Utsyn:
Krig med Iran?
Mykje av USA si tilnærming til Iran liknar oppløpet til angrepet i Venezuela. Prestestyre i Iran står under sterkare internasjonalt og lokalt press enn Venezuela, men har også langt sterkare militær makt.
Dette er ein kronikk. Meiningane i teksten er skribenten sine eigne.
Ei samanlikning av USA sine mål, strategiar og verkemiddel overfor Venezuela og den pågåande opptrappinga i Iran kan gje peikepinnar på kva iranarane og verdssamfunnet har i vente.
Men samtidig er det usikkert om president Trump og USA har same prioriteringar i Midtausten som i Latin-Amerika, og kva utslag det kan gje.
Venezuela-modellen
I Venezuela gjekk det frå uklare forhandlingar med president Nicolás Maduro, til militære aksjonar mot båtar anklaga for narkotikasmugling, flytting av USAs marinestyrkar mot Venezuela og truslar om mogeleg militært angrep.
Det enda med ei avgrensa militæroperasjon og kidnapping av Maduro og kona for å stille dei for retten i USA for «narkotikaterror».
Men det kom ingen regimeendring eller maktoverføring til opposisjonen, leia av Edmundo González og profilert av fredsprisvinnaren María Corina Machado, som USA under Biden si administrasjon anerkjente som vinnarar av presidentvalet i 2024.
I staden valde USA under president Trump å vidareføre det sitjande udemokratiske og undertrykkjande regimet med visepresident Delcy Rodríguez som ny president, og ein avtale som sikra USA tilgang og inntekter frå Venezuelas oljeindustri.
Benedicte Bull skriv i Panorama at USA totalt ignorerer demokrati og folkeretten og opprettar ei ny form for kolonialt styre. Argumenta deira var at Venezuela trong stabilitet, og at oljeinntektene ville komme begge land til gode. Demokrati – og fredsprisvinnaren Machado – vart sett på vent, eventuell endring kunne komme seinare.
Det som talar mot eit meir omfattande angrep, er at USA er meir militært sårbart for motangrep frå Iran.
Over til Iran
USA sin framgangsmåte mot Iran har så langt mange likskapstrekk: truslar om bruk av militærmakt og flytting av stadig større marinestyrkar mot Persiabukta. Men bakteppet er annleis: konflikten er meir opptrappa, regimeorganiseringa er ulik og USA sine militære styrkar er meir sårbare for iranske mottiltak.
Venezuela og Iran er også ulikt organisert. Sjølv om begge er autoritære regime, ligg den øvste politiske og åndelege makta i Iran hos ein Ayatollah utnemnd på livstid, og hans religiøse Vokterråd som òg har innverknad over Revolusjonsgarden. Under desse står ei folkevald (men på Vokterrådet sine premissar) regjering og eit parlament. Desse institusjonane står i stadig konflikt, men framstår meir samla i å forsvare Iran mot militær intervensjon.
Iran har i lang tid vore sanksjonert av FN, EU og USA med omsyn til atomprogrammet sitt. President Trump trappa opp sanksjonane då han i 2018 trekte USA ut av forhandlingane om ein samla aksjonsplan (Joint Comprehensive Plan of Action). EU har nyleg sett Revolusjonsgarden på ei terrorliste for maktbruk og drap av kanskje så mange som 20 000 sivile under landsdekkande demonstrasjonar mot regjeringa tidleg i 2026.
Sommaren 2025 gjennomførte USA og Israel militære angrep mot iranske atomanlegg og likviderte sentrale militære leiarar. Det har óg vore angrep mot ein Iran-støtta milits i regionen, Hamas i Gaza, Hezbollah i Libanon og Houtiane i Jemen, for å svekke deira innverknad.
Det som talar mot eit meir omfattande angrep, er at USA er meir militært sårbart for motangrep frå Iran.
USA har militære flybasar og 30–40 000 amerikanske troppar i regionen, mellom andre i Qatar, Dei sameinte arabiske emirata (UAE) og Bahrain. Israel, som Iran tidlegare har utsett for rakettangrep, er også sårbart.
Viktige USA-allierte som Saudi Arabia, Qatar, UAE og Tyrkia har sterkt frårådd eit militært angrep. I tillegg kan eit angrep ramme olje- og gassindustrien i heile regionen og auke risikoen for vidare regional konflikt og fragmentering. Store grupper som kurdarar (Iran, Irak, Syria og Tyrkia) og balutsjarar (Iran, Pakistan og Afghanistan) kan forsøke å oppnå måla sine om eigne statar.
Avtalen om kva?
Som i Venezuela, er det uklart kva USA ønskjer å forhandle om – om det inkluderer kontroll over iransk olje eller å hindre Iran i å selje olje til Russland og Kina.
