María Corina Machado vart kunngjort som vinnar av fredsprisen 2025 fredag. Her under eit folkemøte i Caracas, Venezuela, før presidentvalet i 2024.

Kommentar:

Ein fredspris Nobel ville ha likt

Årets fredspris er i tråd med Alfred Nobel sitt testament, og minner oss om at demokrati er ein føresetnad for meir varig fred.

Dette er ein kommentar. Meiningar i teksten er skribentens eigne.

Fredsprisen til venezuelanske María Corina Machado var uventa, men ho inngår i ein tradisjon av prisar til personar med lange fredsengasjement og vilje til å risikere eige liv. 

I ein prissamanheng er dette den første til ei kvinne frå Sør-Amerika. 

Overordna adresserer prisen mange av dei utfordringane vår konfliktfylt verd står overfor, men skapar også diskusjon om kva som er akseptable verkemiddel for å skape fred.

Meir konflikt og svekka folkerett

Verda har vore meir ufredeleg dei siste åra, det utfordrar i seg sjølv intensjonen til Nobels fredspris. 

PRIO dokumenterer at 2024 hadde det høgste talet på statsbaserte konfliktar sidan 1946, og var det fjerde mest valdelege året sidan avslutninga av den kalde krigen. 

Ukraina og Gaza er to døme på systematiske og vedvarande brot på nasjonal suverenitet og ikkje minst folkeretten. Det er heller ikkje tvil om at demokrati som styreform er på tilbakegang og at autokrati, styrt av eldre menn, vinn fram.

Å sikre fred er stadig viktigare, men har fått langt dårlegare kår.

Det multilaterale samarbeidet er nedprioritert og under angrep, FN spelar ein stadig mindre viktig rolle som fellesarena for dialog og konfliktløysing. Fredsavtalar som vektla brei inkludering og varig konfliktløysing, som til dømes prosessen i Colombia, er erstatta av kortsiktige avtalar som prioriterer opphøyr av militær aktivitet. Det gjev sivilsamfunn, kvinne- og rettsbaserte aktørar mindre handlingsrom og innflytelse.

Kort sagt: å sikre fred er stadig viktigare, men har fått langt dårlegare kår.

Testamentet og innretting

Ifølgje Alfred Nobel sitt 1896-testamente skulle fredsprisen gå til den «som har gjort mest eller best for å fremje brorskap mellom folk, minske eller avskaffe hærar og for å opprette og spreie fredskongressar». 

Sidan opprettinga er prisen delt ut 105 gonger til 139 mottakarar, av dei er 92 menn, 19 kvinner og 28 organisasjonar.

Tolking og vektlegging av testamentet er endra over tid, etter andre verdskrig kan prisen, ifølgje Nobelinstituttet, kategoriserast innan fire hovudområde: 1) våpenkontroll og nedrusting, 2) fredsmekling, 3) demokrati og menneskerettar og 4) arbeid for ei betre organisert og fredelegare verd. Seinare har arbeid mot miljøtruslar og menneskeskapte klimaendringar også kome til.

Vår tid

Kritikarar har meint at fleire prisar har vorte tildelte meir i håp om fred enn for konkrete resultat.

Ein grundigare kikk på prisvinnarane dei siste 25 åra syner også komiteen sine prioriteringar og endringar. To kjenneteikn er at fleire kvinner har fått prisen enn tidlegare, og at mange prisar er delt mellom fleire mottakarar.

Ser me på dei forskjellige kategoriane er våpenkontroll og nedrusting prioritert over tid, er fire prisar gitt for bidrag til avvikling og kontroll med atom- og kjemiske våpen, den siste i 2024. 

I den andre kategorien, fredsmekling, inngår seks prisar til tidlegare og sitjande presidentar og statsministrar. Den siste til Etiopia sin statsminister Abiy Ahmed i 2019. Denne og prisen til USA sin president Barack Obama i 2009 møtte sterk kritikk. 

Kritikarane meinte at prisane vart tildelte meir i håp om fred enn for konkrete resultat. Prisane til presidentane Kim Dae-jung, Jimmy Carter, Martti Ahtisaari og Juan Manuel Santos står fram meir i tråd med Nobel sitt testament. 

