slutten av sommaren 2022, fekk besøk på kontoret av generaldirektøren for Ukrainas postvesen. Han hadde med seg eit prøvetrykk av eit nytt frimerke som han tilbaud seg å lansere i tide til uavhengigheitsdagen i august. På frimerket var presidentens ansikt framstilt i blått og gult, staseleg og monumental med krigsvåpen i bakgrunnen. I følge Shuster skal Zelenskyj ha krympa seg då han fekk sjå det. «Dette er ikkje det rette tidspunktet å starte ei personkult», skal presidenten ha sagt, i følge boka.
Putin fortener ingen propagandasiger om ukrainsk korrupsjon.
Det var kloke ord i rette tid av Zelenskyj den gongen. Spørsmålet er kor han står i det same spørsmålet i dag.
For skal vi tru ein del av den uavhengige journalistikken frå mediehus som The Kyiv Independent og andre ukrainske redaksjonar, har Zelenskyj trøbbel med å handtere den enorme korrupsjonen.
Det er noko mange norske aktørar som arbeider mykje i Ukraina allereie kjenner godt til.
Nansen-programmet vurderer tiltak
For dei som er tett på Nansen-programmet i Ukraina, til dømes, har det vore meir snakk den siste tida om antikorrupsjonsarbeidet. Bekymringa har riktignok vore der over tid, men etter kutta i amerikansk finansiering har det gått spesielt hardt utover fleire ukrainske organisasjonar som jobbar mot korrupsjon.
Spørsmålet norske byråkratar og politikarar no stiller seg er kor mykje av det amerikanske bortfallet Norge og andre land kan fylle. Det er spesielt kritisk i energisektoren, der det er snakk om enorme summar og investeringar, som igjen gjer denne sektoren endå meir sårbar for korrupsjon i stor skala.
Panorama nyheter kjenner til at Nansen-programmet i desse dagar gjer vurderingar om å trappe opp støtta til antikorrupsjonsarbeidet, som følge av demonstrasjonane som går føre seg i ukrainske gater.
For Volodymyr Zelenskyj og den ukrainske fridomskampen, kunne ikkje den politiske krisa han står i no, ha komme på eit verre tidspunkt. Den russiske sommaroffensiven har pressa ukrainske styrkar i lengre tid. Det er allereie eit stort innanrikspolitisk press mot Zelenskyj. Det siste han treng er at den russsiske leiarskapen kan skåre billege propagandapoeng om korrupsjon i Ukraina.
Den velgrunna mistanken fleire eg har snakka med har, er at lovforslaga kjem fordi korrupsjonsjegarane den siste tida har etterforska folk tett på Zelenskyjs indre krins. Fleire trur at Zelenskyj sjølv har eit oppriktig ønske om å kjempe mot korrupsjonen, men at han ikkje har full oversikt over det som skjer rundt han og langt ned i departementa under han. Dessutan kan han ha blitt villeia av folk han stoler på, til å køyre lova gjennom.
Sjølv om demonstrantane endå ikkje har léte seg overtyde av Zelenskyjs nyaste lovforslag, vert det av fleire med innsikt i ukrainsk politikk, oppfatta som positivt. Hadde han avvist lovforslaget han allereie hadde signert, ville han tapt ansikt. Ved å lage ei ny lov, forsøker presidenten i det minste å komme demonstrantane sine krav i møte.
Det er å håpe at det vil bidra til ei løysing i løpet av særs kort tid. Putin fortener ingen propagandasiger om ukrainsk korrupsjon.
Les meir om Ukraina her:
-
«Be for meg. Jeg er redd.»
-
Frykter kidnappede ukrainske barn skal komme hjem som russiske soldater
-
FN: 122 millioner mennesker tvunget på flukt eller internt fordrevet
-
Afrikanske kvinner lures til russiske dronefabrikker
-
Norsk bistand gikk ned i 2024 – Europa største mottaker
-
Ny FN-indeks: Norges største bistandspartnere sliter tungt
-
Prislapp: 5500 milliarder