Ifølgje New York Times stilte USA den 28. januar krav om tre hovudpunkt, kor kravet om å hindre overgrep mot demonstrantar vart tona ned:
- permanent opphør av anriking av uran, og avskaffing av alle lagra anrikingsmateriale
- avgrensing av rekkevidda til og talet på ballistiske rakettar
- slutt på all støtte til iranske «proxy‑grupper» i Midtausten, inkludert Hamas, Hezbollah og Houthiane
Alle desse punkta er vanskelege for regimet i Iran å imøtekome, då dei vil redusere evna til militær avskrekking og til å motstå ytre angrep. Samstundes har dei kanskje lagt merke til at president Trump i liten grad vektlegg krav om demokrati og vern av menneskerettar, og at USA tidlegare unnlét å gripe inn då demonstrasjonar vart brutalt slått ned.
Scenario
Gitt dei ulike forholda – og at måla til Trump og USA ikkje er heilt klare – er det vanskeleg å føreseie kva som kjem til å skje vidare, og kva vilje dei har til å bruke militærmakt eller samarbeide med Israel om slike operasjonar.
Ein annan faktor er i kva grad Trump held seg til USA sin nasjonal tryggingsstrategi frå november 2025 som vektlegg «America First» og prioriterer kontroll over den vestlege halvkula, og dermed Venezuela.
Strategien er langt mindre ambisiøs for Midtausten. Her er målet å hindre Kina i å dominere regionen og energiforsyningane, men å unngå «evige krigar» som påfører store kostnader. USA vil heller ikkje tvinge land til å endre tradisjonelle styresett, men «oppmuntre og applaudere reformer når dei oppstår organisk, utan å prøve å påtvinge dei utanfrå».
Fullt militært tilslag
Det er grunn til å tru at president Trump, mellom anna for å unngå kritikk frå sine MAGA‑tilhengjarar, vil unngå ein militær operasjon som kan gje store tap og vedvarande kostnader.
Argumentet for eit slikt tilslag må då vere at det kan få slutt på iransk innflytelse i regionen og hindre angrep mot Israel. Tryggingsstrategien peikar på at Iran allereie er svekka, og har mista noko av påverknaden i Syria: Hamas er redusert, og Houthiane og Hezbollah har meir avgrensa makt. Desse kan òg rammast med avgrensa rakett‑ eller flyangrep.
Det er vanskeleg å føreseie kva type styre som ville verta ståande etter eit fullskala angrep, eller kven som kunne ta over. Skulle USA forsøke å setje inn eit eige regime, eller eventuelt støtte son av den tidlegare shahen, kan det møte folkeleg motstand.
Ifølgje The New York Times sa USAs utanriksminister Rubio nyleg at det ikkje finst noko enkelt svar på kva som skjer om regimet fell – «det er heilt ope, og ingen veit kven som vil ta over».
Dette er òg ein faktor USA må ha med i vurderingane sine.
Avgrensa militæroperasjon
Ei meir avgrensa bruk av militærmakt, som i Venezuela, er derfor meir sannsynleg. Det vil òg – om det lukkast – demonstrere USAs evne og vilje til å nytte sitt militære potensial utanfor nærområda og sette grenser mot Kinas aukande innflytelse i regionen.
Eit slikt angrep kan rette seg mot atomprogrammet, kanskje med styrkar på bakken for å sikra fullstendig øydelegging – sentrale militære leiarar, rakettanlegg og marinen om dei utgjer ei trussel mot USAs flåte, kombinert med angrep mot «proxy‑gruppene».
Om Irans religiøse og militære maktapparat vert tilstrekkeleg svekt, kan målet vera ei organisk intern maktovertaking. Så sterkt som Revolusjonsgarden står, er ikkje dette ein sjølvfølge; for stabiliteten i Iran og regionen krevst det at delar av statsapparatet inngår samarbeid med USA.
Dermed er dette ein høgrisikosak både for USA og nabolanda.
Forhandla løysing
Det siste av dei meir føreseielege alternativa er ei forhandla avtale mellom USA og delar av det iranske maktapparatet. Begge partar viser til pågåande samtalar og ei mogeleg ramme for forhandlingar. Den 6. februar møttest partane i Oman, utanom å setje ut sine forskjellige posisjonar kom dei ifølgje media ikkje vidare i forhandlingane. Når USA no sender ytterlegare eit hangarskip mot Iran aukar dei det militære presset.
Når det gjeld anriking av uran er forhandlingane om Iran sitt atomprogram – som Trump trekte USA ut av – attende på dagsorden. Slik kan USA setje eigne premissar i direkte forhandlingar med Iran. Forhandlingsrommet for missilprogrammet og støtte til regionale grupper er meir usikkert; mykje heng på kva ein iransk leiing kan akseptera utan å «miste ansikt og makt». Lovnader om sanksjonsfritak for iransk oljeeksport, som i Venezuela, kombinert med ein kontrollmekanisme som hindrar sal til Kina og Russland, kan betre Irans økonomi – eit mogleg smøremiddel for ein avtale.
Trusselen kan likevel vera den same: følg våre krav, eller så nyttar me endå meir makt.
Dette vil, som i Venezuela‑tilfellet, nedprioritere krav om demokrati og vern av menneskerettar for å oppnå ein grad av midlertidig stabilitet og å verne amerikanske handelsinteresser. Det er vanskeleg å akseptere for europeiske land og den iranske diasporaen, men ikkje nødvendigvis for USAs regionale partnarar.