Dei fleste prisane, totalt elleve og i fleirtal etter 2011, har gått til personar og organisasjonar som arbeider for pluralistisk demokrati, menneskerettar, kvinnes rettar spesifikt, ytringsfridom og styrking av sivilsamfunnet sin rolle. Det inkluderer rett til utdanning, vern mot seksualisert vald, kvinners deltaking i fredsprosessar, pressefridom og sikring av økonomiske og sosiale rettar.

Ytringsfridomsprisane til kinesiske Liu Xiaobo i 2011 og iranske Narges Mohammadi i 2023 vart dårleg motteke hjå landa sine styresmakter, den første fekk politisk og økonomiske konsekvensar for Noreg.

I den siste kategorien inngår prisar til multilaterale institusjonar. Den første prisen i 2001 delte FN og FN sin generalsekretær, i 2007 var den delt mellom FN sitt klimapanel og tidlegare visepresident Al Gore, i 2020 gjekk den til Verdas matvareprogram, medan 2012 prisen var tildelt Den europeiske union.

Prisen sin aktualitet

Dei fire tematiske områda har vorte varetatt over siste 25 åra, men med ei auka vektlegging av demokrati, menneskelege rettar og ytringsfridom, og ofte med ein indirekte stats- og systemkritikk. 

Det låg ein tydleg kritikk bak prisane til Xiaobo i 2011 og Mohammadi i 2023. Begge var fengsla då dei fekk prisen. Men også 2020 og 2021 prisane innebar kritikk av Russland og Belarus sin innskrenking av presse og ytringsfridom. Slik sett har prisen fått ein tydelegare brodd dei siste åra, med større konsekvensar for dei som har fått prisen.

Prisane for våpenkontroll og nedrusting innebar ein implisitt kritikk av både USA og Russland, og deira manglande vilje til å etterfølgje internasjonale avtalar. Dette området kan få auka aktualitet framover når nedrustingsavtaler skal reforhandlast.

«Snill-gut-prisar», som dei til presidentane Abiy og Obama, har ikkje gitt forventa utteljing og var kanskje ei feilvurdering av Nobelprisen sin fredsskapande kraft. Det reknar eg med at komiteen har lært av.

Prisane til FN og EU har stått fram som ei regelmessig påminning av verdien av «ei betre organisert verd», og vore lite kontroversielt. Det er ikkje lenger sjølvsagt. Mange er kritiske til Sikkerheitsrådet si manglande handlekraft, der er ei erkjenning av trong for omfattande reform, men president Trump sine angrep og uttrekking av USA frå FN-organ og -prosessar rokkar ved det multilaterale systemet. Dermed vert organisasjonar som kan sikre ei betre verd meir aktuelle for Fredsprisen.

Fredsprisen 2025

Kjernen i årets fredspris er at forsvar av demokrati er ein føresetnad for varig fred, noko som også ligg innan FN sitt mandat. At det går til ei kvinne er ein viktig kontrast og kommentar til dagens mange mannsstyrte autokrati (og dei som går i den retning), og synleggjer også kor viktige kvinner og sivilsamfunn er i fredsskaping.

Når det gjeld Nobel sitt testament og fortolkinga varetek årets pris vektlegging av fred gjennom mekling, men primært at fred må sikrast gjennom ein demokratisk og deltakande styreform som varetek menneskelege rettar.

Prisen er dermed svært dagsaktuell, og ein viktig korreks til ei meir konfliktfylt og autoritært styrt verdssamfunn. Prisen prøver ikkje å svare på korleis alt dette skal varetakast, den rettar berre lyset mot dei som har våga å utfordre eit autoritært og undertrykkjande regime. Så får me håpe at fredsprisen også vernar ho.

Prisvinnar María Corina Machado er ikkje ukontroversiell. Ho har støtte sanksjonar mot Venezuela, og USA sine militære angrep mot båtar i internasjonalt farvatn og har også vore kritisk til norske fredsinitiativ. Dette er nyttige debattar å ta tak i, det er ikkje eit enkelt svar på korleis fred kan skapast.

Powered by Labrador CMS