Arne Strand ved Christian Michelsens Institutt (CMI) i Bergen.

Kronikk:

Noreg har lært sidan Afghanistan

Noreg har sidan 2022 brukt svimlande 52 milliardar på sivil bistand til Ukraina og Moldova. Den første resultatrapporten frå Nansen-programmet tyder på at mykje er lært frå Noregs feilslåtte engasjement i Afghanistan.

Publisert

Dette er en kronikk. Meninger i teksten er skribentens egne.

Som konflikt- og bistandsforskar var eg bedt om å kommentere på rapporten Sivil støtte i krigstid ved lanseringa den 22. oktober, og også vurdere om der var tatt lærdom frå Norges engasjement i Afghanistan. Å lære frå tidlegare feil er alltid bra, sjølv om det er ei grense for kor detaljert det kan rapporterast i ein pågåande krig.

Svaret er ja – på mange viktige punkt viser den første rapporten frå Nansen-programmet store framsteg. Men, omfanget av støtta, krav om risikovilje og tilpassing av støtta i tråd med mogelege politiske endringar er utfordringar som fordrar kontinuerlege vurderingar.

Ukraina forsvarar oss

Støtteprogrammet til Ukraina, som også inkluderer Moldova, er ifølge Norad den største og mest omfattande sivile støtta Noreg nokon gong. I tillegg kjem den militære støtta som utgjer 76 % av den totale løyvinga. Berre delar inngår i Nansen-programmet for Ukraina, som er forankra i eit samla Storting gjennom Stortingsmelding 8 (2023–2024).

Med eit blikk på Vendepunkt-debatten er det ei vektlegging av at sivil støtte har mål om å trygge norske interesser, ikkje primært for fattigdomsreduksjon. Samstundes er det verdt å merke seg at ideala for norsk bistand er oppretthaldne. Stortingsmeldinga er klar på at det er Ukraina og Moldova sine behov som skal imøtekomast.

På mange viktige punkt viser den første rapporten frå Nansen-programmet store framsteg.

Risikovilje

Saman med eit eksplisitt mål om å oppretthalde Ukraina si motstandskraft har Norad ei klar instruks om å syne risikovilje, men samtidig hindre misbruk av norsk bistand.

Spennet i den norske støtta er enorm. Den går frå humanitær assistanse, via (gjentakande) gjenoppbygging, å halde samfunnskritiske tenester gåande, drive utviklingsstøtte og hjelpe å førebu landa for eit EU-medlemskap. Støtta er kanalisert gjennom heile 67 organisasjonar – frå  FN-organisasjonar og Verdsbanken til norske NGOar og ukrainske sivilsamfunnsorganisasjonar og privat sektor.

Dette stiller krav til brei kunnskap og stødig koordinering i det dedikerte Nansen-teamet i Norad, og i samarbeidet med UD og den norske ambassaden i Kyiv. Eit pluss er at det frå starten var oppretta eit risikoteam, også med ansvar for antikorrupsjon, og eit for kunnskaps- og resultatstyring.

Det er likevel ei svært utfordrande oppgåve å samtidig vurdere måloppnåinga for enkeltprosjekt, og om dei samla bidreg til Nansen-programmet sitt overordna mål.

Resultatrapportering

Det er derfor positivt at rapporten ikkje berre listar kva som er oppnådd i dei forskjellige satsingane, som rydding av miner og sikring av energitilgang, men også er open på at ikkje alle prosjekt har lukkast like godt.

Eit eksempel er samanlikninga frå 2023 til 2025 på forbetring av statsfunksjonar i forhold til EU-medlemskap, og derav staten sin styringsevne. Her er det rapportert om god framdrift på finansiell kontroll, men avgrensa på offentlege innkjøp, som er urovekkjande. Her er det ein viktig og vanskeleg balansegang. I ein pågåande krig der norskstøtta prosjekt er mogelege bombemål kan ikkje alt gjerast offentleg eller omtalast i detalj. Den rolla får dei som skal evaluere innsatsen ta.

Det er sett eit overordna mål for den norske innsatsen gjennom ein endringsteori, som også synleggjer korleis dei ulike programområda og prosjekta bidreg til dette målet.

Med resultatrapporten er det lagt eit faktagrunnlag for årleg vurdering og openheit om kva val Nansen-programmet har tatt.

Afghanistan enda opp som ein totalt bistandsavhengig stat med svak nasjonal forvaltningskapasitet. Dette kan også skje med Ukraina i ein forlenga krigssituasjon.

Anerkjenning av korrupsjonsrisikoen

Denne openheita mangla om støtta gitt til Afghanistan, noko som var påpeika i Afghanistan-utvalet sin 2025-rapport.

Tidlegare i år gav eg Nansen-programmet ei oppsummering av dei viktigaste lærdomane dei burde ta med seg og lære av.

Det første er ei erkjenning av at systemisk korrupsjon ikkje berre reduserer utbytte av naudhjelp, bistand og militær assistanse, men i like stor grad svekkjer tilliten til nasjonale styresmakter og donorar. Dette er også anerkjent som ei utfordring for Ukraina, om ikkje i like stor skala som i Afghanistan.

Det positive for Ukraina er at det er sett i verk fleire tiltak for å styrkje antikorrupsjonsarbeidet, at det finst dokumentasjon på at tiltaka verkar, og at landet har eit svært aktivt ukrainsk sivilsamfunn og ein presse som avslører og utfordrar korrupte aktørar.

Gravejournalist Mykhailo Tkats framhevar dette som det viktigaste vernet mot korrupsjon. Riksrevisjonen påpeikar at ein ikkje må undervurdere risikoen, men her er det gjort eit godt grunnarbeid. 

Meir evaluering

Det andre var mangel på eigeninitierte evalueringar som medførte få endringar eller justeringar i bistanden og støtta til statsbygginga i Afghanistan. Dette er det ei klar forbetring på i forhold til støtta til Ukraina og Moldova. Riksrevisjonen har evaluert både den sivile og militære delen av programmet, det har vore gjennomført og er planlagt uavhengige evalueringar.

Desse bør så langt mogeleg verte offentleg tilgjengelege, men viktigare er at dei vert systematisk nytta til endring i prosjekt og programinnretninga.

Ein kan med fordel bruke fleire ukrainske og moldoviske evaluatorar. Deira blikk trengst for å forstå kva som verkar og er mest nyttig, men er også ein investering i kapasitet begge landa treng framover.

Ukraina kan også verte bistandsavhengig

Det tredje var at Afghanistan enda opp som ein totalt bistandsavhengig stat med svak nasjonal forvaltningskapasitet. Dette kan også skje med Ukraina i ein forlenga krigssituasjon. OECD og Kommunanes Sentralforbund påpeikar at manglande kapasitet i statsapparatet og tap av stab er ei utfordring både i sentrale og lokale administrasjonar. Saman med meir sentralisert styre kan det på sikt skape utfordringar for demokratiutvikling.

Same om det vert stilt strengare krav, som den resultatbaserte budsjettstøtteordninga til den ukrainske staten, er det all grunn til å styrke direkte kontakt og oppfølging av oblat og lokale styresmakter. Det gjer at viktige tilbakemeldingar om støtta treffer der den trengst mest, kan sikre naudsynt lokal kapasitetsbygging og på sikt styrke lokaldemokratiet.  

Ein god start

Det siste punktet frå Afghanistan var mangel på open og kunnskapsbasert debatt i Noreg om mål, midlar, metodar og resultat, samt manglande læringskultur. Her er resultatrapporten ein veldig god start på openheit og inviterer til ein læringskultur,  inkludert om når og korleis støtta bør endrast.

Nansen-programmet kan også ta eit steg vidare ved å få rapporten lansert og diskutert i Ukraina og Moldova og ta dei med i læringsdiskusjonen.  

Powered by Labrador CMS